
Å skape eit betre førsteinntrykk
Olaf Moriarty Solstrand, 29.10.2007, 17:34
Ein diskusjon har vore ganske aktiv på Nettserier dei siste månadane: Korvidt dei som legg ut hastverksarbeid slengt saman på to minutt i Paint øydelegg moglegheita til å finne dei GODE seriane. Eg har grubla ei stund på om det eigentleg eksisterer ei løysing på dette problemet. Heile poenget med Nettserier er jo at dette skal vera opent for alle, og då kan ein ikkje utestenge dei dårlege seriane heller (og sjølv dersom ein kunne det; kven skulle i så fall bestemme kvar grensa til kva som er for dårleg er?).
No har eg fundert litt på nokre tanker som eg på ingen måte har moglegheit til å få lagt ut med det første, men som eg like fullt kunne tenkja meg å diskutere med folk, fordi eg lurer på om dette er noko de kunne ha interesse av.
Eg kunne tenkja meg at kvar einaste stripe eller serieside som blir lagt ut på Nettserier har eit sett med variablar; eit skjema der diverse informasjon om stripa er oppgitt. Ingenting som har med personlege meiningar å gjera, berre handfaste fakta som: Er dette ei stripe laga utelukkande på datamaskin? Er stripa fargelagt? Har denne stripa stått på trykk? Er språket brukt i stripa norsk? Engelsk? Eit anna språk? Dette er informasjon som serieskaparen kan oppgi dersom han eller ho ønskjer det, men for å hindre at folk bløffer på dette og òg for å hindre at folk ikkje gidder å stille desse variablane til riktige verdiar, kan det i tillegg ha ein wikifunksjon slik at alle som ønskjer det kan redigere på desse faktorane.
Ved å ha slike variablar liggjande inne, blir det plutseleg enklare å luke ut dei ein ikkje er interessert i når ein ser på oversikta over dagens seriar: Klikk her for å luke ut alle Paint-seriane! Klikk her for å luke vekk alle seriane utan farge! Klikk her for å luke vekk alle dei seriane eg ikkje har liggjande i favorittar! Å bedrive slik luking vil sjølvsagt alltid vera risky fordi ein risikerer å gå glipp av noko bra, men det kan gjera det enklare å ikkje drukne i søppel.
Ved å leggja inn slike variablar vil ein òg kunne ha fleire felt som kan ha sin nytteverdi, til dømes ein transkripsjon av stripa slik at den blir søkbar.
Manges førsteinntrykk av Nettserier er likevel forsida. Den må få ei stor visuell oppfrisking ein dag i framtida, og nøyaktig korleis det skal skje, er eg framleis usikker på. Men, nokre tankar:
- For augeblikket er det heilt tilfeldig hvilken av dagens striper som får gratis reklame på forsida. Då er den plassen ofte dominert av dårlege seriar. Samtidig har det lenge vore etterlyst ein ny stemmegivingsfunksjon som gjer at ein kan gi kvar serie karakterar. Om ein ser desse to tankane i samanheng; kva om det hadde vore ein funksjon med i betraktninga som gjorde det sånn at jo meir populær ein serie er, jo større er sjansen for at den får dominere forsida?
- Mogleg at dette forslaget kjem frå ein kommentar i ein annan bloggpost, i såfall beklager eg at eg ikkje hugsar kven forslaget kom frå, men: Kva om ein til eikvar tid hadde hatt ei liste på forsida over fem eller ti utvalgte Nettserier-seriar, utvalgt av ein frivillig Nettserier-brukar? Ei slik liste måtte sjølvsagt byttast ut med jamne mellomrom, men ... Det hadde blitt litt som på YouTube, altså. At ein ikkje berre hadde dei vanlege topplistene, men òg konkrete anbefalingar frå eitt enkelt menneske av kjøtt og blod.
Sannsynlegvis er det meir ein kan gjera òg, og eg er veldig open for forslag eller i det minste nokre meiningar om kva de eigentleg synest om dette merkelege tankespelet. Hugs; sjølv om eg på papiret er webmaster, er det de som lager seriar som er grunnmuren for heile denne sidas eksistens.
Kommenter denne artikkelen
Du må vera innlogga på Nettserier.no for å kunne skrive kommentarar. Dersom du ikkje er registrert brukar her, er det heilt gratis å registrere seg.
Logg inn
Kommentarar til denne artikkelen (20)
Jeg har en super idè, jeg kan sitte som en slags sjef og bestemme hva som skal være med og ikke. Jaaa!
Men jeg synes absolutt at forslagene er gode spesielt likte jeg det anbefaling greia :) men bare pass på at de som anbefaler ikke er alltid de som lager de mest populære seriene.
Håkon.H, 29.10.2007, 17:54
Manges førsteinntrykk av Nettserier er likevel forsida. Den må få ei stor visuell oppfrisking ein dag i framtida, og nøyaktig korleis det skal skje, er eg framleis usikker på.
Betyr det at noe vil skje med fargeskjemaet? Det duger, men jeg er ikke spesielt fan, for å si det sånn.
Samtidig har det lenge vore etterlyst ein ny stemmegivingsfunksjon som gjer at ein kan gi kvar serie karakterar. Om ein ser desse to tankane i samanheng; kva om det hadde vore ein funksjon med i betraktninga som gjorde det sånn at jo meir populær ein serie er, jo større er sjansen for at den får dominere forsida?
Det er jo allerede en måte å gi en serie "karakter", nemlig om du legger den inn som favoritt eller ei. Denne måten er ganske unyansert, siden den er binær (enten er en serie favoritt, eller ikke), og dessuten er det vanskelig for nyere serier å ta igjen de gamle som ligger på topp. Det kan tenkes at noen er innom, slenger opp noen favoritter, er her en stund, og så forsvinner. Slik vil eldre serier kanskje akkumulere noen tilhengere på en måte det blir vanskelig for nyere serier å ta igjen, så kanskje det ikke er den beste måten å måle popularitet på.
Kva om ein til eikvar tid hadde hatt ei liste på forsida over fem eller ti utvalgte Nettserier-seriar, utvalgt av ein frivillig Nettserier-brukar? Ei slik liste måtte sjølvsagt byttast ut med jamne mellomrom, men ... Det hadde blitt litt som på YouTube, altså. At ein ikkje berre hadde dei vanlege topplistene, men òg konkrete anbefalingar frå eitt enkelt menneske av kjøtt og blod.
Såfremt man ikke kan anbefale egenproduserte serier (av åpenbare grunner) høres det ut som en knall idé.
Simen, 29.10.2007, 17:58
jeg synes absolutt ikke at det er det samme å sette karakter på en serie og legge en serie i favoritter. Ved å sette karakter på noen så markerer du at de er dårlige eller gode, ved å favoritisere noe så markerer du at du liker noe ekstra godt og ikke det motsatte.
Når det gjelder at nye sliter med å komme opp på listene så kan det stemme, men jeg velger å tro at hvis noen har en bra serie så når den toppen rett og slett fordi den er god.
Håkon.H, 29.10.2007, 18:09
Når det gjeld favorittlista: I utgangspunktet liker eg denne binærverdien, at anten er ein serie kjempebra elles er den det ikkje, men det ER vanskeleg å nå høgt når det er antall stemmer som teller og ein må konkurrere med seriar som har vore ute i halvanna år. Enkelte har klart det, Blargh og Umbraco er gode døme på det, men det har tatt svært lang tid for dei. Og skal ein slik karakter spele inn på kor stor sjanse ein serie har til å bli vist på forsida, bør ein ha eit karaktersystem der dei som har hatt seriene sine ute i halvanna år og dei som har hatt seriene sine ute i eit par dagar stiller på lik linje.
Olaf, 29.10.2007, 18:15
En paralell jeg tror jeg har dratt tidligere er mellom nettserier og musikksider som nrk/urørt og halvnavnebroren uhort.no. Selv om mediene er forskjellig, er det mange likheter mellom sidene når det kommer til å legge ut egne ting, få kommentarer, legge folk til favoritter osv. Uhørt-sida opererer med et skjema a la det du foreslår, der man krysser at om det er studieproduksjon/drittlyd/hjemmestudio/liveopptak, og det gir jo publikum en god pekepinn på hva de kan vente seg av sangen. Et fint system, men jeg vet med meg selv at jeg kanskje ikke ville tatt meg bryet med å fylle ut et slikt skjema for hver side jeg legger ut (her kommer wiki-forslaget til sin rett). Uansett så begynner det å bli et enormt reservoar av striper/sider her, og et kategoriseringssystem vil ikke bli mindre nødvendig med tiden.
Et forslag jeg har, er også tatt fra en annen side, nemlig fotosiden flickr. Der kan man gi såkalte "testimonials" til de ulike brukerne, og dette blir stående på profilsiden deres. Kanskje det er noe som kunne blitt mulig med de ulike seriene? En slags "Om serien," bare av andre brukere.
En annen, kanskje mer ærlig måte å dømme en series popularitet på er jo rett og slett antall treff. Et smart regnestykke a la [antall treff/antall sider lagt ut (*antall tilhengere opphøyd i gjennomsnittlig antall kommentarer delt på pi] viser hvor "hot" en serie er og kan kanskje være et av kriteriene for å komme på forsiden. Men - i bunn og grunn synes jeg at enhver serie bør få lik mulighet til å være "forsidens utvalgte."
HerrBarium, 29.10.2007, 19:43
Mykje bra de kjem med, folkens. Pøs på, pøs på! Det store spørsmålet er sjølvsagt kor mykje ein skal la gå på bekostning av serieskaparens sjølvvalgte stil. Eit vurderingsskjema av kvar stripe må få ei slik posisjonering at det ikkje skjærer fullstendig med designet og tar opp alt for mykje plass. Planen er at med tida skal ein få fleire stilar å velja mellom (dei som ønskjer det bør få moglegheit til å fjerne kommentarlista, eller kanskje leggja arkivet på seriens forside, eller la sin blogg dominere seriens heimeside, lengre historier av typen Ridderne av Dor eller Justin Case burde sannsynlegvis få moglegheit for ei slags forside sånn at folk som klikker seg inn dit ikkje kjem rett til siste side med mindre dei ønskjer det, eller ...), og eit slikt skjema vil kanskje kollidere med den tanken. Med mindre eg gjer det slik at vurderingsskjemaet berre er synleg for dei som har aktivert dette manuelt i profilen sin, noko som kanskje er det smartaste å gjera i det tilfellet.
Ei anbefalingsliste (der det sjølvsagt er viktig at ein ikkje berre får med seriar, men òg begrunnelser) ser eg for meg at må lagast av frivillige, og då ser eg for meg at eg rett og slett lar dei som melder seg frivillige lage denne etter tur. Og sjølvsagt kan ein ikkje anbefale eigenproduserte seriar.
Testimonials er ein god idé. Den skal definitivt vurderast.
Olaf, 29.10.2007, 20:07
Ei anbefalingsliste (der det sjølvsagt er viktig at ein ikkje berre får med seriar, men òg begrunnelser) ser eg for meg at må lagast av frivillige, og då ser eg for meg at eg rett og slett lar dei som melder seg frivillige lage denne etter tur. Og sjølvsagt kan ein ikkje anbefale eigenproduserte seriar.
Da foreslår jeg en fast plass et eller annet sted på forsiden, hvor én serie fra dagens (eller timens, eller ukens, alt ettersom hvor mange lister du har) liste blir valgt tilfeldig for hver gang. Så kan det bli slik:
Bruker X anbefaler serie Y, fordi ...
Og trykker du refresh dukker Bruker X anbefaler serie Z, fordi ... opp.
Slik går det an å skrive en ordentlig begrunnelse uten å begrense seg til en halv setning, og uten at det tar opp all plassen på forsiden.
Simen, 29.10.2007, 20:34
For at ein ikkje skal gå tom for listeskrivarar alt for fort, trur eg at eit absolutt maksimum er ei liste i veka.
Olaf, 29.10.2007, 20:36
Noko eg trur er blitt foreslått før er ein funksjon der ein kan gi karakterar til ei enkelt stripe eller side, noko i same duren som Drunk Duck har. I tilleg til direktekarakter som tilabkemelding på kvar side, kunne vel dette brukast til å bestemme kva sider som kjem opp oftast på forsida, og eit gjennomsnitt kunne brukast til å lage enno ein type favorittliste.
Obdormio, 29.10.2007, 22:44
Tjaaa. Problemet er vel at om du klikker vekk "Ikke vis digitale serier" (Eller paintserier) så vil det også ta vekk de gode paintseriene / Digitale seriene. Det finnes allerede Tony som kongen blandt paintserier. Men det kommer vel ikke mindre med tiden (som er brukbar).
En annen ting som kunne ha funka er at du sier hvor lang tid du brukte på siden, slik at hastearbeid blir filtrert ut lettere, men det er fremdeles mulig å jukse på sånt >_<,
Odd-Ragnar, 30.10.2007, 18:15
Hei,
Eg trur også nettserier treng ein ny profil. Utsjånaden på sida må vere meir grafisk solid. Eg har ikkje lagt ut seriar her, men eg meinar likevel at ein må kunne premiere gode visuelle utrykk med ein form for presentasjon på forsida. Slik som dei gjer på www.conceptart.com.
Ikkje for å skape forskjel, men for at ein som teiknar har noko å jobbe mot, at ein vil imponere visuellt. Slik at ein fokuserar på å utvikle teikneferdihetene og evt havne i denne posten på forsida.
Dette betyr ikkje at eg berre meinar at flinkisane skal vere på forsida, men at det kunne vert eit tilleg. Og så har ein jo momentet med at det visuelle ikkje er alt i teikneseriar. Så dette er ein vanskelig debatt.
veslefrik, 31.10.2007, 14:15
I tegneserier er det ikke bare tegningene som teller, det er helheten. Noen ganger er simple tegninger best, andre ganger er det bedre med detaljer. I motsetning til conceptart så er dette en side for tegneserier, og da blir kriteriene annerledes enn for konseptillustrasjoner.
Simen, 31.10.2007, 15:10
Einig, men siple teikningar kan vere grafisk veldig bra.
veslefrik, 31.10.2007, 16:02
veslefrik, 31.10.2007, 17:53
"www.conceptart.org"
Skriv visst berre feil i dag.
veslefrik, 31.10.2007, 18:10
Joda, men mitt poeng er at det finnes gode tegneserier som ikke er gode grafiske i det hele tatt. Et eksempel er Dinosaur Comics: hele serien består av noen ruter clipart som aldri forandrer seg. Likevel er en god del av stripene bra (dårlig eksempel, kanskje, for jeg er ikke spesielt begeistret for den som er på forsiden nå).
Simen, 31.10.2007, 19:46
Det har tidligere vært tatt sterkt til orde for en funksjonsmulighet for å fjerne uønskete kommentarer fra sin egen serie. En slik funksjon ville gjort Mujltza i stand til å slette mine kommentarer til hans stripe i dag. Tenk over det, Olaf.
Frk. Blips, 01.11.2007, 13:16
Etter mykje grubling har eg kome fram til at wikimodereringsfunksjonen kjem til å ha minst ein avkrysningsboks til, som heiter «ikkje eigna for mindreårige». Det skal altså vera mogleg for kven som helst å hake av for at ein serie er i overkant grov, og dersom det skjer vil serien ikkje få profilering på forsida, og heller ikkje per default visast på lista over dagens seriar (noko brukaren sjølvsagt vil kunne endre på).
Olaf, 03.11.2007, 18:51
Og med «ikkje profilering på forsida» meiner eg sjølvsagt at stripa ikkje vil visast på forsida ... den vil stå på lista over dagens seriar likevel, såklart.
Olaf, 03.11.2007, 18:52
Man kunne kanskje laget en "merk denne serien som useriøs" knapp eller noe....så hvis mange nok trykket der, ville serien kommet opp til vurdering...også kunne vi hatt en egen "useriøse serier" side der alle de useriøse seriene kunne ligge, men med mulighet til å komme til å komme tilbake hvis man skjerper seg (og viser det).
På en useriøs serie kunne man hatt en knapp: "denne serien har skjerpet seg, og fortjener litt mer oppmersomhet" :P
rawmarius, 03.11.2007, 21:11
| Mars 2010 | ![]() |
| Februar 2010 | ![]() |
| Januar 2010 | ![]() |
| Desember 2009 | ![]() |
| November 2009 | ![]() |
| Oktober 2009 | ![]() |
| September 2009 | ![]() |
| August 2009 | ![]() |
- Photoshop
- Levering av bidrag til Dagblad-konkurransen
- Teikneserieinnspill i Oslo og Bergen
- Førstetiger
- Masteroppgåve om digitale teikneseriar
- Nedetid
| Juli 2009 | ![]() |
| Juni 2009 | ![]() |
| Mai 2009 | ![]() |
| April 2009 | ![]() |
| Mars 2009 | ![]() |
| Februar 2009 | ![]() |
- Serieuniverset
- Nettserier.no-T-skjorte selgast til inntekt for Røde Kors
- Spørjeundersøking om digitale teikneseriar
- Oppdateringspause
| Januar 2009 | ![]() |
| Desember 2008 | ![]() |
- Nettserier-året 2008
- Nisse til salgs
- Populærkultur
- Statistikk
- Nokre små forandringar ...
- Pacham og andre ting eg lager
| November 2008 | ![]() |
| Oktober 2008 | ![]() |
| September 2008 | ![]() |
- Dor, Graff, alvar og Veum
- Selfpublishing og salgbarhet
- Eirik på NRK2 i dag, kult.
- Rah! RAH! ...pppphtus?
- Arkivfoto! GRAFF!
- Nettserier.no på Raptus 2008
| August 2008 | ![]() |
| Juni 2008 | ![]() |
| Mai 2008 | ![]() |
- Logokonkurranse, Universitetet i Tromsø
- Nettserier på NRK2
- Sumartilbod på T-skjorter
- Vinnarar av konkurransen
| April 2008 | ![]() |
| Mars 2008 | ![]() |
| Februar 2008 | ![]() |
| Januar 2008 | ![]() |
- Vinnerne av juleheftekonkurransen!
- Arild på nye eventyr-anmeldelse på Serienett.
- FLEIP 7 anmeldt i Bergens Tidende.
- M 2
- Kulturstøttesøknad, anmeldelser og andre høyfjellshistorier
| Desember 2007 | ![]() |
| November 2007 | ![]() |
| Oktober 2007 | ![]() |
- Å skape eit betre førsteinntrykk
- Nytt frå nettbutikken
- Vigmostad & Bjørke
- Snart deadline på julealbum...
- Fire oppslag på én uke
- Fleip 6 og Arild på nye eventyr
- Strong Bad om webcomics
- Nettserier.no-programposten fra Raptus
- Dramatisk uttalelse om Tommens Inferno
| September 2007 | ![]() |
| August 2007 | ![]() |
| Juli 2007 | ![]() |
| Juni 2007 | ![]() |
| Mai 2007 | ![]() |
- SUPERTILBUD: Serierabatt ved kjøp av T-skjorte
- Fleip 3/4 og T-skjortene
- Vossastreken
- Omar Reppen-Gjelseth
| April 2007 | ![]() |
- Tegneseriens dag i Tromsø
- Adapsjon av teikneseriar
- Arild i nettbutikken
- Femti tusen
- Nettbutikknytt: Wildside + Arild
- Små designendringar
- Ferden, Blodige grøss, FLEIP 2
| Mars 2007 | ![]() |
- Arild og Laksevåg forlag slår til igjen!
- 300
- Ny toppliste
- Kjem snart i nettbutikken
- Komande «merkedagar»
| Februar 2007 | ![]() |
- Sproioioioioing 07
- Vinner av teiknekonkurransen
- Siste nytt frå Serienett
- MS Paint
- Noregs beste teikneserienettside
- Ny funksjon for samarbeidsseriar
| Januar 2007 | ![]() |
- Obs! Obs! Tre dagar igjen!
- «Jeg skal bygge meg en tidsmaskin...»
- Nettbutikk
- Litt umotivert
- Teiknekonkurranse
| Desember 2006 | ![]() |
- Nye funksjonar 25.12.06
- The Rime of the Ancient Cartoonist (julekort 2006)
- Interessert i T-skjorter?
- Fleip
- Edelt er mennesket
- Anbefalt serie
- Inspirasjon og informasjon.
| November 2006 | ![]() |
- Cheshire Crossing
- Sheldon flytter
- «Det er jo snart jul»: Ei ønskjeliste
- Lyst til å prate litt om teikneseriar?
| Oktober 2006 | ![]() |
- NM i Donald
- Borte ...
- Julekalender x2
- M
- Oppdateringar 22.10.06
- Skisseblo(kk/gg)
- Boxershorts med Hulken-motiv
- Tankar frå ein tufs som er tilbake
- Komande gjestestriper ++
- 24 hour comics day 2006
- Seriesortering på Nettserier.no
| September 2006 | ![]() |
- Milepæl etter milepæl
- Ukas tips
- Moglegheiter for ein digital teikneserie
- Perspektiv
- Arbeidsro
- Pac-Man-pause
- Min beste idé på veldig lenge. Mener jeg selv.
- Arildpause!
- Ukas tips: Sigbjørn Lilleeng
- Sjukefravær
- Raptus 2006
- Ukas tips: Scott McCloud
- Plystrende lopper og svirrende fluer
- Gjesteartistar søkast
| August 2006 | ![]() |
- Foredrag om tegneserier
- Player vs. Player
- Arild - Behind the obscenes
- Ei Pac-Man-stripe blir til
- Profetar, vampyrar og Emmett Brown
- Atter en blogg
- Ærlig talt.
- Kort pause
- Bug i favorittane
- Nedetid 16.-17. august
- (Pluss at det er akkurat sånt ein bør blogge om, såklart!)
- Pondus bytter forlag?
- Raptusprogrammet
- Noahs Ark
- Kategoriinndeling
- Øhøm:
- Teiknekonkurranse
- Foreløpig nedtrapping
- Tommens Inferno-bloggen
| Juli 2006 | ![]() |
Vi på Nettserier.no er © Eirik Andreas Vik og Olaf Moriarty Solstrand 2010. Publiseringsløysinga er utvikla og vedlikehaldt av Nettserier.no.

