Vi på Nettserier.no av Eirik Andreas Vik og Olaf Moriarty Solstrand

RSS
Nettserier.no | Dagens seriar | Blogg | Søk
Mi side / Logg inn | Ny brukar? | Hjelp

For Kandajha

Olaf Moriarty Solstrand, 20.10.2008, 16:32

18.-19. oktober laga eg ein 24-timersteikneserie som etterkvart fekk tittelen «For Kandajha». Til tross for at eg teiknar dårlegare enn ein mandrill på speed (og spesielt når eg stresser med å kunne teikna ferdig 24 sider på 24 timer), kjem eg til å leggja ut heile serien på Nettserier.

Første side kjem på fredag (24. oktober), og eg legger ut ei side dagleg, noko som vil bety at eg kjem til å leggja ut siste side sundag 16. november. Eg tar forbehold om at eg klarer å få skannerdrivarane mine til å virke i Vista før den tid -- det er ein grunn til at eg ikkje har lagt ut serien allereie i dag, for å seie det sånn.

Serien ligger her.

Heile serien er laga mellom klokka 12.00 laurdag 18. oktober 2008 og klokka 07.30 (ja, eg blei ferdig fire og ei halv time før tida, utruleg nok). Med «heile serien» meiner eg at absolutt ingenting -- manus, skisser, idéar, ikkje eingong tittelen -- eksisterte før laurdag klokka tolv. (Tittelen blei morosamt nok *endra* etter tolv sider.) Det betyr òg at eg av prinsipp ikkje gjer etterarbeid av typen fargelegging og digital teksting på denne serien. Så lenge eg ikkje klarte å gjera det i løpet av tjuefiretimersperioden, gjer eg det ikkje i det heile tatt.

Storymessig er det meste her improvisert. Allereie i løpet av dei første åtte-ti sidene visste eg nøyaktig korleis eg ville at siste side skulle sjå ut, men det er eit unntak. Det meste hadde eg veldig lita aning om korleis skulle utfolde seg før eg faktisk skreiv det. Andre ting planla eg i detalj for så å finne ut at eg ville gjera det stikk motsatte når eg skulle byrja å teikna det. På tross av dette er eg eigentleg overraskande fornøgd med storyen som forteljast og måten den er oppbygd på.

Så ta serien som det den er: Eit eksperiment. Hadde det vore målet mitt å lage ein jysla bra teikneserie, hadde eg sannsynlegvis både fargelagt serien, teksta den digitalt, laga eit synopsis før eg byrja å teikna og definitivt satt av betre tid til teikningane. Men det var ikkje målet her. Målet her var å finne ut om eg kunne klare å lage ein teikneserie på tjuefire timer.

Og med tanke på at eg i utgangspunktet ikkje er spesielt god til å teikna, er eg fornøgd med resultatet.

Om du ikkje aner kva ein 24-timersteikneserie er, les her.

Kommenter denne artikkelen

Du må vera innlogga på Nettserier.no for å kunne skrive kommentarar. Dersom du ikkje er registrert brukar her, er det heilt gratis å registrere seg.

Logg inn



Registrer ny brukar

Kommentarar til denne artikkelen (15)

Spennende.

VivalaOpium, 20.10.2008, 16:58


Bare det å ha gjennomført et sånt prosjekt er beundringsverdig i mine øyne.

Frk. Blips, 20.10.2008, 21:47


Gleder meg!

Lysgaard, 20.10.2008, 22:41


... og så var det dette med å finne igjen installasjons-CD-en til skanneren, då.

Beklager, ser ut som eg må setja denne serien på hold på ubestemt tid. Utan skanner er det ikkje mykje eg kan gjera.

Olaf, 24.10.2008, 08:29


Nånei, Olaf - så lett slipper du ikke unna. Oppgi merke og modellnummer, så skal jeg spore opp driver til deg

Romar, 24.10.2008, 08:52


Pøh. Eg klarte å finne ein fin driver på nettsidene til Lexmark, men så installerte eg den, og absolutt ingenting skjedde. Det var som om driveren ikkje fungerte i det heile tatt.

Det er ein Lexmark X1190, men eg tviler på at du finner noko anna enn den eg allereie har lasta ned og forsøkt å installere.

Olaf, 24.10.2008, 09:32


Neeei - en multifunksjonsmaskin? It's an abomination!

Har du testa [url=http://downloads.lexmark.com/cgi-perl/downloads.cgi?ccs=164:8:0:497:0:0&emeaframe=&target=http://downloads.lexmark.com/cgi-perl/downloads.cgi&target=http://downloads.lexmark.com/cgi-perl/downloads.cgi&&req=:::-1::]denne?[/url]

Romar, 24.10.2008, 09:44


[url=http://downloads.lexmark.com/cgi-perl/downloads.cgi?ccs=164:8:0:497:0:0&emeaframe=&target=http://downloads.lexmark.com/cgi-perl/downloads.cgi&target=http://downloads.lexmark.com/cgi-perl/downloads.cgi&&req=:::-1::]Denne, mente jeg[/url]

Romar, 24.10.2008, 09:44


Hva ER det NÅ da?

[url=http://downloads.lexmark.com/cgi-perl/downloads.cgi?ccs=164:8:0:497:0:0&searchLang=no&os_group=WinXP&target=NÅ DA![/url]

Romar, 24.10.2008, 09:46


NÅÅÅ!

Romar, 24.10.2008, 09:46


Nei, den har eg ikkje testa, men eg har testa eksakt same driver for Windows Vista ... og den fungerte ikkje.

Olaf, 24.10.2008, 11:07


Vista OG multifunksjonsmaskin? Yikes.

Ingenting skjer, sier du? Men installasjonen gikk tilsynelatende greit? Har du forsøkt å nappe ut printeren og sette den i igjen for å se om maskina registerer den på nytt? Evt. restarte hele sulamitten? Eventuelt forsøke å koble driver og printer manuelt via "Legg til ny maskinvare"? Captain Obvious to the rescue! Tamtataaa!

Beklager overiveren. Gledet meg nemlig veldig til å lese.

Romar, 24.10.2008, 11:25


Whaddyaknow... Eg prøvde å installere nøyaktig same driver ein gong til, og no virka det som ein sjarm.

Første side er ute om nokre få minutter, isåfall.

Olaf, 24.10.2008, 11:43


Ta-da! Sånn, takket være alles helt Romar som pusha meg i riktig retning er første side ute berre tolv timer forsinka. Skannkvaliteten er luguber, men eg trur det har litt å gjera med at eg ikkje har installert Gimp enno og difor krymper filene i Lexmark Bilderedigering. Skal prøve å få tatt resten i Gimp, bør sjå betre ut då.

Olaf, 24.10.2008, 12:00


Glory!

Romar, 24.10.2008, 12:10


Mars 2010
Februar 2010
Januar 2010
Desember 2009
November 2009
Oktober 2009
September 2009
August 2009
Juli 2009
Juni 2009
Mai 2009
April 2009
Mars 2009
Februar 2009
Januar 2009
Desember 2008
November 2008
Oktober 2008
September 2008
August 2008
Juni 2008
Mai 2008
April 2008
Mars 2008
Februar 2008
Januar 2008
Desember 2007
November 2007
Oktober 2007
September 2007
August 2007
Juli 2007
Juni 2007
Mai 2007
April 2007
Mars 2007
Februar 2007
Januar 2007
Desember 2006
November 2006
Oktober 2006
September 2006
August 2006
Juli 2006

Vi på Nettserier.no er © Eirik Andreas Vik og Olaf Moriarty Solstrand 2010. Publiseringsløysinga er utvikla og vedlikehaldt av Nettserier.no.