Vi på Nettserier.no av Eirik Andreas Vik og Olaf Moriarty Solstrand

RSS
Nettserier.no | Dagens seriar | Blogg | Søk
Mi side / Logg inn | Ny brukar? | Hjelp

Dr. Horrible's Sing-Along Blog

Olaf Moriarty Solstrand, 28.06.2008, 23:20

Dette har på mange måtar absolutt ingenting med teikneseriar å gjera, men ettersom ein av mine favoritteikneserieskaparar står bak prosjektet, og eg innbiller meg at han har mange fans her inne, og eg uansett synest at heile greia er utruleg stilig, skriver eg dette likevel.

Joss Whedon (Buffy, Angel, Firefly, Serenity) har, saman med ein del andre folk, laga ein ny miniserie: Dr. Horrible's Sing-Along Blog. Men denne serien skal ikkje visast på TV ... Den skal visast på Internett.

I rollene finner vi svære namn som Neil Patrick Harris (Barney i How I Met Your Mother) og Nathan Fillion (Mal i Firefly), og serien (som er i musikalform) handler om ein noko mislykka superskurk, helten som stadig banker han opp, og den søte jenta på automatvaskeriet han er for blyg til å snakke til. Eg GLEDER meg.

Første episode blir lagt ut for streaming tysdag 15. juli, andre episode torsdag 17. juli, og tredje episode laurdag 19. juli, og alle desse er heilt gratis. Men 20. juli forsvinner serien frå nettet igjen, så kryss av veke 29 i kalenderen! Etter dette går det rykter om at serien vil bli tilgjengeleg for kjøp, både som nedlasting mot pengar og etterkvart òg på DVD.

Det ligg allereie ein teaser ute på www.drhorrible.com, og eg anbefaler alle å ta ein titt. Det er òg der serien kjem til å liggja ute for nedlasting, etter det eg har skjønt.

Meir informasjon frå Whedon sjølv her, offisiell fanside her, Facebook-side her, IMDB-oppføring her.

(Og mange takk til Ørjan (den geniale Lokes Eskapadar-mannen) som gjorde meg merksam på dette.)

Kommenter denne artikkelen

Du må vera innlogga på Nettserier.no for å kunne skrive kommentarar. Dersom du ikkje er registrert brukar her, er det heilt gratis å registrere seg.

Logg inn



Registrer ny brukar

Kommentarar til denne artikkelen (17)

Kanskje jeg liker serien, med tanke på at jeg digger Buffy og Angel.

Adoken, 29.06.2008, 11:24


Så teaseren nå, virket veldig kult ja.

Adoken, 29.06.2008, 11:26


Takk for tips, lovende teaser.

Frk. Blips, 29.06.2008, 12:03


Har Dr Doogie endelig ond? Huff. :(

Kim Holm, 29.06.2008, 13:36


Doktor Doogie? He-he.. Joda, denne kan man ikke gå glipp av. Har uansett stor sans for Whedon.

Are, 29.06.2008, 13:38


Det ser kult ut!
...ser at det også er litt reklame for det på forsida, er det tilfeldig?

rawmarius, 30.06.2008, 02:31


På Nettserier er ingenting tilfeldig.

Olaf, 30.06.2008, 13:15


Dette må vere fyrste gong eg er blitt kalla "genial". :O Rødmer heilt vekk, her!

"På Nettserier er ingenting tilfeldig."

Dude, frysningar.

Loki, 30.06.2008, 18:47


Har alle fått sett første akt no? Seriøst, dette er utruleg fantastisk.

Olaf, 16.07.2008, 14:56


Jeg så den i går, og den var veldig sjarmerende.

Eirik, 16.07.2008, 15:36


Herregud, eg kjem til aa synge om Bad Horse (he's Bad!) i maanadsvis.

Loki, 16.07.2008, 15:37


Dr. Horrible spilles fabelaktig godt med tiks og mimikk forøvrig. Den kaldsvette postbringeren er også stor. Men jeg må si jeg skjønner vaskeridama om hun går for captain Hammer.

Frk. Blips, 17.07.2008, 02:38


Akt II tok av!

Eirik, 17.07.2008, 16:33


Synd episode 3 vart litt forutsigbar(eg gissa rett på kva som ville skje seinare etter eit klipp). Men Bad Horse var jammen meg mandig.

Klausulen, 19.07.2008, 07:30


Akt III kommer til å forfølge meg i hele dag.

Eirik, 19.07.2008, 11:06


Dette skal jeg se mange ganger til! Bad Horse Chorus i dørkarmen er av det beste jeg har sett.
Og the freeze ray takes jo a few seconds to warm up.

HerrBarium, 19.07.2008, 14:17


For dei som ikkje har fått det med seg, minner eg om at soundtracket er tilgjengeleg på iTunes. Åtte kroner sangen eller åtti for alle fjorten.

Olaf, 18.09.2008, 11:32


Mars 2010
Februar 2010
Januar 2010
Desember 2009
November 2009
Oktober 2009
September 2009
August 2009
Juli 2009
Juni 2009
Mai 2009
April 2009
Mars 2009
Februar 2009
Januar 2009
Desember 2008
November 2008
Oktober 2008
September 2008
August 2008
Juni 2008
Mai 2008
April 2008
Mars 2008
Februar 2008
Januar 2008
Desember 2007
November 2007
Oktober 2007
September 2007
August 2007
Juli 2007
Juni 2007
Mai 2007
April 2007
Mars 2007
Februar 2007
Januar 2007
Desember 2006
November 2006
Oktober 2006
September 2006
August 2006
Juli 2006

Vi på Nettserier.no er © Eirik Andreas Vik og Olaf Moriarty Solstrand 2010. Publiseringsløysinga er utvikla og vedlikehaldt av Nettserier.no.