Unionsoppløysinga

av Erlend Skjelten

Logg inn:

Om serien
Anbefalte seriar

Brukarar som har Unionsoppløysinga blant sine favorittar, liker òg:

Erlend Skjelten har òg laga desse seriane:

Unionsoppløysinga ligg i desse kategoriane:

Persongalleriet


Peter Christian Hersleb Kjerschow Michelsen (1857 - 1925) var ikkje berre innom mange namn, men òg innom mange parti. Han klarte visst aldri heilt velgje mellom Høgre og Venstre, så han var innom begge, og freista òg starte sitt eige midt-i-mellom-parti, Det Frisinnede Venstre. Han var statsministar frå 11. mars 1905 til 28. oktober 1907, og var heilt sentral for oppløysinga av unionen med Sverige. Han tente òg som borgermeister i Bergen, men nekta å gje pengar til opprettinga av eit universitet der, noko som viser at han ikkje var berre snill og grei.


Oscar II, konge av Noreg og Sverige og hertug av Östergötland (1829 - 1907) var visstnok svært masjestetisk av seg, men tapte likevel landet han såg på som sitt eige. Mogelegens fordi han ikkje var like populær som broren han arva trona etter, mogelegens fordi Christian Michelsen var ein slu liten rakkar. Han likte mellom anna tysk utanrikspolitikk og mislikte reine flagg.


Stortinget (1814 - ) er ei samling med stort sett anonyme viktigperar som visstnok står for lovgjevinga i landet. Stortinget er ei parlamentarisk samling, som kontrollerer og balanserer den litt mindre anonyme regjeringa. Alle dei anonyme representantane på Stortinget ønsker dei sat i regjeringa.


Regjeringa til Christian Michelsen (1905 - 1907) var stort sett heilt like og anonyme droner, som dilta etter Michelsen i eitt og alt.


Det norske folk (ca. 9000 f.Kr - ) har ein tendens til å syte og klage over det dei ikkje likar, gjerne medan dei arbeider på garden ikledd bunad, og viftar med høygaflar og faklar.

Gå tilbake til Unionsoppløysinga

Denne serien har blitt lest 4481 gonger sidan 12. april 2007.

Denne sida er ein del av nettserier.no.