
Publisert fredag 27. mars 2009 (#54)
Første stripe - Førre stripe - Stripearkiv
Hei alle saman. Eg ber så mykje om orsak for at eg ikkje har fortsatt å legga ut Adolf som lova. Det har vore så mange prosjekt på gang, at eg rett og slett ikkje har fått gjort noko som helst med favorittfiguren min. Eg har lyst å syna fram ein teikning av eitt av prosjekta eg no driv på med. Eigentleg er det ein godt gøymt løyndom, men om mine vyrde nettserier-vener ikkje seier noko, så skal eg fortelja såpass. Eg går svanger :-) - med ein svært Neil Gaiman-inspirert novelle. Guten du ser på teikninga er Tobias - hovudpersonen. Kjem attende så snart eg kan. Saknar dykk alle.
Legg til dine favorittar
Blokker denne serien
Heimeside
Tips ein ven
| Mars 2009 | ![]() |
| 1 | ||||||
| 2 | 3 | 4 | 5 | 6 | 7 | 8 |
| 9 | 10 | 11 | 12 | 13 | 14 | 15 |
| 16 | 17 | 18 | 19 | 20 | 21 | 22 |
| 23 | 24 | 25 | 26 | 27 | 28 | 29 |
| 30 | 31 |
| Anbefalte seriar | ![]() |
Dersom du liker Affen, er det òg ein viss sjanse for at du vil like desse seriane:
| Wyyrd av Gard Robot Helset 12 felles fans | |
| SARA SAHARA av Siv Nordsveen 11 felles fans | |
| Mira av Arne Bye 10 felles fans | |
| Optipess av Kristian Nygård 10 felles fans | |
![]() | Umbraco av HerrBarium 10 felles fans |
| Arild av Eirik Andreas Vik 9 felles fans | |
| Nilsen og Viktor av Preben Moan 9 felles fans | |
| Avis Maritima Stulta av Bård Lilleøien 9 felles fans | |
| Luftboller og Ventesuppe av Gard Marius Guldhav 9 felles fans | |
| Torlekin av Alf 9 felles fans |
Andre seriar av same serieskapar
| Kategoriar | ![]() |
Affen ligg i desse kategoriane:
Kommenter denne stripa
Du må vera innlogga på Nettserier.no for å kunne skrive kommentarar. Dersom du ikkje er registrert brukar her, er det heilt gratis å registrere seg.
Logg inn
Kommentarar for denne stripa (7)
Greitt, eg må spørja ... kva kyrkje er dette?
Eg tenker av ein eller annan grunn Sagrada Família, er eg heilt på villspor?
Olaf, 27.03.2009, 08:18
Det er ikkje Fjell kyrkje, i alle fall. Sopass kan eg òg sjå.
arildtorvundolsen, 27.03.2009, 08:55
les_inkwell, 27.03.2009, 09:24
Neil Gaiman-inspirert historie i din spesielle dyster-stemningsfulle strek? Sikle!
Nils Petter Smeby, 27.03.2009, 10:36
hehe. takk NilsP. Dette er St. Patrics cathedral i New York. Eg vitja den for tre veker sidan då eg var på kurs. Eg har ikkje satt nokon deadline på når alle illustrasjonane til boka skal vera ferdig, men eg skal lova å publisera kvar einaste ein til mine vener her på nettserier.no :-)
mahatma, 27.03.2009, 11:03
Er det forøvrig nokon som er på twitter her på bruket. Eg er hekta. Det er Neil Gaiman òg. Han tvitrar fleire gonger i døgeret, og er totalt hekta, seier han sjølv. og det er han sjølv. Svært morosamt å koma nær heltane på denne måten.
mahatma, 27.03.2009, 11:04
Aiii, dette blir mat for mons!
Jeg er twitter-motstander. Edit: Eller kanskje ikke helt. Ser nytteverdien når det skjer store ting i verden og øyenvitner deler sine opplevelser. Men fri meg fra alt hverdagspjattet.
Frk. Blips, 27.03.2009, 12:48
Siste blogginnlegg:
Kor e alle forlag hen?
av kai sf, 05.02.2009, 14:41
I aller audmjukaste grad har eg fått ein viss grad av sjølvtillit når det kjem til eige produkt. Sjansen for at eg kastar meg ut i noko eg ikkje anar konsekvensane av, er ganske stor. Eg har lyst å senda Adolf-serien til nokre utgjevarar, men eg veit ikkje kven. Det einaste eg veit er Egmont og Pondus-redaksjonen. Men er det må då vera nokon andre redaksjonar som manglar dopapir og har lyst å tørka seg i rævva med mine innsendte bidrag.
Kan nokon hjelpa meg med namn, selskap og kanskje kontaktpersonar på forlag eller liknande ein kan senda inn sine sårt tusja verk for potensiell utgjevnad?
Affen er © kai sf 2010. Publiseringsløysinga er utvikla og vedlikehaldt av Nettserier.no.

