
Referat frå Odda Litteratursymposium
Jorunn Hanto-Haugse, 10.10.2009, 12:30
Hæ, tenkjer du kanskje, kvifor i alle dagar skriv Jorunn om eit litteratursymposium her på nettserier? Vel, fordi eg er av den oppfattinga at teikneserier er litteratur. Derfor:
Odda Litteratursymposium, som i år har slått alle publikumsrekordar og folk har stått som sild i tønne på slamkaféar og trøkt seg saman i trappene på Lindehuset, har for min del vore årets happening. Eg skulle eigentleg berre vera med på teikneserie- og biletbokseminaret på onsdag, men endte opp med å vifta rundt på diverse arrangement og føla meg fantastisk intellektuell og oppdatert der eg rubba shoulders med eliten av norsk litteratur.
Seminaret på onsdag var utruleg lærerikt og inspirerande, høgdepunktet for min del var sjølvsagt InkaLill sitt foredrag "Den flytande forteljinga", men også biletbokillustratørane og ikkje minst Frode Grytten sine innlegg var til tider hysterisk morsomme. Onsdag kveld var det offisiell opning av symposiet, der Trond Espen Seim (også kjend som Varg Veum) las nokre greier før Linda Eide tok publikum med storm og hadde folkeavstemming om Odda var ein norsk attraksjon eller ikkje. Ganske tilfeldig endte eg opp backstage etterpå og drakk eplesider og åt Hardangerske kanapear, medan eg smugkikka på alle kjendisane.
Torsdag drog eg og eit par venninner på ei rekkje gode arrangement, blant anna ein samtale mellom Frode Grytten (kven ellers), Lars Ove Seljestad og Herdis Moldøen, alle Oddingar som sat og lo og fjasa om industrikulturen og språkbruk på fabrikkane. I Odda er det ganske vanleg å banna for å understreka noko viktig. "Eg var FAEN meg så JÆVLA glad i den bikkjo, det var FAEN meg den BESTE JÆVLA BIKKJO eg har hatt", sitat Grytten. Det vart etter kvart ein ganske fuktig kveld, så eg lot vera å ramla bort til alle kjendisane for å prata med dei - noko seier meg at eg kanskje ikkje ville gjort eit altfor godt førsteinntrykk.
Eit av høgdepunkta under symposiet kom fredag i firetida, då ein gjeng på ca 30-40 publikummarar fulgte etter Frode Grytten (kven ellers) gjennom Odda på Bikubegang, der han, ståande på ein bruskasse, las opp utdrag frå Bikubesang og fortalde skrønehistorier frå oppveksta i Odda. Og så hende det: på torget, under eitt av stoppa, fortalde Grytten om korleis dei under Bikubegang i fjor hadde kunna vinka til forfattar Dag Solstad der han stod i hotellvindauget sitt og sjenkte seg ein whiskey. Og eg må seie det var verdt kulda, såre føter og vond rygg berre for å oppleva ein overstrømmande lukkeleg Frode Grytten ropa "DER E HAN!!", og då me snudde oss og såg opp på Hardanger Hotel, stod jammen Dag Solstad og vinka til oss og sjenkte seg ein whiskey. Han hadde tydelegvis planlagt dette godt!
Eg anbefalar verkeleg alle til å reisa på symposiet neste år, eg har ledd samanhengande i fleire dagar og følt meg del av ein stor kulturelite, sjølv om eg ikkje har lese ei norsk skjønnlitterær bok på årevis så vidt eg kan hugsa.
Skål, Odda!
Kommenter denne artikkelen
Du må vera innlogga på Nettserier.no for å kunne skrive kommentarar. Dersom du ikkje er registrert brukar her, er det heilt gratis å registrere seg.
Logg inn
Kommentarar til denne artikkelen (5)
Du har greid å overbevise meg om at dette var et uhorvelig kjekt arrangement:-)
Frk. Blips, 10.10.2009, 19:57
Anbefales varmt! Det ble til og med finvær og fjorden lå blikkstille fra Fredag og utover. Folk, film, musikk, opplesinger, samtaler, alt var strålende!
Inkalill, 12.10.2009, 18:47
Jorunn, 13.10.2009, 09:25
Å, det der låter som reine lykka. Sjarm med folk som står på bruskasser :)
HerrBarium, 13.10.2009, 15:25
Ja, det var et flott arrangement. Rett og slett imponerende hvor mye interessant som skjedde i Odda i løpet av noen få dager.
TSO, 14.10.2009, 17:45
| Mai 2010 | ![]() |
- Reveland er gjesteserie i Bergens Tidende frå 1. juni!
- Reveland i BT - DU kan bestemma!
- Utstilling og foredrag
| Mars 2010 | ![]() |
| Februar 2010 | ![]() |
| Januar 2010 | ![]() |
| Desember 2009 | ![]() |
| November 2009 | ![]() |
| Oktober 2009 | ![]() |
| September 2009 | ![]() |
| Juni 2009 | ![]() |
| Mai 2009 | ![]() |
| April 2009 | ![]() |
| Mars 2009 | ![]() |
| Februar 2009 | ![]() |
| Oktober 2008 | ![]() |
| September 2008 | ![]() |
Reveland er © Jorunn Hanto-Haugse 2010. Publiseringsløysinga er utvikla og vedlikehaldt av Nettserier.no.

