
Kontrakt og slikt
Jorunn Hanto-Haugse, 27.05.2009, 17:31
I ein annan blogg på nettserier nevnte eg at eg har min eigen standardkontrakt, som eg fyller ut og leverer til alle mine oppdragsgjevarar. Det vart spurt om eg kunne leggja ut teksten, og det gjer eg gjerne, her er den:
"Avtale om rett til publisering av teikneserie
§ 1 Avtalepartar og varigheit
Denne avtalen gjeld rett til å publisera teikneseriestriper frå teikneserien [fyll inn namn på serien] i [Fyll inn namn på avis/blad] (”Avisa”).
Avtalen er inngått mellom Haugse Illustrasjon (”Teiknaren”) og [fyll inn driftsselskap] (”Selskapet”).
Avtalen gjeld frå [dato] til [dato].
§ 2 Rett til publisering
Selskapet skal publisera [fyll inn] striper som ikkje har vore publisert i Avisa tidlegare (”Nye Stripe(r)”) pr veke. Stripene skal publiserast [fyll inn namn på dagar].
Selskapet betaler Teiknaren kr [fyll inn],- pr Nye Stripe.
§ 3 Rett til re-publisering
I tillegg til avtalt publisering av Nye Striper har Selskapet har også rett til å publisera Gamle Striper i Avisa. ”Gamle Striper” tyder her striper som Avisa tidlegare har publisert mot vederlag. Ved publisering av Gamle Striper skal avisa snarast gje teiknaren melding om dette, seinast ved utløpet av fakturaperioden for publiseringa. Det er ikkje høve til å publisera Gamle Striper i staden for Nye Striper med mindre anna fylgjer av denne avtalen.
Selskapet betaler teiknaren kr [fyll inn],- pr Gamle Stripe.
§ 4 Plikt til å levere
Teiknaren skal levere slik striper til Selskapet til [fyll inn e-postadresse] i jpeg-format seinast [fyll inn dagar] før planlagt publisering.
§ 5 Format
Stripene skal leverast og publiserast i [fyll inn: fargar eller svart/kvitt], ha ytre mål [fyll inn] x [fyll inn] cm og oppløysing på [fyll inn] dpi. Teiknaren kan levera med høgare oppløysing.
§ 6 Rett til å råda over stripene
Selskapet har rett til å publisera stripene i papirutgåva av Avisa, samt i pdf-format som berre er tilgjengeleg for Avisa sine abonnentar. Selskapet kan ikkje råda over stripene på anna vis enn å publisera kvar stripe i ei enkelt utgåve av Avisa pr fakturering. Stripene kan berre publiserast i det format og den kvalitet som er gitt i § 5, eventuelt med høgare oppløysing dersom Teiknaren har levert stripa med slik høgare oppløysing.
Selskapet kan i tillegg lagra stripene i elektronisk format så lenge denne avtalen består.
§ 7 Fakturering og betaling
Teiknaren fakturerer Selskapet etterskotsvis for kvar kalendermånad. Betaling skal berre skje ved elektronisk eller annan sporbar overføring til konto som oppgitt på faktura.
Selskapet skal betala fakturaen seinast 14 dagar etter mottak, med mindre anna fyljer av fakturaen.
Beløp oppgitt i denne avtalen er eksklusive meirverdiavgift.
§ 8 Misleghald
Dersom Teiknaren ikkje leverer stripene i tide skal Selskapet straks varsla Teiknaren på telefon xxx xx xxx og, om mogeleg, gje ny frist for levering.
Dersom det trass slikt varsel ikkje er mogeleg for teiknaren å levere stripa tidsnok til avtalt publisering har Selskapet rett til å publisera Gamal Stripe med tilsvarande justering av fakturabeløpet. Slik reduksjon av fakturabeløpet skal vera Selskapet sin einaste rett til økonomisk kompensasjon for forseinka eller manglande levering.
Ved vesentleg misleghald frå ein av partane har den andre parten rett til å heva avtalen.
For Haugse Illustrasjon:[Stad,dato]
For Selskapet:[Stad, dato]"
Det skal sjølvsagt skrivast under nederst. Alle klammene er stader som den individuelle opplysinga skal fyllast ut. Eg pleier å venta til kontrakten er returnert meg i signert tilstand før eg leverer striper/seriar, men det må sjølvsagt nyttast skjønn - spesielt om det er kort frist. Det går forøvrig an å sende det elektronisk, dvs scanne inn den signerte avtala og sende som pdf.
Viss det er spørsmål så skriv dei under, så skal eg svare etter beste evne. Det er litt kjekt å kunne dele denne avtala, fordi så vidt eg veit er det vanskeleg å finna noko tilsvarande på nettet. Grafill har eit par standardavtaler, men desse er meir retta mot illustrasjon og i litt større omfang.
Kommenter denne artikkelen
Du må vera innlogga på Nettserier.no for å kunne skrive kommentarar. Dersom du ikkje er registrert brukar her, er det heilt gratis å registrere seg.
Logg inn
Kommentarar til denne artikkelen (7)
Frk. Blips, 27.05.2009, 18:17
ot2, 27.05.2009, 22:18
Ingen hårsmak! Hugs å byta ut "Haugse Illustrasjon" med ditt eige namn/foretak... ;)
Jorunn, 27.05.2009, 22:26
Kanon! Dette er uten tvil en av de nyttigste innleggene på bloggen. Takk skal du ha Jorunn :)
Are Edvardsen, 28.05.2009, 11:36
Kontrakten er skriven av min kjære mann Juristen, så den skulle dekka det meste. I tillegg er den kort, konsis og forståeleg. Det likar redaktørane.
Jorunn, 28.05.2009, 12:35
Fantastisk kontrakt. Har akkurat nytta han som eit underlag til å skrive min eigen standardkontrakt. Takk, Jorunn!
Olaf, 22.01.2010, 17:42
Suverent! Takk, Jorunn (og Juristen.)
Ingrid, 22.01.2010, 18:48
| Mai 2010 | ![]() |
- Reveland er gjesteserie i Bergens Tidende frå 1. juni!
- Reveland i BT - DU kan bestemma!
- Utstilling og foredrag
| Mars 2010 | ![]() |
| Februar 2010 | ![]() |
| Januar 2010 | ![]() |
| Desember 2009 | ![]() |
| November 2009 | ![]() |
| Oktober 2009 | ![]() |
| September 2009 | ![]() |
| Juni 2009 | ![]() |
| Mai 2009 | ![]() |
| April 2009 | ![]() |
| Mars 2009 | ![]() |
| Februar 2009 | ![]() |
| Oktober 2008 | ![]() |
| September 2008 | ![]() |
Reveland er © Jorunn Hanto-Haugse 2010. Publiseringsløysinga er utvikla og vedlikehaldt av Nettserier.no.

