Registrer ny brukar
Krav ved registrering
- Du er nøydt til å oppgi ei gyldig e-postadresse. Ein aktiveringskode vil bli sendt til denne adressa, så du må ha tilgong til denne e-postadressa for å kunne ta i bruk kontoen din.
- Det er ikkje mogleg å opprette meir enn ein brukarkonto per e-postadresse.
- Du er nøydt til å oppgi eit passord på minimum seks teikn.
- Som brukar av Nettserier.no forventer vi at du følger vilkåra for bruk av sida. Du er difor nøydt til å krysse av for at du godtar desse vilkåra for å kunne registrere deg på sida.
Kvifor bli brukar?
- Som registrert brukar får du moglegheit til å leggja ut dine eigne teikneseriar på Nettserier.no.
- Som registrert brukar kan du betre tilretteleggja di lesaroppleving på Nettserier.no: Du kan framheve dei seriane du liker ved å leggja dei i favorittane dine, og skjule dei seriane du ikkje liker ved å blokkere dei. Favorisering og blokkering påverkar òg kvar ein serie ligg på topplista, så ved å registrere deg kan du hjelpe dine favorittseriar med å kome fram i lyset (eller trekke dei seriane du ikkje liker så godt litt lenger inn i mørket).
- Det kan hende at enkelte serieskaparar på Nettserier ikkje ønskjer å la uregistrerte brukarar skrive kommentarar til sin serie. Isåfall er du nøydt til å registrere deg for å kunne skrive kommentarar til desse seriane.

