Pacham av Olaf Moriarty Solstrand

RSS
Nettserier.no | Dagens seriar | Blogg | Søk
Mi side / Logg inn | Ny brukar? | Hjelp

Informasjon (og brainstorming) om Nettserier på Raptus 2010

Olaf Moriarty Solstrand, 11.08.2010, 23:31

Hallo folkens! Det er under ein månad igjen til årets Raptusfestival, og som vanleg ser det ut som om mange av dykk har tenkt dykk dit. Det kjem sannsynlegvis ikkje som ei bombe at Nettserier òg kjem til å vera representert på årets festival.

Her er litt av det som kjem til å skje rundt Nettserier på årets Raptus-festival:

Vi selger dine teikneseriar.
Dette er ein idé til noko vi aldri har gjort på standen før. Eg legger merke til at ganske mange av dykk har blader og album til salgs på årets Raptus-festival. Nokre av dykk har kanskje planer om å skaffe stand sjølv òg, og nokre av dykk har kanskje ein bunke blad liggjande frå eit blad de trykte opp for to år sidan som de ikkje klarte å bli kvitt. Raptus er sjølvsagt rett stad for å få solgt sånt, men om ein har berre eitt blad følast det jo veldig som eit ork å skulle sitja på stand heile helga, særleg dersom det betyr at ein går glipp av fantastiske foredrag med Don Rosa og Nevin Martell og Eirik Andreas Vik.

Så her er eit tilbod til alle dei av dykk som har ting å selja på årets festival. I år har du moglegheit til å stikke innom standen, leggja frå deg ein bunke blad, og så sel Nettserier det for deg. Kor mykje vil vi ha i provisjon for dette? Null kroner. Det stemmer; null kroner.

Slik fungerer det:
1. Stikk innom standen på fredag eller når du kjem til festivalen. Legg frå deg det du har lyst til å selja på standen. Det speler inga rolle om det er fancy fargealbum med opplag på mange tusen som du sel for femti kroner stykket eller om det er minicomics du har trykt opp på kopimaskin som du sel for fem kroner stykket: Så lenge du er eit Nettserier-menneske, sel vi gladeleg tinga dine.
2. Vi fører opp din teikneserie på ei prisliste vi har hengande på standen. Det er sjølvsagt du som bestemmer prisen.
3. Dersom det kjem folk innom standen som er interesserte i å kjøpe serien din, sel vi det til dei og tar imot pengar på dine vegne.
4. Sjølvsagt vil du kunne sitja på standen og signere seriane dine òg. Som vanleg prøver eg å få bestilt langt fleire stolar til standen enn vi faktisk har bruk for, og desse vil folk sjølvsagt kunne skrive seg opp på liste for å få disponere. Litt som å ha eigen stand, altså, men du slipper å passe på den heile helga, du slipper å tenke på å ha nok vekslepengar, og du har ein sjanse til å få solgt seriane dine sjølv når du sit midt inne i ein sal og høyrar på Don Rosa.
5. Når festivalen er over - eller du bestemmer deg for å dra heim - kan du kome innom standen og plukke alle dei usolgte blada, pluss pengane for dei blada som har blitt solgt. Og som sagt: 100 % av pengane går til deg.

Konkurranser.
Detaljane er framleis fuzzy. Men det blir konkurranser på Nettserier-standen. Det kjem til å vera ting som skjer på standen til ei kvar tid, med moglegheit til å vinne premiar. Har du til dømes høyrd om cosplay? Sikkert kult for dei som liker å kle seg ut som noko ein ikkje er, men på Nettserier liker vi å oppfordre til at du skal vera deg sjølv. Difor vil vi kåre årets beste ikkje-kostyme! Ein fagjury yet to be announced vil titte på alle som stikker innom Nettserier-standen i løpet av helga, og kåre det antrekket dei ser i løpet av heile helga som liknar minst på eit kostyme. Meir informasjon om premiar og sånt kjem seinare.

Gratis Førstetiger.
Alle som stikker innom standen og som har lyst på det, får ein månad gratis Førstetiger. Så om du synest at Førstetiger-tilbodet verkar interessant men ikkje er 100 % sikker på om du har lyst til å bruke pengar på det, stikk innom oss for å få prøve det gratis. Det KAN òg hende at vi gir bort andre ting på standen i løpet av helga, time will show.

Pizza!
Som vanleg er alle Nettserier-folk som er interesserte i det inviterte til å vera med ut og spise pizza på fredag kveld. Mi erfaring er at jo fleire som møter opp, jo gøyare er det. For dei som aldri har vore på Nettserier-pizzafest før, er konseptet ganske enkelt: Vi spleiser på ei rekke store pizzaar, alle kjøper sin eigen drikke, og så sit vi og skravler om Nettserier og teikneseriar og diverse andre ting heilt til pizzarestauranten kastar oss ut. Møt opp, det er gøy!

Programpost
Eg ønskjer framleis å vera litt løyndomsfull rundt kva dette handlar om, litt fordi det ikkje er 100 % klart enno og litt fordi det hadde vore utruleg tøft å klare å overraske dykk. Men det BLIR ein Nettserier-programpost i år, sannsynlegvis på sundag, og eg håper at så mange av dykk som mogleg dukkar opp der.

Samarbeidsprosjekt?
Nettserier er ikkje ei samansveisa gruppe menneske, det er ei samling individuelle enkeltpersonar som ein normalt finn kvar for seg. Men på Raptus møtast vi. Og då må vi jo klare å lage eitt eller anna saman, må vi ikkje? I 2008 signerte alle Nettserier-folk som var innom standen ei T-skjorte som seinare blei auksjonert bort til inntekt for Røde kors. Eg har ingenting konkret planlagt enno, men eg er sikker på at vi kan kome på noko enno tøffare i år.

Og meir?
Du har garantert langt betre idear enn meg til kva vi kan gjera for å promotere Nettserier på Raptus. Vel, rett under her er det eit kommentarfelt. Kva med å dele tankane dine med oss andre? Kanskje er din idé så genial at den set alt eg har skrive over her i skuggen. Kom igjen - la oss brainstorme!

(Skriv gjerne òg kommentar om du har nokre spørsmål, så klart.)

Vi sjåast i Bergen 10.-12. september!


Nettserier-T-skjortene forsvinner

Olaf Moriarty Solstrand, 02.07.2010, 11:41

VIKTIG MELDING!

Har du lyst på ei Nettserier-T-skjorte?

På grunn av flytting blir restlageret gitt bort til Fretex på måndag. Så dersom du har lyst på ei Nettserier.no-T-skjorte, er denne helga aller siste sjanse til å bestille ei!

Du kan bestille t-skjorter her:
http://www.nettserier.no/butikk/prod/NSTS/

PS - vil du ha noko anna i nettbutikken kan det lønne seg å skynde seg med å kjøpe det òg, då butikken kjem til å bli nedlagt om ikkje veldig lang tid.


Flytting og nedetid

Olaf Moriarty Solstrand, 11.06.2010, 14:06

Viktig melding!

I løpet av kvelden eller natta eller definitivt helga kjem Nettserier til å bli flytta til ein ny server. Forhåpentlegvis vil dette føre til at sidene blir *litt* raskare (framleis er det eit problem at koden som brukast på sidene er svært kronglete og utdatert, men eg jobbar på spreng med å fikse dette òg), i tillegg til at det har eit par andre fordelar som eg kanskje kjem tilbake til seinare.

Ulempen med dette er at ting må flyttast frå ein server til ein annan, noko som kan ta litt tid (vi har over 5 GB innhald her). I beste fall nokre timer, i verste fall lengre enn det. Og i flytteperioden er eg nøydt til å stenge Nettserier midlertidig - dersom folk leggjer ut og lastar opp ting i tida frå eg kopierer sida til vi får kontakt med den nye serveren, vil jo ingenting av det som leggjast ut i mellomtida bli lagt ut.

Så det blir i beste fall nokre timer og i verste fall nokre dagar med nedetid på Nettserier i helga.


Nokon som vil ha billige sirkusbillettar i Tromsø?

Olaf Moriarty Solstrand, 19.05.2010, 19:40

I dag fekk Solstrand Tekst og Bobler, firmaet som driver Nettserier, ein konvolutt i posten merka «Personalansvarlig». Konvolutten kom frå Cirkus Merano, som gav meg tolv rabattkupongar på sirkusbillettar i helga.

Sannsynlegvis var hensikta deira at eg kunne dele ut dette til firmaets ansatte. Men verken eg eller nokre av mine 0.05 ansatte er særleg interesserte i sirkus ... Noko som betyr at eg har tolv rabattkupongar eg ikkje har bruk for.

Så: Er det nokon her som held til i Tromsøområdet og som har lyst på billigare sirkusbillettar i helga? Heilt gratis, ingen triks: Eg gir bort rabattkupongane til dei som har lyst på dei.

Kvar rabattkupong gir 50 % rabatt på opptil to billettar til tribune, eller minus hundre kroner for inntil to personar for dei beste plassane i losje eller parkett så langt plassane rekker. Sirkusteltet står i Småbåthavna i Tromsdalen, og har forestillingar frå fredag 21. mai til måndag 24. mai (fredag klokka 18, laurdag, sundag og måndag klokka 15 og 18). Billettluka har opent frå 12 alle dagar, og kupongen kan leverast i billettluka når du kjøper billett.

Har du lyst på ein eller fleire av desse fantastiske kupongane, send ein e-post til olaf@stob.no eller ein SMS til 95708325 (eller send meg ei melding på Facebook om vi er venner der). Eg deler ut heilt til det er tomt.


Fem kroner pr. T-skjorte

Olaf Moriarty Solstrand, 25.03.2010, 20:46

No er det vanvittige påsketilbod i nettbutikken: Lageret skal tømmast, og Nettserier-T-skjortene har ligge på lager ganske lenge no, så då skrur vi like godt prisen heilt til bunns.

Nettserier-T-skjorter i Nettserier-nettbutikken

Så: Alle som ønskjer å kjøpe ei (eller fleire) Nettserier-T-skjorter, kan no få dei for fem kroner stykket så langt lageret rekker.

Men: Handle raskt -- dei mest populære skjortestorleikane er det bokstaveleg talt berre eit par skjorter igjen av på lager.

Og vil du samtidig ha litt påskelesing, er det framleis 70 % rabatt på alle andre produkt i nettbutikken.


Seriemord!

Olaf Moriarty Solstrand, 15.03.2010, 22:57

Fekk ein høfleg førespurnad frå Flu Hartberg om å informere folk her inne om Seriemord! 18. mars.

For å sitere Facebook-sida:

Oslo Comics Expo presenterer Seriemord!
-usensurert tegneseriepreik på Mono.

Endelig skal fire av Norges kvasseste synsere og skribenter få kjekle fritt om tegneserier. Vårt kompromissløse panel skal felle sin dom over dagens tegneserieutgivelser, norske som utenlandske. Her blir ingen spart for kniven. Denne kvelden står bl.a. Robert Crumb og Tintin på dagsordenen.

Panelet består av:

* Øyvind Holen – journalist med ekspertise på tegneserier, pop og hip hop. Har jobbet for nesten alle store norske aviser og skriver i dag for Dagens Næringsliv.

* Erle Marie Sørheim – tegneserieanmelder for Morgenbladet, skribent i bl.a. Vinduet og Rocky.

* Harald Fossberg – eks-rockevokkis i Hærverk og Turboneger. Journalist i Aftenposten med et brennende hjerte for undergrunnen av musikk og tegneserier.

* Terje Thorsen – tegneserieguru fra Tronsmo Bokhandel og litterær vismann.

* Ordstyrer er tegneserieskaper Flu Hartberg.


I tillegg til den blodige debatten, blir dette en hyggelig anledning til å mingle med tegneseriemiljøet i Oslo. Dessuten blir det mulighet til å vinne en haug med deilige tegneserier!

Etter Seriemordet blir det konsert med Sgt. Petter, Frank Hammersland & Christer Knutsen.


Återupptäck MAUS

Olaf Moriarty Solstrand, 11.02.2010, 10:42

Eg går ut frå at eg er langt frå den einaste her inne som er ein stor fan av Art Spiegelmans Maus.

For å sitere Facebook-sida via til dette: «Bild & Bubbla planerar nu ett hyllningsnummer och vänder sig därför till dig som är serieskapare för att bjuda in till att delta med en seriesida. Vi vill lyfta fram Sveriges serietecknare och tillsammans skapa en samling tolkningar av en av vår tids största serier.»

Alle publiserte bidrag honorerast.

Mykje meir informasjon her.


Megatilbud (70 %) i nettbutikken

Olaf Moriarty Solstrand, 01.02.2010, 13:55

Ja, du leste riktig.

No er det 70 % rabatt på alle varar i nettbutikken.

70 % er ganske mykje. Ting som før har kosta femti kroner, får du no for femten. Det aller dyraste som finst i butikken akkurat no, den første Ridderne av Dor-boka, kostar under nitti kroner. Samtidig er det ei rekke produkt som er prisa ned til tolv-femten kroner, og eit par produkt er til og med tilgjengelege for under tieren.

Ikkje la denne sjansen gå frå deg, tilbodet gjeld berre så langt lageret rekker!

(Gjer merksam på at lagerstatus oppdaterast manuelt, så ved stor etterspørsel kan det hende at eit produkt står oppført i nettbutikken som tilgjengeleg sjølv om det er utsolgt.)


«Barnemeny» i TromsøPuls

Olaf Moriarty Solstrand, 25.01.2010, 19:28

Dette er ei sjølvopplevd historie.

I 2009 arrangerte Dagbladet ein teikneseriekonkurranse. Eg funderte litt på å delta der. Ikkje fordi eg hadde store forventningar til å vinne eller i det heile tatt kome til finalen. Eg kryssa fingrane for å kome til finalen i VGs konkurranse i 2008, sjølv om eg visste at sjansen var vanvittig liten for at juryen skulle like noko så sært som dette, men sjølvsagt kom eg aldri så langt. På eit tidspunkt etter at konkurransen var avslutta viste eg nokre av halvsidene til ein bekjent av meg som er redaktør i Egmont og som sat i juryen, men som ikkje var aktiv i første utsilingsrunde. Han reagerte med å le litt og seie at det var godt at den ikkje kom til finalen. Så dei heilt store vinnarsjansane har eg ikkje i sånne konkurransar.

Men det var ikkje difor eg vurderte å delta i Dagblad-konkurransen 2009. Eg vurderte å delta der fordi eg synest at slike konkurransar er ei utmerka øving for dei små grå cellene. Eg visste at dersom eg gjekk inn for å delta i denne konkurransen, hadde eg ein sjanse til å kome opp med eit stripekonsept som eg kanskje kunne bruke til noko ein dag i framtida. Kva rolle spilte det då at eg ikkje kom til nokon finale og ikkje fekk nokon premie, så lenge konkurransen motiverte meg til å skape eit bra konsept eg kunne jobbe vidare med?

Eg gav meg sjølv ei forutsetning: Eg visste at det var berre nokre promille sjanse for at eg i det heile tatt ville få ein trøstepremie for dette konseptet, så eg skulle ikkje delta i konkurransen på bekostning av betalte oppdrag -- dei teikneseriane eg faktisk tener litt pengar på.

Eg byrja å lage serien til konkurransen. Det gjorde eg faktisk. Eg kom aldri fram til eit namn eg var fornøgd med, og eg teikna berre tre striper. Eg hadde ein del deadlines i perioden då konkurransen pågjekk, så eg fekk aldri laga meir, og på eitt tidspunkt skjønte eg at eg berre skulle gi opp å få noko klart til konkurransen. Eg hadde imidlertid eit konsept, og eg hadde lyst til å jobbe vidare med det, men det måtte sjølvsagt utsetjast til eg hadde tid til det.

Fast forward til 14. januar 2010. Eg sit og jobbar med heilt andre ting når det plutseleg dukkar opp ei melding i innboksen min på Facebook. Frå eit namn eg ikkje kjenner. Eg klikker meg inn for å lese meldinga. Det er eit menneske som jobbar i Bladet Nordlys. Ho har høyrd frå nokon at eg lager teikneseriar, og så driv dei akkurat no og jobbar med eit nytt gratismagasin som skal kome ut med jamne mellomrom, og dei prøver å fokusere på å ha unge folk frå Tromsø som bidragsytarar, så lurte ho på om eg kanskje hadde lyst til å få nokre av seriane mine på trykk?

Oi. Kva skal ein svare på slikt? Det stemmer jo at eg lagar teikneseriar, men eg lagar stort sett berre manus, for teikneseriar eg ikkje sjølv har opphavsretten til. Samtidig er det jo ein kjempesjanse som har ramla ned i fanget mitt, så det vil jo vera teit å seie nei ... Skulle eg liksom gi dei dette?

... og så kom eg plutseleg på den serien eg hadde lagt til side halvannen månad tidlegare. Eg visste at konseptet kunne fungere for ei slik avis, problemet var at eg ikkje hadde ein skikkeleg portfolio å vise fram. Eg hadde tre striper, ingen av dei var skanna, ingen av dei var fargelagt, men eg kunne ta sjansen på å vise fram dette til dei likevel, så lenge eg fekk vite to ting: At dei ikkje forventa gratisarbeid, og at avisa hadde ein publiseringsfrekvens eg kunne klare å levere til. Begge dei to spørsmåla fekk eg positive svar på. Så eg skanna og sendte dei eit par av dei stripene eg hadde teikna, og beklaga at dei ikkje var fargelagde.

Kutt til 21. januar. Eg får telefon frå han som sit og bestemmer over dette, som liker serien min og ber meg om to striper i månaden. Oi! Eg lasta ned Photoshop, bladde fram eit par gamle tutorialar på Nettserier, og fekk fargelagt dei to første stripene før fredagen var over (og før eg sendte frå meg serien klarte eg til og med å kome opp med eit namn på serien). Eg bladde fram Jorunn Hanto-Haugses fantastiske standardkontrakt pluss eit par eksempelkontraktar andre stadar på nettet og skreiv min eigen standardkontrakt. I dag blei kontrakten underteikna, dei hadde ikkje ein einaste ting dei ønskja å endre i kontrakten, og eg fekk òg det beløpet pr stripe eg bad om.

Så... no er det verkeleg. Eg har nådd ein slags milepæl. Dette er første gong teikneseriar eg har laga både tekst og teikningar til blir publisert mot betaling. Og det i ei avis som distribuerast til 28 000 husstandar? Det kan eg absolutt leve med.

Hamnar dette på Nettserier etterkvart? Sannsynlegvis, men det blir ikkje før eg har eit produksjonstempo eg er nøgd med. I utgangspunktet jobbar eg for å klare to til fem nye striper i månaden. Den dagen eg eventuelt har eit langt høgare produksjonstempo kjem eg nok til å leggja ut ting på Nettserier òg.

Serien heiter forresten «Barnemeny», og den skildringa eg har sendt dei av serien er at det er ein teikneserie som handlar om heilt vanlege born. Det er iallfall ein teikneserie som handlar om korleis teikneserieskaparen liker å innbille seg at heilt vanlege born oppfører seg.

Så no er eg i gong. Dette blir spennande. Og no har eg til og med sladra om det på Nettserier.


Nettserier på Facebook og Twitter

Olaf Moriarty Solstrand, 19.01.2010, 23:11

For dei som ikkje var klare over det er Nettserier no representert både med fanside på Facebook og med eit feed på Twitter. Er du interessert i å få siste nytt om kva som skjer på Nettserier, underfundige innblikk i kva som skjer bak kulissene, sneakpeaks på nye funksjonar, ein og annan spontan rabatt det ikkje opplysast om andre stadar og diverse andre raritetar og snurrepiperi, stikk innom då vel!

Facebook-side
Twitter-feed


August 2010
Juli 2010
Juni 2010
Mai 2010
Mars 2010
Februar 2010
Januar 2010
Desember 2009
Oktober 2009
September 2009
August 2009
Juli 2009
Juni 2009
Mai 2009
April 2009
Mars 2009
Februar 2009
Januar 2009
Desember 2008
November 2008
Oktober 2008
September 2008
August 2008
Juni 2008
Mai 2008
April 2008
Januar 2008
Desember 2007
November 2007
Oktober 2007
August 2007
Mai 2007
April 2007
Mars 2007
Februar 2007
Januar 2007
Desember 2006
November 2006
Oktober 2006
September 2006
August 2006
Juli 2006

Pacham er © Olaf Moriarty Solstrand 2010. Publiseringsløysinga er utvikla og vedlikehaldt av Nettserier.no.