Pacham av Olaf Moriarty Solstrand

RSS
Nettserier.no | Dagens seriar | Blogg | Søk
Mi side / Logg inn | Ny brukar? | Hjelp

Pacham-stripe for 25.01.2009

Nye halvsider kvar sundag
Publisert sundag 25. januar 2009 (#8) Delicious

Første stripe - Førre stripe - Stripearkiv


Merkelappar: PATRIK, KEN, JAPAN, ANGEL


Japansk tekst: Miyuki Tsuruta Pedersen, MT Japan


Legg til dine favorittar Legg til dine favorittar
Blokker denne serien Blokker denne serien
Tips ein ven Tips ein ven

Januar 2009
   1234
567891011
12131415161718
19202122232425
262728293031 

Gå til stripearkivet

Twitter-feed

Twitter-oppdateringar

    følg meg på Twitter
    Anbefalte seriar

    Dersom du liker Pacham, er det òg ein viss sjanse for at du vil like desse seriane:

    Smakebit av Sagaen om Dadaph SerraphSagaen om Dadaph Serraph
    av Bård Lilleøien
    11 felles fans
    Smakebit av ArildArild
    av Eirik Andreas Vik
    11 felles fans
    Smakebit av Nilsen og ViktorNilsen og Viktor
    av Preben Moan
    11 felles fans
    Smakebit av MiraMira
    av Arne Bye
    10 felles fans
    Smakebit av HakkumHakkum
    av Nils Petter Smeby
    10 felles fans
    Smakebit av Umbraco
    av HerrBarium
    10 felles fans
    Smakebit av TorlekinTorlekin
    av Alf
    9 felles fans
    Smakebit av SARA SAHARASARA SAHARA
    av Siv Nordsveen
    8 felles fans
    Smakebit av Luftboller og VentesuppeLuftboller og Ventesuppe
    av Gard Marius Guldhav
    8 felles fans
    Smakebit av Flere Bjørner TakkFlere Bjørner Takk
    av Are Edvardsen
    8 felles fans

    Andre seriar av same serieskapar

    Kategoriar

    Pacham ligg i desse kategoriane:

    Kommenter denne stripa

    Du må vera innlogga på Nettserier.no for å kunne skrive kommentarar. Dersom du ikkje er registrert brukar her, er det heilt gratis å registrere seg.

    Logg inn



    Registrer ny brukar

    Kommentarar for denne stripa (8)

    Puh. Bufferen er spist opp, så denne sida blei ferdigteikna i forigårs, og er altså den første Pacham-sida eg har teikna sidan november. Så om streken ser delvis utrent og delvis heilt annleis ut, er det ein av grunnane. Ein annan grunn er at eg prøver meg fram med heilt nye tusjar. Var forøvrig usikker på om eg skulle teikna denne halvsida eller hoppe over denne scenen og gå rett til neste, men bestemte meg for å putte den inn, og eg trur at det var ei smart beslutning.

    Olaf, 25.01.2009, 00:25


    Kanskje skaffe sånn passer ein kan putte på kva det en måtte være av teikneutstyr og lage pene sirkler med?

    Klausulen, 25.01.2009, 04:17


    Han er jævlig bad-ass ass! Murveggen og bilen var faktisk relativt pent tegnet. :)

    VivalaOpium, 25.01.2009, 04:29


    Men denne var da med i den forrige utgaven? Jeg husker i hvert fall at jeg lo høyt av "eg hadde tenkt å betale kausjonen din" - den gangen også.

    Du gjør megafremskritt som tegner, det er morsomt å se. Førsteruta er steintøff. Skulle jeg kicke på noe, måtte det være at bilalarmen ble litt lite synlig. Han kunne gjerne trøkt bilpanseret flatt også.

    Nils Petter Smeby, 25.01.2009, 17:40


    Førsteruta er som Nils P. seier: Knusetøff. Veldig bra Olaf. Stao pao.

    mahatma, 25.01.2009, 19:10


    Klausulen: God idé -- samtidig er eg usikker på om pene sirklar eigentleg hadde kledd serien. At teikningane (og ikkje minst av hovudpersonen) blir røffe og uslipte, og dessutan litt flatklemte når kombinert med fart, følast på mange måtar som om det verkeleg passer inn i serien. Men sikker er eg ikkje. Kanskje hadde ein skikkeleg passar vore vegen å gå.

    Viva: Takk! Murveggen var eit tolmodskrevande mareritt, men den var verdt det. Perspektivet blei ikkje som eg ville, eg hadde lyst til å vise biletet sett nedanfrå og opp, men teikna murveggen i normalt sett-rett-forfra-perspektiv istadenfor, og då blir perspektivet på vindauget sannsynlegvis feil. Bilen er teikna etter fotoreferanse.

    Nils Petter: Takk! Joda, denne var med i forrige utgåve òg -- eg vurderte å sløyfe den her fordi den ikkje eigentleg tilfører noko som helst til historia (og fordi eg innbiller meg at folk sikkert byrjar å bli ganske lei dette fengselsbesøksrommet). Grunnen til at eg lot den vera med var at eg trur at det kan vera positivt å ha ei side med litt action midt inne i den verste plotteksponeringsperioden (mykje prating i førre side, og sannsynlegvis blir det mykje i neste òg, og då er det fint å ha ei hjernedaud actionside mellom dei).

    Bilalarmen burde ha vore synlegare, ja. Eg har av ein eller annan grunn fått inn i hovudet mitt at lydeffektar burde vera handteksta -- og ettersom eg ikkje hadde teikna noko av denne serien sidan i november, feilberegna eg kor lite ting faktisk kom til å sjå ut når det var ferdig skanna og krympa. Og du har sjølvsagt heilt rett i at panseret kunne ha vore flatare.

    mahatma: Takk for det! Kan hende at eg burde hatt meir glass, og hadde eg ikkje vore så lat hadde eg teikna inn ein skikkeleg bakgrunn òg ... men dette fungerte heilt greitt.

    Olaf, 25.01.2009, 19:46


    Kausjonvitsen er (ironisk nok) ubetaleleg.

    Loki, 26.01.2009, 14:25


    Seriene dine er i grunn dem jeg ler mest av her på Nettserier hittil :D Virkelig genial humor. Håper det kommer mer med tiden!

    Peachy, 15.06.2010, 20:07


    Siste blogginnlegg:

    Informasjon (og brainstorming) om Nettserier på Raptus 2010

    av Olaf Moriarty Solstrand, 11.08.2010, 23:31

    Hallo folkens! Det er under ein månad igjen til årets Raptusfestival, og som vanleg ser det ut som om mange av dykk har tenkt dykk dit. Det kjem sannsynlegvis ikkje som ei bombe at Nettserier òg kjem til å vera representert på årets festival.

    Her er litt av det som kjem til å skje rundt Nettserier på årets Raptus-festival:

    Vi selger dine teikneseriar.
    Dette er ein idé til noko vi aldri har gjort på standen før. Eg legger merke til at ganske mange av dykk har blader og album til salgs på årets Raptus-festival. Nokre av dykk har kanskje planer om å skaffe stand sjølv òg, og nokre av dykk har kanskje ein bunke blad liggjande frå eit blad de trykte opp for to år sidan som de ikkje klarte å bli kvitt. Raptus er sjølvsagt rett stad for å få solgt sånt, men om ein har berre eitt blad følast det jo veldig som eit ork å skulle sitja på stand heile helga, særleg dersom det betyr at ein går glipp av fantastiske foredrag med Don Rosa og Nevin Martell og Eirik Andreas Vik.

    Så her er eit tilbod til alle dei av dykk som har ting å selja på årets festival. I år har du moglegheit til å stikke innom standen, leggja frå deg ein bunke blad, og så sel Nettserier det for deg. Kor mykje vil vi ha i provisjon for dette? Null kroner. Det stemmer; null kroner.

    Slik fungerer det:
    1. Stikk innom standen på fredag eller når du kjem til festivalen. Legg frå deg det du har lyst til å selja på standen. Det speler inga rolle om det er fancy fargealbum med opplag på mange tusen som du sel for femti kroner stykket eller om det er minicomics du har trykt opp på kopimaskin som du sel for fem kroner stykket: Så lenge du er eit Nettserier-menneske, sel vi gladeleg tinga dine.
    2. Vi fører opp din teikneserie på ei prisliste vi har hengande på standen. Det er sjølvsagt du som bestemmer prisen.
    3. Dersom det kjem folk innom standen som er interesserte i å kjøpe serien din, sel vi det til dei og tar imot pengar på dine vegne.
    4. Sjølvsagt vil du kunne sitja på standen og signere seriane dine òg. Som vanleg prøver eg å få bestilt langt fleire stolar til standen enn vi faktisk har bruk for, og desse vil folk sjølvsagt kunne skrive seg opp på liste for å få disponere. Litt som å ha eigen stand, altså, men du slipper å passe på den heile helga, du slipper å tenke på å ha nok vekslepengar, og du har ein sjanse til å få solgt seriane dine sjølv når du sit midt inne i ein sal og høyrar på Don Rosa.
    5. Når festivalen er over - eller du bestemmer deg for å dra heim - kan du kome innom standen og plukke alle dei usolgte blada, pluss pengane for dei blada som har blitt solgt. Og som sagt: 100 % av pengane går til deg.

    Konkurranser.
    Detaljane er framleis fuzzy. Men det blir konkurranser på Nettserier-standen. Det kjem til å vera ting som skjer på standen til ei kvar tid, med moglegheit til å vinne premiar. Har du til dømes høyrd om cosplay? Sikkert kult for dei som liker å kle seg ut som noko ein ikkje er, men på Nettserier liker vi å oppfordre til at du skal vera deg sjølv. Difor vil vi kåre årets beste ikkje-kostyme! Ein fagjury yet to be announced vil titte på alle som stikker innom Nettserier-standen i løpet av helga, og kåre det antrekket dei ser i løpet av heile helga som liknar minst på eit kostyme. Meir informasjon om premiar og sånt kjem seinare.

    Gratis Førstetiger.
    Alle som stikker innom standen og som har lyst på det, får ein månad gratis Førstetiger. Så om du synest at Førstetiger-tilbodet verkar interessant men ikkje er 100 % sikker på om du har lyst til å bruke pengar på det, stikk innom oss for å få prøve det gratis. Det KAN òg hende at vi gir bort andre ting på standen i løpet av helga, time will show.

    Pizza!
    Som vanleg er alle Nettserier-folk som er interesserte i det inviterte til å vera med ut og spise pizza på fredag kveld. Mi erfaring er at jo fleire som møter opp, jo gøyare er det. For dei som aldri har vore på Nettserier-pizzafest før, er konseptet ganske enkelt: Vi spleiser på ei rekke store pizzaar, alle kjøper sin eigen drikke, og så sit vi og skravler om Nettserier og teikneseriar og diverse andre ting heilt til pizzarestauranten kastar oss ut. Møt opp, det er gøy!

    Programpost
    Eg ønskjer framleis å vera litt løyndomsfull rundt kva dette handlar om, litt fordi det ikkje er 100 % klart enno og litt fordi det hadde vore utruleg tøft å klare å overraske dykk. Men det BLIR ein Nettserier-programpost i år, sannsynlegvis på sundag, og eg håper at så mange av dykk som mogleg dukkar opp der.

    Samarbeidsprosjekt?
    Nettserier er ikkje ei samansveisa gruppe menneske, det er ei samling individuelle enkeltpersonar som ein normalt finn kvar for seg. Men på Raptus møtast vi. Og då må vi jo klare å lage eitt eller anna saman, må vi ikkje? I 2008 signerte alle Nettserier-folk som var innom standen ei T-skjorte som seinare blei auksjonert bort til inntekt for Røde kors. Eg har ingenting konkret planlagt enno, men eg er sikker på at vi kan kome på noko enno tøffare i år.

    Og meir?
    Du har garantert langt betre idear enn meg til kva vi kan gjera for å promotere Nettserier på Raptus. Vel, rett under her er det eit kommentarfelt. Kva med å dele tankane dine med oss andre? Kanskje er din idé så genial at den set alt eg har skrive over her i skuggen. Kom igjen - la oss brainstorme!

    (Skriv gjerne òg kommentar om du har nokre spørsmål, så klart.)

    Vi sjåast i Bergen 10.-12. september!

    8 kommentarar

    Gå til Pacham-bloggen

    Pacham er © Olaf Moriarty Solstrand 2010. Publiseringsløysinga er utvikla og vedlikehaldt av Nettserier.no.