![]() | Om serien | ![]() |
- Les meir om Lokes Eskapadar
- Vis persongalleriet for serien
- Les meir om Ørjan Holen
- Gå til Ørjan Holens heimeside
- Send e-post til Ørjan Holen
- Tips ein ven om Lokes Eskapadar
- Abonner på Lokes Eskapadar (RSS)
- Vis alle kommentarane Lokes Eskapadar har fått
![]() | Anbefalte seriar | ![]() |
Brukarar som har Lokes Eskapadar blant sine favorittar, liker òg:
- Sagaen om Dadaph Serraph av
- Arild av
- Umbraco av
- Blargh! av
- Optipess av
- Einar Gerhardsen av
- Ridderne av Dor av
- Mjuu av
- Tony av
- Åge-Teodor av
- SARA SAHARA av
- Retro av
Ørjan Holen har òg laga desse seriane:
Lokes Eskapadar ligg i desse kategoriane:
Persongalleriet
Arve Fikenblad
Helt (og hovudperson?)
Ein mystisk karakter med ein paradoksal hovudfunksjon: Arves mest effektfulle attributt er hans evne til å kanskje bli med i serien - ein attributt som såklart forsvinn i eit logikkens onomatopoetikon dersom han nokon gong skulle bli med.
Loke Ås
Hovudperson (og helt?)
Protagonisten vår, ettersom det er hans eskapadar serien vil omhandle. Foreløpig i serien inkluderer desse eskapadene ein frisk spasertur, ein kort lunsj, samt eit brått fall. Merk for øvrig det ufordrageleg sjølvsikre fliret.
Tyngdekrafta
Tyngdekraften
Eit ordentleg ekkelt antropomorfisert konsept, ekkelt på akkurat dei måtane berre skikkeleg ekle antropomorfiserte konsept kan vere. Hobbyar inkluderer gjensidig tiltrekning og ukultivert sigersdans, med meir. Opptrår i serien under kunstnernamnet "Tyngdekraften" i eit PR-kåt forsøk på å nå eit breiare publikum.
Slemmestein
Slem stein
Ein tilforlateleg søt og uskuldig stein som med sine diabolske evner innanfor logistikk og kamuflasje forårsakar vanskar for vår helt. Arbeidar for tida frilans for ein ukjent herr T. Yngve Kraften.
Freistaren
Ein banan
I sin beryktede bananform er Freistaren mildt sagt uimotståeleg. Berykta for å lokke det intetanende offeret til seg med sin fantastiske karisma, for deretter å slå til når offeret for lengst har forkasta den kviskrande tanken i bakhovudet om at bananen kan vere ein trussel og som minst forventar det.
Lesaren
Deg
Ja, det er korrekt, dette er (forhåpentlegvis) deg. Du er med i stripa. I alle fall indirekte. Passiv-interaktivitet. Ei ny oppfinning som egentleg berre betyr at eg heilt utan legitim oppbacking nyttar DEG som ein karakter i stripa mi. Du kan antakeleg saksøke meg.
På den andre sida kan eg antakeleg saksøke deg for å nytte ein karakter i frå stripa mi på førerkortet ditt. Eller bankkortet. Eller skrive under med min karakters namn når du teiknar kontrakt med advokat for å svare på dei føregåande søksmålene.
Tidlegare Anonym Sjakkpartner
Odin
Ein meget egen herremann som vår helt hyppig kultiverar eit konkurrerande prestasjonsforhald med.
Å. T. Ende Delsnote, den yngre
Opportunist
Ein ordknapp rakker som flyr omkring og nærer seg av sjølvsikre og nøgde auraer.
Supertor
Ein cameo
Sjølv om han debuterte i Eskapadane er det her vår alles Supertor er på heimebane.
Forfattaren
Meg
Ein knakande kjekk kar med særs begrensa evner innan historieforteljing, ei aning mindre begrensa evner innan vitsing og ikkje-eksisterande evner innan teikning. Liker å ansjå seg sjølv som den allmektige men stort sett godlynte og trivelege herskaren over Lokes Eskapadar og universet dei foregår i, men fleire av hans karakterar stiller seg skeptiske til denne oppfatninga. Hans ambisjonar innbefattar, men er ikkje begrensa til, å ein gong i tida sei noko veldig morosamt i ein pressande situasjon og at når folk ein gong held minnetalar om han, om dei held minnetalar om han, skal dei avslutte med "Vel, eg lo." Og helst byrje med "Eg er ikkje verdig å ta hans namn i min munn", men han innser at denne siste er litt urealistisk.
Han ynskjer dessutan å ikkje vere død når folk held desse minnetalane, for å betre kunne nyte dei.
Herr Koseleg
Herr Utruleg Koseleg
Ein veldig vennlegsinna og emosjonell person som gjer kva han kan for å hjelpe og vere grei med andre.
Herr U. Koseleg
Ein ufatteleg gal og nedrig antagonist, hans demoniske glede ved å utføre grufull sabotasje er kun overgått ved hans staheit i sine irrasjonelle vendettaer og hans perverse hang til å omtale seg sjølv utan fullt fornamn.
Splattfot
Eit Straffande Spark Frå Oven
Foten er styrt av ei eldgamal magisk kraft som blei frammana av ei gruppe vise trollmenn på den tida då noteteikna terroriserte verda. Dei døydde for mange årtusen sidan, så i dag er foten ikkje styrt av andre enn denne vedvarande urgamle trolldommen. Trolldommen fungerer slik at når nokon seier eit magisk ord (som på dei avdøde trolmennenes språk tydde "dø, fonetiske uvesen, døøø!") to gonger på rad vil denne foten umiddelbart dukke opp og trampe ned det næraste noteteiknet med aura, forutsett at det finst slike innanfor 143 meters omkrets. (Noteteikn utan aura blir spara fordi det på den tida stort sett var berre små noteborn som ikkje hadde aura, og sjølv ikkje urgamle trollmenn er SÅ fæle). Det faktum at dei fleste noter, både med og utan aura, i dag er gode, tar foten slett ikkje hensyn til. Foten har trist nok aldri hatt ein barndom, den vart frammana i vaksen alder og har ikkje blitt eldre etter det, men når den ikkje trakkar ned auranoter kviler den i ein ukjent tilhaldsstad - rådande splattfot-teoretikarar omtalar denne staden som Skykrakken - og alt ein veit om dette er at det er langt, langt oppe. Den mest populære teorien for augeblikket er at denne "Skykrakken" går i bane rundt jorda, dette er imidlertid motstridd av dei fleste seriøse vitskapsmenn, ettersom alt tyder på at jorda er flat, og at alt som skal gå i bane rundt ei flat jord difor er nøydt til å dukke ned i havet og kome opp igjen etter å ha gått ein halv runde under jorda, og foten har aldri blitt observert i særleg våt tilstand - og dermed heller ikkje har hatt problem med fotsopp. Det går rett nok rykter om at noteteiknakademiet fleire gonger har forsøkt å angripe foten med diverse formar for basiller, inkludert hyperavanserte fotsoppar, men ingen av desse forsøka har vore vellykka, ettersom foten er, vel, magisk. Det urgamle spørsmålet: Er den festa til eit kne eller er Splattfot simpelthen ein lausfot? Tja, vanskeleg å seie. Foten er så svær at ingen kan sjå så høgt. Eller, det finst sjølvsagt dei som KAN sjå så høgt, men dei tenker sjeldan over å faktisk GJERA det, ettersom dei gjerne er oppteke med å følgja med på kva som skjer UNDER foten.
Splattfot vil gjerne understreke at han HAR negler, men han tar dei gjerne av seg når han går i badet, og i sin (så langt) einaste opptreden i Eskapadane vart han tilkalla nettopp i eit slikt herleg fotbad, og rakk altså ikkje få på seg neglene før han drog på jobb.
Trass i all denne overbevisande informasjonen svirrer det rykter og fullstendig grunnlause teoriar om at foten skulle tilhøyre Forfattaren. Slike rykter ler ein av.
Splattfot er for øvrig ein ivrig tilhengar av "Jo lengre persongalleriskildring ein karakter har, jo meir sentral for serien er den"-teorien.
Anya
Kanin. Det må vere ein kanin.
Personlegheitslaus,lodden, og totalt utan eit kontaktnettverk i høgare demoniske sirklar; kaninen Anya er det ypperlege potensielle måltid for ein kvar svolten åsagud.
Byggvir
Ekspeditør
Denne bebrillede plage er sjølve den Grimme Onnekaren for kundene i Frøys Landhandel, der han nådelaust og effektivt sanker inn penger for seg sjølv og sin gullglade sjef. Utstyrt med eit sunt vett og eit sviende vidd kombinert med eit gigantiskego og ei nådelaus hang til unaudsynt autoritetsutøving; Byggvir er ein verdig motstandar sjølv for vår kyniske protagonist.
Dommedagsfisken
Verdas svøpe
Undergangens Vatnlevande Kreatur, Endetidas Gjellepuster, Skummel Svart Ting, Dommdagsfiskens namn er mangfoldige, men eitt er sikkert - den er ein lite triveleg ting å komme borti.
Kalle Theodor Delsnote
En sjömann för lënge, lënge sën
Han kviler i havet, Kalle Theodor. Grand-grandonkel til herr Åge-Teodor Ende Delsnote, den yngre. Forkjærligheit for piperøyking og svensk sang.
Zeus
Big Cheese
Kollega av Odin med irriterende tendenser til elitisme.
Hermes
Flagrefot
Zeus' flying sidekick.
Gilgamesh
Konge, to-tredjedels gud, Enkidus venn, Ishtars avviser and all around good-guy
Uovertruffen kriger. Hobbyar inkluderer snekring, slakt og sjøliv, samt muligens hekling.
Pluto
Hades
Standhaftig og prinsippfast type som elsker å få andre til å bryte med sine eigne prinsipp for å så sjå betre ut i forhald.
Heimdal
Heimdall
Vaktsjef, toller, forsvarsminister, regnbogepusser, heisbestyrer og Odinsson. Han kan høyre graset gro og "?!" uttalast. Dessutan har han gull i kjeften og ein gigantisk familie på mødresida.
Moses
Ørkenvandrer
Desillusjonert gamal gubbe.
Tekstboksen
Ein forteljarteknikk
Eit antropomorfisert stripeelement (nytta for å gi meir eller mindre snasne innleiingar til enkelte striper) som likar å sjå seg sjølv som Forfattarens sidekick, men som egentleg er meir av eit antropomorfisert stripeelement (nytta for å gi meir eller mindre snasne innleiingar til enkelte striper).
Hel
Dronning
Mislikar andre folks sarkasme. Sterkt.
Gå tilbake til Lokes Eskapadar
Denne serien har blitt lest 59838 gonger sidan 12. april 2007.
Denne sida er ein del av nettserier.no.

