![]() | Om serien | ![]() |
- Les meir om Lokes Eskapadar
- Vis persongalleriet for serien
- Les meir om Ørjan Holen
- Gå til Ørjan Holens heimeside
- Send e-post til Ørjan Holen
- Tips ein ven om Lokes Eskapadar
- Abonner på Lokes Eskapadar (RSS)
- Vis alle kommentarane Lokes Eskapadar har fått
![]() | Anbefalte seriar | ![]() |
Brukarar som har Lokes Eskapadar blant sine favorittar, liker òg:
- Sagaen om Dadaph Serraph av
- Arild av
- Umbraco av
- Blargh! av
- Optipess av
- Einar Gerhardsen av
- Ridderne av Dor av
- Mjuu av
- Tony av
- Åge-Teodor av
- SARA SAHARA av
- Retro av
Ørjan Holen har òg laga desse seriane:
Lokes Eskapadar ligg i desse kategoriane:
Om Lokes Eskapadar
Serien
Lokes Eskapadar er foreløpig ein meiningslaus serie om Loke, ein fyr som, med minimalt portrettert animasjon, trakker omkring og utfordrar prinsipp som for oss andre er litt utilnærmelege. Som Tyngdekrafta. Eller ein banan.
Bakgrunnen
Eg tenkte "det er jo dårleg gjort å lese alle desse teikneseriane utan å forske lage ein sjølv", det er stort sett det. Konseptet kom frå mitt kyniske verdsbilete, mistenkjer eg. I alle situasjonar er det eit eller anna form for konsept ein sjølv ikkje har kontroll over ein må forhalde seg til. "Forhalde seg til" blir i mi sjuke verd - som i mi sjuke stripe - til "kjempe mot". Kven kan kjempe mot sånne konsept? Vel, det må jo vere nokon som er veldig menneskelege, for at poenget skal fungere. Det må samtidig vere nokon som kan gjere ting menneske ikkje kan - som å røyse seg og trakke vidare etter å ha fått slått ut bakhovudet. Så eg nytta ein norrøn gud - æsene var jo stort set overmenneske med uspesifiserte overmenneskelege evner, så... Dessutan likar eg dei. Det åpnar i tillegg for all verdas merkelege karakterar - som vist i myta om Balders død har alle ting ein personlegheit i norrøn mytologi, heilt ned til den minste misteltein, eit faktum som inspirerte den bevegelseshemmede Slemmestein. Ein får tilgi meg at Loke'n min liknar heller lite på den fagre fyren Snorre skildrar, men heller meir på Peter Madsens lange, hengslete tolkning, men eg ville gjere hovudpersonen lett gjenkjenneleg i forhald til eventuelle bikarakterar, og med mine veldig begrensa teikneferdigheitar ville ein blond, glattbarbert fyr fort kunne sjå veldig generic ut og dermed vere lik alle rundt seg.
Stripene
Inspirert av Olafs liste over referanser på Pac-Man Begins skal eg her forsøke kommentere nokre av stripene mine litt:
Stripe 1: Åpenbart ein blatant Loony Toons-rip-off, men (heldigvis?) ikkje ein bevisst sådan, det var kun noko eg innsåg i etterkant. Om det er ei Snurre Sprett Vs Elmer Midd eller Per Ulv Vs Bippe Stankelbein-stripe får vere opp til sjåaren. Tricky, dog - Loke er tydeleg meir av ein Snurre enn ein Elmer, men Snurre dett jo aldri ned...
Stripe 2: Denne er meir original, og eg er ganske nøgd med den. Trivia: "Nevehytt" dukkar for fyrste gong her, ein ordkonstruksjon eg personleg finn hysterisk morosam og vil nytte til stadigheit. Herr Tyngdekraften har forøvrig eit Cartman-inspirert ansikt og, merkar eg når eg har nytta han i seinare striper, ein Cartman-liknande personlegheit, så takk til South Park for han. Han har dessutan ein ambolt teikna på brystkassen, i hyllest til hans nemnde Loony-Toons-funksjon i stripa før.
Stripe 3: Kontiniutetsfriken i meg er einaste grunn til at denne stripa eksisterar. Eg er ikkje overmåte nøgd med den, heller. Men eg trengte å vaske bort blodet frå Lokes hår til stripe 4 (som eg teknisk sett laga før stripe 3). Det ordna seg bra til slutt, dog - stripe 3 er på mange måtar startpunktet for det som no er byrja bli hovudplottet i serien.
Stripe 4: Bestillingsverk for ei god veninne av meg. Eg sa eg hadde laga teikneserie, og hennar fyrste reaksjon var "Åh, du må ha med en banan!" Dog eg trur ho hadde tenkt seg noko litt meir freudiansk enn stripe 4 enda opp later ho til å vere nøgd. Eg likte forresten karakteren Ein Banan og vil nytte han igjen om eg får ein idè til ei stripe. Du vil neppe kjenne han igjen når den tid kjem, dog - Ein Banan er ein formskifter...
Stripe 5: Eg fann ut at det var like greit å få brutt ned den fjerde veggen fyrst som sist, og kunne ha det moro på lesarens bekostning i same slengen. Er ikkje heilt nøgd med stripa, dog, mistenkjer at sluttpoenget er for diffust og lite intuitivt.
Stripe 6: Var egentleg kun meint å vere åpningsrutene til stripe 7, då eg plutseleg innsåg at dette egentleg var ein punchline i seg sjølv.
Stripe 7: Eg følte det var byrja bli på tide å så smått vise at "Loke Ås" faktisk var guden Loke og ikkje berre ein merkeleg fyr oppkalla etter han, og såg for meg han spele sjakk med ein annan gud. Dette poenget kom dog litt i skuggen av at stripa måtte vere morosam... Trivia: Ja, eg veit at sjakkbrikker er kvite og svarte, ikkje grå og grøne. Sjølv om dialogen er om sjakk er brettet dei har framfor seg eit Slag-brett, meint som ein inside-joke til dei som les vevloggen min.
Stripe 8: Plottet rullar endeleg litt vidare, med Lokes fatale feilgrep, eit feilgrep som vil leie til mykje trøbbel for vår hel- for vår protagonist i framtida. Ein alternativ versjon av denne hadde noteteiknet liggende muntert ved Slemmestein i fyrste rute, men eg fann ut at det var meir morosamt om Slemmestein låg totalt stille og livlaust heilt til siste rute.
Stripe 9: Slemmestein legg planar, planar lesaren vil stifte nærmare bekjentskap med ei veke med striper seinare...
Stripe 10: Eg hadde lenge vurdert å la noteteiknet stå fram som ein karakter, og ikkje berre ein lydeffekt, og då intet mindre enn to av mine betre MSN-kameratar foreslo det same uavhengig av kvarandre, så måtte eg jo gjere alvor av det. "Parasittisk organisme som jobber som symbol for munterheit" er forøvrig eit konsept som passar denne stripas grunntanke som hand i hanske.
Stripe 11: Den fyrste gjestestripa denne serien har fått, der Lokes personlegheit er coina av Odd Petter Sand i siste rute og eg gudskjelov og takk fekk ein idè til korleis eg kunne bruke Yngve Kraften igjen før han vart heilt bortgløymt.
Stripe 12: Kontrollfrik og kontinuitetsfrik som eg er kunne eg ikkje køyre den stripa eg opprinneleg laga som stripe 11 etter gjestestripa, då Lokes siste replikk til den forbannede Yngve i gjestestripa ville bli hengende ubesvart i så fall. Og gudskjelov for det, i mine auge er dette den mest morosame stripa (men samtidig blant dei mest enkle plankekøyring-stripene kva plott og idè angår) eg har i skrivande stund, og akkurat no har eg 23 ferdige striper.
Stripe 13: Blackadder-oversetjing i siste rute på øverste linje i stripa. Vurderte nesten å ta den som punchline og gjere stripa til ein to-deler, men fann ut at for det fyrste hadde eg dratt ut ettereffektane av gjestestripa nok, og for det andre er det for mykje å forlange så tidleg i ei stripe at lesarane må ha sett ein britisk kultkomiserie OG skjønne ein referanse til den når oversatt til norsk for å kunne ta poenget.
Forøvrig liker eg sluttpoenget her, eg har ein fascinasjon for oppsetsige karakterar i klammeri med sine skaparar.
Stripe 14: Er usikker på kvar denne kom i frå, men i den eine augeblinken sat eg og såg på stripe 7 og i den neste hadde eg laga to ruter av denne.
Stripe 15: Kanskje den minst morosame stripa eg har laga, men, men, eg følte eg måtte få ut ein del informasjon omtrent no, og klarte altså ikkje å gjere det meir morosamt. Er godt nøgd med Odin den Einauga som er teikna i profil for å unngå teiknevanskar og dei overflødige ramnene, dog.
Stripe 16: Bestillingsverk for Ole, då han sa eg burde lage ei stripe om ein fyr som hadde hans favoritt-emoticon " ^^; " som andlete. Ein fantastisk idè, tykte eg, og Herr Koseleg blir nok ein relativt fast karakter i stripa.
Stripe 17: Ikkje heilt nøgd med denne, følte at Slemmestein som vart tatt av straumen var litt lite overbevisande portrettert, og at sluttpoenget ikkje er morosamt nok til å bære stripa. Men, men, den er plottmessig viktig, og den er i alle fall hakket betre enn stripe 15, så...
Stripe 18: Metamorfosen. Vurderte lenge å nytte eit sint utsjåande emoticon - >: ( til dømes - som andlete på U. Koseleg, men følte at ein Joker-inspirert galemattist-vri fungerte betre. Liker VS-tittelen her, ofte er det slik at den blir sekundær i forhald til det eg fortel i rutene, men denne gongen følte eg at eg traff blink med den, og det er jo bra, då det liksom skal vere poenget med serien i utgangspunktet...
Stripe 19: Ny gjestestripe! Denne gongen av Olaf Moriarty Solstrand, og med ei innsikt i karakterar og ein gjennomført fargebruk og kvalitetsvitsing som etterlater meg pinleg misunneleg.
Stripe 20: Me feirar tjue striper ved å legge ut fyrste stripe i den fyrste (og foreløpig einaste) lengre historia i LE! Ikkje så veldig bra, kanskje, men den set opp premisset.
Stripe 21: Den stripa eg så langt er visuelt mest nøgd med. Dessutan liker eg konseptet "langdistanses nevehytt".
Stripe 22: Frøys landhandel, ein landhandel for dei handlekraftige, uthaldande og urokkelege, landhandelen som tilsynelatende gjer alt den kan for å sabotere din handleopplevelse.
Stripe 23: Frøys landhandel er bygd etter prinsippet "jo meir jo betre", og varebehaldninga er deretter. Her er eit - forferdeleg dårleg teikna - døme, då Loke kjem inn på matvareavdelinga. Trass i at hylle-ruta vart mildt sagt råtten er eg veldig nøgd med Lokes overraska uttrykk i ruta før.
Stripe 24: Erlend, som eg tidlegare hadde spurt om ville lage ei gjestestripe hjå meg ettersom eg veit at hans sans for humor passar LE som deformert hand i deformert hanske, kom og gav meg den gledelege nyhenda at han no hadde laga ei gjestestripe dagen før denne stripa vart lagt ut. Ettersom det mest naturlege punktet i Matlyst-arcen eg hadde til å ta pause i var medan Loke gjekk og leita i hyllevirvaret kom dermed gjestestripa hans ut knappe døgnet etter, og så kort ventetid har ikkje noko LE-stripe hatt sidan nummer 1 og 2. Erlend gjorde såklart ein glimrende jobb, både i å lage ei god stripe og i å, som eg mistenker var viktigare for han, lage eit salig rot av kontinuiteten.
Stripe 25: Så snart eg hadde lese Erlends gjestestripe måtte eg såklart lage ei oppfølgjarstripe for å geleide lesaren attende til Matlyst-arcen og ikkje minst ordne opp i grauten Erlend hadde stelt i stand. Forhåpentlegvis gjorde eg dette rimeleg bra.
Stripe 26: Matlystarcen er tilbake, og med to nye karakterar introdusert, sjølv om ingen av dei er særleg prominente i stripa. Begge vil dog komme nærmare fram i lyset i stripe 27.
Stripe 27: Dommedagsfisken blei til ved eit tilfelle, då eg plutseleg oppdaga at eg hadde krussa ned noko som likna på ein beksvart fisk med eit farleg tomt, kvitt blikk. Eg måtte såklart bruke han i ei stripe, og sjølv om det tok meg over ti stykker kom han til slutt med i 26, og vart på alvor brukt her. Trivia om den andre karakteren ein stiftar nærmare bekjentskap med i denne stripa: Byggvir er faktisk ein verkeleg mytologisk skikkelse, som mellom anna er Frøys tenar og kranglar fælt med Loke i Lokesenna, skjønt utover dei to tinga har eg tatt heller store fridomar med karakteren. Ein av mine intensjonar med denne serien er å før eller seinare knytte dei fleste karakterar opp mot ein mytologisk skikkelse, men foreløpig er det målet langt, langt unna.
Stripe 28: Eg veit ikkje om det er berre meg, men eg liker denne typen ute-av-det-blå fjerde-vegg-brot som i tillegg belønner kontinuitetsfanatikerene for å følgje med.
Stripe 29: Denne dialogen lød avsindig vittig i hovudet mitt. Den tapte litt i overgangen frå idè til ferdig stripe, føler eg, men den er fortsatt brukbar. I mine auge, i alle fall.
Stripe 30: Veldig, veldig billeg vits, men den måtte jo komme før eller seinare...
Stripe 31: Eit resultat av at stripe 30 var delvis basert på ein kommentar av Kaffekatten der han ville ha "Loke fanga i midten". Ettersom eg ikkje lot Loke delta i den stripa følte eg at han burde dukke opp i neste og klage over nettopp dette. Er rimeleg nøgd med resultatet.
Stripe 32: Denne mista litt av effekten ved å ikkje komme direkte etter 29, men sånn går det når ein bestemmer seg for å gjere stunt på alle heile tier-striper samme kva.
Stripe 33: Her går plottet vidare. Skjønt, ikkje sei det til nokon, eg anar ikkje kvar det er på veg. Som alt anna ved denne serien er det improvisert på dagsbasis. Trivia: Eg hadde opprinneleg Odin skvisa inn som siste rute der det no er ei ekstra dialoglaus rute mellom Loke og Byggvir. Vart langt meir effektfullt å gi Byggvir ein "silent beat" til å halde reaksjonen, og biletet av Odin og Slemmestein var langt meir stilig i så bredt format som det no er.
Stripe 34: Ok, denne suger, men eg trengte verkeleg noko som brakte U. Koseleg attende og samtidig gav eit poeng å fokusere på i stripene etter, og dette var det beste eg kom på. Sjølve hovudpoenget med stripa skulle vere å la Loke stå igjen med tom hand, heile scenen heilt stiv, som om Koseleg hadde gjort heile stuntet sitt på under eit tiendedels sekund. Det passa ikkje med sideformatet å legge til ei slik rute, og eg hadde dårleg tid då eg laga stripa, så eg forsøkte ikkje finne ein måte å løyse det på. Dette angrar eg på no ,så kven veit, ein dag finn eg kanskje på å fikse denne stripa litt opp.
Stripe 35: Ettersom Lokes replikk i rute 1 var poenget med stripa er eg rimeleg nøgd med at eg klarte å gjere avslutninga på den såpass morosam som eg no tykkjer den er. Men for all del, ikkje akkurat ei sublim stripe, dette. Merk for øvrig "tom neve"-pila, den einaste gjenlevande resten av den planlagte punchlineruta frå stripe 34.
Stripe 36: Eg forsøkte ei stund å finne ein måte Loke kunne komme unna med å få både pengene sine erstatta av Byggvir OG få varene gratis, men det blei for komplisert. Den fungerer dog rimeleg bra som det er no òg.
Stripe 37: Veldig nøgd med denne stripa, der grunnidèen kun er ei typisk "hauger av folk står i bakgrunnen og kommenterer"-gag som skulle bringe tilbake ein mengde karakterar eg foreløpig ikkje har så mange konkrete stripeidèar for men som eg ikkje vil la gå i gløymeboka.
Stripe 38: Den naturlege måten å avslutte Matlyst-arcen på, det slo meg alt då eg laga stripe 21 at dette måtte vere måten den slutta. Vurderte lenge å lage ei stripe mellom 37 og denne som skulle omhandle Lokes gåtur heim, men ingen umiddelbar punchline slo meg, og då eg oppdaga at dette ville bli kapittel 15 følte eg at det passa bra å slutte her uansett - 15 er eit finare tal å slutte på enn 16, av ein eller annan grunn.
Stripe 39: Oles gjestestripe, som igjen bringer U. Koseleg fram i lyset, noko eg likar, då eg ikkje har umiddelbare stripeidèar med han, men gjerne vil ha han liggende tydeleg i bakgrunnen som ein konstant trussel. "Motstander av kj-lyden" er særleg eit herleg grep - det ville aldri falle MEG inn å gjere ein karakter, sjølv ein diabolsk nemesis-karakter, til noko så fælt noko.
Stripe 40: Eg elskar den tv-serien, og eg elskar den scenen, så difor elskar eg denne stripa. Enough said.
Stripe 41: Tre referanser her - "Your personality is showing", som eg ikkje er sikker på kvar eg har i frå, men som eg er sikker på at eg tykte var hysterisk der eg høyrte eller las det. (I skrivande stund undrar eg om kanskje Mal sa det til Jayne på "Firefly"... i så fall, yay, to Whedonreferanser på ditto dager!) I tillegg har eig eit paraphrased Fjolls Til Fjells-sitat, og såklart ein velkjent Teletubby-replikk.
Stripe 42: KJEM SNAR- EH. KJEM EIN ELLER ANNAN GONG. FORHÅPENTLEGVIS. Kanskje.
Stripe 43: Ting.
Stripe 44: Meir ting.
Stripe 45: Ting og tang.
Stripe 46: Tang og ting.
Stripe 47: Ting 2.
Stripe 48: Ting slår til igjen.
Stripe 49: Ting IV
Stripe 50: Tingen går amok
Stripe 51: The Thing
Stripe 52: The Thing Vs. The Hulk
Stripe 53: Ting fortset
Stripe 54: Meir ting
Stripe 55: Masse ting
Stripe 56: Mest ting
Stripe 57: Mest ting + 1
Stripe 58: Tingerier
Stripe 59: Ting Unleashed
Stripe 60: Kjempeting
Stripe 61-150: Ein bråte ting.
Gå tilbake til Lokes Eskapadar
Denne serien har blitt lest 59841 gonger sidan 12. april 2007.
Denne sida er ein del av nettserier.no.

