Ved å registrere deg som brukar på nettserier.no kan du leggja ut dine eigne teikneseriar på desse sidene (merk at dette ikkje er eit krav for å registrere seg som brukar -- du kan godt registrere deg berre for å kommentere andres teikneseriar utan å ha planar om å leggja ut noko sjølv). Du får òg tilgong til å leggja inn kommentarar til andre serieskaparars striper, og du vil òg kunne påverke serianes rangering ved å leggja til dei seriane du liker best blant dine favorittar.
NB: Ved å registrere deg som brukar på nettserier.no godtar du / bekrefter du at:
- Du har ikkje lov til å leggja ut teikneseriar eller tekst på nettserier.no som du sjølv ikkje har opphavsrett til.
- Du har ikkje lov til å leggja ut teikneseriar eller tekst på nettserier.no som av ein eller annan grunn er i strid med norsk lov.
- Sjikane og personhets er ikkje akseptert på nettserier.no.
- Du legger ut seriane dine av eigen fri vilje, og aksepterer at du ikkje vil få betaling for dette. (For meir informasjon om dette, les Spørsmål og svar.)
- Du samtykker til at informasjonen du oppgir under registreringa og seinare, vil bli lagra i våre databasar. Dersom du er under 18 år gamal, må du ha verges samtykke til å oppgi personopplysningar om deg sjølv. Personopplysningar inkluderer mellom anna namn og e-postadresse.
- Alle brot på sidenes reglar vil bli vurdert, og kan i verste fall bli straffa med utestenging.
Registreringsskjema
nettserier.no blir drive av Solstrand Tekst og Bobler, Vestregata 77, 9008 TROMSØ. E-post: post@nettserier.no. Vevmeister: Olaf Moriarty Solstrand.