Eg vil kome raskt i gong. Korleis legger eg ut teikneseriane mine her?
- Opprett ein brukar ved å trykke «Registrer ny brukar» i verktylinja øvst på sida. Registrer deg.
- Valgfritt steg etter at du har registrert deg: Klikk på «Rediger profil» for å leggja inn litt meir opplysningar om deg sjølv.
- Klikk på «Min side», og på sida du får opp klikker du på «Opprett ny teikneserie». Oppgi seriens namn, ønskja URL, og ønska målform for seriens heimeside.
- Valfritt steg etter at du har registrert serien: Gå inn på «Min side» igjen, og gå inn på «Endre seriens innstillingar» for å oppgi meir informasjon om serien.
- No kan du under «Min side» finne ei lenkje til «Legg til ny stripe» under den serien du nettopp la ut.
- Vel dato stripa skal publiserast på. Du kan òg velja datoar tilbake i tid om du ønsker det.
Kva er hensikten med nettserier.no?
Hensikten med nettserier.no er å skape ein arena der alle som ønskjer det utan å betale noko for det kan leggja ut sine teikneseriar på nett i eit enkelt system og umiddelbart få tilgong til eit publikum. Serieskaparar trenger respons for å kunne bli betre -- skal du få respons frå eit større publikum må du anten få serien utgitt eller leggja han ut på nett. Å få serien utgitt er ofte svært vanskeleg, og å leggja den ut på nett krever gjerne først at du innehar ein del kunnskap om å lage heimesider -- og at du har ein stad å leggja ut denne heimesida, noko som gjerne koster pengar -- og deretter at du klarer å byggja deg eit nettverk som du kan reklamere for denne sida i, slik at folk faktisk finner serien din. Nettserier.no er rett og slett meint å gjera det enklare å leggja ut teikneseriane sine på nett.
Kva kan eg leggja ut på nettserier.no?
Vi stiller ingen krav til sjanger eller form. Vil du leggja ut enkle striper, kan du gjera det. Vil du leggja ut enkeltsider av ei lengre historie eller til og med av ein teikneserieroman, må du gjerne gjera det. Skrekk, fantasy, humor, sjølvbiografi, action, funny animal ... det er opp til deg. Ettersom du er din eigen redaktør har vi heller ingen sensur her -- vi stiller berre tre krav til seriane du legger ut: At dei er teikneseriar eller vitseteikningar, at du har laga dei sjølv eller på annan måte sit på rettigheitene til dei, og at dei på ingen måte strider mot norsk lov. I tillegg kjem eit par tekniske krav: Du kan ikkje leggja ut meir enn ei biletfil for kvar dag, du kan ikkje leggja ut bilete breidare enn 750 pikslar, og dei er nøydt til å vera av .jpg-, .gif- eller .png-format.
Koster dette noko? Gir eg frå meg nokre rettar ved å leggja ut serien her?
Nei til begge spørsmål. Du beheld alle rettar til serien din, og du trenger ikkje å betale ei krone for tilbodet.
Får eg betaling for å vise fram seriane mine på nettserier.no?
Nei. Hensikten med nettserier.no er at alle som ønsker det skal ha ein stad å leggja ut teikneseriane sine. Då har vi naturleg nok ikkje moglegheit til å lønne alle. Om du ønskjer pengar, og ei anna nettside er villige til å tilby deg det, er det sjølvsagt der du bør slå til.
(Berre så det er sagt: Grunnen til at det er reklame på desse sidene, er at det koster ganske mykje å drive dei. Reklamen er eit forsøk på å dekke utgiftene. Du aksepterer at dette er pengar du ikkje vil få sjå noko til -- det er ikkje snakk om at andre tener seg rike på dine vegne, det er snakk om å dekke utgiftene som går med til å halde nettsidene i live.)
Korleis er stripa som ligger på forsida vald ut?
Stripa som ligger på forsida er den nyaste stripa som er lagt inn, eller -- dersom det er fleire striper som er lagt inn for same dag -- ei tilfeldig vald stripe av dei nyaste stripene. Dersom det er publisert ei stripe i dag, vil denne visast på forsida, dersom ingen er publiserte i dag, men ei stripe blei publisert i går, vil denne visast på forsida, dersom tre striper blei publisert i dag vil ei tilfeldig vald av desse visast på forsida, dersom ingen er publiserte i dag, men tre striper blei publisert i går, vil ei tilfeldig vald av desse visast på forsida. Med «tilfeldig vald» meiner eg at denne kan forandre seg når ein oppdaterer sida og at det difor ikkje nødvendigvis er den same stripa heile dagen.
Eg har akkurat registrert ein serie, kvifor står den ikkje på lista over nye seriar?
Lista over nye seriar viser berre seriar som har striper liggjande inne. Det vil seie at sjølv om du har oppretta serien, vil den ikkje visast på «Ny»-lista før du har lagt inn striper, og desse stripene har blitt publisert. Dersom den første stripa du har lagt inn er lagt inn på datoen i overimorgon, vil du kome opp på lista i overimorgon, med mindre du er dytta ut av lista før den tid.
Korleis er lista over brukaranes favorittar laga?
Registrerte brukarar vil på kvar enkelt series side, unnteke sine eigne seriar og seriar som ikkje har lagt ut nokre striper enno, få opp ein link merka «Legg til som favoritt» i menyen. Ved å klikke på denne lenkja leggjar ein til den serien blant sine favorittseriar. Dei seriane som flest brukarar har markert som favorittseriar, er dei som hamner på toppen av «Brukaranes favorittar»-lista.
Når på døgnet blir stripene på nettserier.no oppdaterte?
Dersom dei nye stripene er lagt ut dagen før, vil dei bli oppdaterte ved midnatt. Om dei ikkje er på plass ved midnatt, vil dei bli oppdaterte når stripene blir lagt ut av serieskaparen.
Når eg legger inn tekst på sida, kan eg då formatere denne på nokon måte?
Ja. I dei aller fleste tilfelle der du skal leggja inn tekst på sida, vil desse kodane verke:
[b]Feit tekst[/b]blir automatisk erstatta med Feit tekst.[i]Kursiv tekst[/i]blir automatisk erstatta med Kursiv tekst.[u]Understreka tekst[/u]blir automatisk erstatta med understreka tekst.[url=http://www.nettserier.no]Lenkjetekst[/url]blir automatisk erstatta med Lenkjetekst.[img]biletnamn.jpg[/img]blir automatisk erstatta med eit bilete. du kan òg bruke[img left]biletnamn.jpg[/img]for å venstrestille biletet i teksten, eller[img right]biletnamn.jpg[/img]for å høgrestille det. Merk: Du kan berre lenkje til bilete som du har lasta opp til nettserier.no via «Mine illustrasjonar».
Kva format kan eg leggja ut teikneseriar i?
Stripene/sidene du leggjer ut, må vera i .JPG-, .GIF- eller .PNG-format. Vi støtter diverre ikkje teikneseriar laga med Flash eller andre interaktive format enno -- men om det er noko det er stor interesse for, vil det kome til i framtida.
Eg liker denne teikneserien. Kan eg trykke den i mitt blad / mi avis?
Nettserier.no sit ikkje på distribusjonsrettane til nokre av seriane du finner her, så det må du spørja serieskaparen om. Dei fleste teikneseriar som er lagt ut her, vil ha ei lenkje i menyen til eit e-postskjema du kan bruke for å kome i kontakt med serieskaparen. Dersom du ikkje finner eit slikt skjema, er det sannsynlegvis fordi serieskaparen ikkje ønskjer å bli kontakta.
Nettserier.no er laga av Olaf Moriarty Solstrand i enkeltpersonsforetaket Solstrand Tekst og Bobler i mai/juni 2006. Stor takk til Arne Bye, Nils Petter Smeby, Cathrine Alvheim, Espen Andersson og Trondheimstegnerne for uvurderlig hjelp i prosessen.
Kva gjer eg om eg lurer på noko som eg ikkje finner svaret på her?
Send eit e-brev til post@nettserier.no.
nettserier.no blir drive av Solstrand Tekst og Bobler, Vestregata 77, 9008 TROMSØ. E-post: post@nettserier.no. Vevmeister: Olaf Moriarty Solstrand.