Brage Hammeren Pedersen

hamp

Logg inn:

Mine seriar
Mine favorittar

Den Danske Muskatnød

25.03.2008, 10:12

3 kommentarar

Om Brage Hammeren Pedersen

Eg er ein håpefull illustratørspire, litt språkforvirra, distré og makeleg anlagt, og har lesi teikneseriar sidan eg var omlag 6 år. Teikning har vori ein livslang interesse, og eg driv òg mykje med "seriøs kunst" som landskaps- og portretteikning. Eg er oppvaksen med dei gode gamle franske og belgiske teikneseriane - Asterix, Sprint, Viggo, Tintin, Lucky Luke, Yoko Tsuno, osv., samt Usagi Yojimbo, Donald Duck, Bamse (Verdens Sterkeste Bjørn) og gamle Pyton-blad. Min inspirasjon som serieteiknar kjem m.a. frå André Franquin, Nikita Mandryka, Ub Iwerks, Jean-Claude Floc'h, Albert Uderzo, Stan Sakai, Akira Toriyama og Arild Midthun. I tillegg er eg ein svoren fan av Don Bluth, som imidlertid ikkje er serieskapar.

Eg har signert med "Hamp" sidan eg var 10 år gammal, inspirert av dei gode gamle (og nye) franske og belgiske teiknarane som tok seg pseudonymer, slik som t.d. Hergé, Midam, Tomé og Janry. "Hamp" er ei samantrekning av etternamna mine - kanskje ikkje så fantasifullt, men etter mitt syn betre enn å finne på noko ut ifrå lause lufta.


Siste kommentarar av Brage Hammeren Pedersen

Gå tilbake til hovudsida

nettserier.no blir drive av Solstrand Tekst og Bobler, Søndre Tollbodgate 17, 9008 TROMSØ. E-post: post@nettserier.no. Vevmeister: Olaf Moriarty Solstrand.