Erlend Skjelten

Obdormio

Logg inn:

Mine seriar
Mine favorittar
Eldre artiklar

Teikneserietilråding og helvetesmonsteret

26.09.2008, 15:44

Blås i horn og slå på trommer, det er tid for ei ny teikneserietilråding! Denne gongen: Rice Boy

Rice Boy er ei nydeleg teikna, surrealistisk historie om ein liten kar som blir fortalt at han må redde verda, slik små karar ofte må i slike forteljingar. Han legg ut på ei sær og spanande reise rundt i verda på leiting etter skjebnen sin, hjelpen av nokre, hindra av andre. Eg freistar unngå detaljar her, det er mykje artigare å lese dei sjølve.

Dette er ikkje ein stripeserie, men ei lengre historie, og fokuset ligg heller ikkje på humor, men på historieforteljinga. Teikningane er enkle, men svært vakre, og verda forfattaren har bygd opp er veldig detaljert og fascinerande. Med alle dei rare skapningane som fartar rundt, og dei sterke melankolske undertonane, minner serien meg mykje om Mummitrollet.

Dette er ein avslutta serie så de treng ikkje gå å gnage og lure på når neste kapittel kjem, men skulle de få lyst til å gjere det likevel så har forfattaren starta ein ny serie sett i same verda, Order of Tales. Denne er òg bra, men eg vil tilrå dykk å vente med den til etter Rice Boy er fordøyd.

Og fordøye den bør de absolutt gjere. Om de ikkje les denne, har de verkeleg gått glipp av noko.

3 kommentarar

Teikneserietilråding rir igjen!

22.03.2008, 17:48

Eg hadde eigentleg tenkt å somle mykje meir før eg skreiv ei ny teikneserietilråding, men så kom eg over nyhende som var så gode at eg berre må spreie dei. I løpet av 2008 kjem Warp Graphics til å leggje ut alt som er gitt ut av Elfquest gratis på nettet. Tretti år med utgivingar tilgjengeleg på ein og same plass!

For dei som ikkje kjenner til Elfquest, eller Alvefolket som det heitte i norsk språkdrakt, så handlar serien om ein stamme alvar, allierte med ein flokk ulvar, i ei verd som ikkje er så veldig ulik Jorda. Dei konkurrerer med menneska om plass og ressursar, og må ofte slå seg på retrett sidan dei er talmessig svært underlegne. Mykje av historia går ut på at dei freistar finne ut kvar dei kjem frå, og å finne andre grupper med alvar som er spreidde ut over verda. Det skjer sjølvsagt ein heil del meir enn kva dette korte samandraget seier. Dei har heldt på med forteljinga i tretti år, og å gi eit fullstendig samandrag ville vere både vanskeleg og spolerande for lesegleda.

På norsk har serien vorte gitt ut både som store fine album i fargar, som òg vart samla i minst éi større bok (som var mitt første, og i lang tid einaste, møte med serien, der den stod i hylla på biblioteket. Det var ikkje reint sjeldan eg las den om att.) og i svart-kvite pocketutgåver i nyare tid, så dei fleste har nok sett serien i butikken. For alt eg veit driv dei på med dei bøkene enno.

Rekkjefølgja på opplastingane på denne sida er prega av at målgruppa er både dei som har lese litt og dei som ikkje har lese noko. Om ein vil unngår spolering, bør ein lese Original Quest, Siege at Blue Mountain og Kings of the Broken Wheel i si heilheit før ein byrjar på nokon av dei andre seriane. Etter Kings deler historia seg i fleire parallelle linjer, som kan vere litt forvirrande om ein byrjar på feil bit til feil tid, og spolere detaljar der dei overlappar. Ein bør ikkje lese Shards før ein har lese Hidden Years i alle fall til og med nummer 15, og om ein heilt vil unngå avsløringar burde ein lese heile New Blood før ein kjem til siste nummer av Shards.

Forklaringar kan ikkje måle seg med den faktiske serien. Halvparten av første historia er lagt ut allereie, så klikk heller på linken der oppe og les sjølv.

11 kommentarar

Nytt Cheshire Crossing

06.01.2008, 22:03

Eg skulle til å skrive ei teikneserietilråding om Cheshire Crossing, men så kom eg på at det er blitt gjort alt. Difor nøyer eg meg med å seie ifrå at det nett er kome eit nytt nummer, nummer 4.

Sjølv har eg sett enormt fram til dette, og eg kan seie at eg slett ikkje vart skuffa. Weir har overgått seg sjølv igjen. Det er reint kriminelt at han ikkje kan teikne seriar på heiltid.

2 kommentarar

Hjelp, me blir tilrådd teikneseriar

08.11.2007, 19:58

Når det dukkar opp blogginnlegg som etterlyser linkar, er vel det eit trygt teikn på at tida er mogen for ei ny teikneserietilråding. Denne gongen: Count Your Sheep

Count Your Sheep handlar om vesle Katie, mor hennar, Laurie, og fantasivennen deira, sauen Ship. Laurie er enke, og må jobbe hardt for å få hjula til å gå rundt for den vesle familien, og ho lid innimellom av depresjon. Katie er energisk og nysgjerrig av seg, men har òg melakolske tendensar av og til. Ship, hvis hovudfunksjon er å tellast slik at Katie sovnar om natta, er den som held dei to gåande.

No og då får me sjå striper om Laurie då ho var lita, og hint til forhaldet ho hadde med guten som ein dag skulle bli faren til Katie. Desse stripene stikks eg ut ved fargevalet, som eg skal kome tilbake til.

Det er tre ord som skildrar denne stripa: søt, morosam og trist. Den er søtare enn sukker innimellom, morosam på ein kosleg og varm måte, som ofte minner om Tommy og Tigern eller Knøttene, og den er så trist at hjertet sprekk og eg får mest lyst til å setje meg ned og grine. Og som om dette ikkje var tre gode kvalitetar kvar for seg klarer denne serien ofte å ha med alle tre i same stripe.

Eg nemnde fargar tidlegare, og fargane i denne serien er verdt eit eige avsnitt. Alle stripene er farga utelukkande i blåtonar, noko som verkeleg understreker den melankolske stemninga i serien. Unntaket er stripene om når Laurie var lita, som er farga i lillatonar i staden. Resultatet er heilt nydeleg å sjå på.

Dette er heilt klart ein av favorittseriane mine. Det er ein del skisser og urelaterte teikningar tidleg i arkivet, som er irriterande når ein skal lese gjennom, men desse forsvinn heldigvis ganske snart. Teikningane er litt primitive i starten, men det går òg fort over.

2 kommentarar

Webcomics Weekly

07.11.2007, 18:19

Her er noko som sikkert er av interresse for mange her: eit podcast om å lage teikneseriar.

Scott Kurtz, som står bak teikneserien PvP som snart feirar ti år på nettet, Kristofer Straub, som lagar Starslip Crisis og tidlegare laga Checkerboard Nightmare, Brad Guigar, som lagar Evil Inc. og Dave Kellet, som lagar Sheldon, har slått seg saman og laga Webcomics Weekly. Dei snakkar om både det tekniske og det kreative ved lage teikneseriar, og med spesielt fokus på seriar meint for publisering på nettet. Dei har òg ein del fokus på forretningssida ved nettseriar. Programmet er både interresant og morosamt, for desse folka er både fantastiske humoristar og veldig flinke serieskaparar. I januar kjem dei òg med ei bok om å lage seriar for nettet.

Det kjem nye episoder kvar fredag. Straub og Kurtz har òg to andre program, The Power Hour og the Daily Affirmation with Scott and Kris. Desse handlar ikkje i like stor grad om serieskaping, det er meir fokus på humor og ting dei er opptekne av der og då, men sidan dei er laga av to serieskaparar kjem det jo sjølvsagt opp innimellom.

Alle desse programma høyrer til under merket dei fire skaparane nyleg har slått seg saman under, Halfpixel.

-----------------------------------------

OPPDATERING: Det ser ut som om dei i kveld skal starte opp eit systerprogram, Webcomics Weekly Live, der ein kan ringe inn på direkten med spørsmål og kommentarar (ein må laste ned talkshoe-klienten). Det blir jo i natt for oss då, men for dei som ikkje orkar sitje oppe vil det vere mogeleg å laste ned opptaket i morgon.

2 kommentarar

Udyret Teikneserietilråding

12.10.2007, 20:12

Ja, no er det atter ein gong tid for ein av desse postane som snålt nok freistar sende alle lesarane vekk frå nettserier.no, for å kike på andre gode seriar som flyt rundt på verdsveven. Det er tid for ei teikneserietilråding.

Serien eg vil tilrå (på det varmaste!) i dag er Schlock Mercenary.

Schlock Mercenary følgjer eskapadane til eit kompani leigesoldatar i det 31. hundreåret, og særleg sersjant Schlock, eit merkeleg romvesen som mest av alt liknar på ein stor haug drit. Dei flyg rundt i galaksen, møter spanande nye livsformer, og drep dei for pengar. Dei har få mål utover å få betalt så mange gongar som mogeleg (og det er ikkje så reint sjeldan dei klarar svindle til seg pengar frå folka dei bankar opp òg) og å leve lenge nok til å nyte desse pengane. Heldigvis for dei er det turbulente tider. Maktbalansen som har heldt galaksen i gang dei siste par eona fell for tida saman, og store krigar bryt ut både her og der, med haugar av arbeid for dyktige leigesoldatar, men òg haugar av mektige fiendar.

Dette er ein av dei best skrivne seriane eg veit om. Historiene er heilt superbe, og når det kjem til science fiction legg den nesten like mykje vekt på science som på fiction, og har ofte lange fotnotar til stripene som forklarar kvifor og korleis ting fungerer som dei gjer. Det er òg ein serie som har knallhard intern logikk og samanheng, og eit utruleg gjennomtenkt univers, noko som alltid er eit pluss. Den er òg skuleeksempelet på punktligheit, den har gått dagleg sidan juni 2000, og den har aldri, aldri, gått glipp av ei oppdatering eller måtta bruke enkelt fyllstoff.

Dette tyder sjølvsagt at arkivet er digert, men det ser eg på som eit pluss.

Teikningane er ikkje den finaste kunsten du kan kome over, men den er for tida absolutt funksjonell for serien, og teikneferdigheitene blir stadig betre. Dette blir veldig openbart når ein ser på dei tidlegare stripene. Hadde eg ikkje vore like flink med ein blyant som ei blind kråke, ville eg kalle dei direkte stygge. Forfattaren er veldig klar over dette, såpass så at han helst ser at folk byrjar med det som eigentleg er bok 3 i handlinga, og han har oppretta ei kort oppsummering og introduksjon til serien så folk skal kunne starte der utan problem. Sjølv meiner eg det er betre å starte frå byrjinga, eg meiner forteljinga ber serien teikningane til trass bra nok, men om du ikkje utstår teikningane er det betre å byrje med bok 3, og heller gå tilbake til dei tidlegare åra når du er hekta.

Og om du liknar på meg i det heile, vil du bli hekta, for dette er etter mi meining ein av dei beste seriane på nettet.

0 kommentarar

Brura til sonen til Teikneserietilråding

10.09.2007, 19:22

Jepp! Det er tid for teikneserietilråding igjen! Hurra!

Liker du rollespel? Då er denne serien noko for deg! Den er òg noko for deg om du ikkje likar rollespel men veit sånn ca. kva dei går ut på, eller om du ikkje har høyrt om rollespel sidan læraren tvang deg til å vere med i eit som skulle illustrere farane ved mobbing på ungdomsskulen.

Dersom du ikkje kjenner til den morosame varianten kan nok enkelte av vitsane, særleg i byrjinga, gå deg hus forbi, men denne serien har eit svært engasjerande plott, veldig elskverdige karakterar og etter kvart humor som ikkje krev anna enn humoristisk sans òg, så der er flust av grunner til å lese den.

Enkelte har no sikkert skjønt at eg snakkar om The Order of the Stick.

The Order of the Stick handlar om ei gruppe eventyrarar (kva gruppa heiter kan du jo prøve å gjette sjølv...) som i utgangspunktet tuslar rundt i eit fort og slåst mot ulike monster på jakt etter den vonde trollmannen Xykon. Etterkvart gjer dei sjølvsagt andre ting òg, men eg vil ikkje spolere plottet for dykk, så de får lese og finne ut kva sjølve.

Dette er først og fremst ein morosam serie, noko teiknestilen burde vise ganske bra. Forfattaren har vald å teikne alle som strekmenn, noko ein skulle tru ikkje fungerte for ein såpass visuell serie, men han får det til. Han har utvikla ein stil som passar perfekt til historia han fortel, og eg kan vanskeleg førestille meg at det kunne gjerast annleis no.

Det er ikkje verdt å seie for mykje her, seriane talar stort sett for seg sjølve, så trykk på linken der oppe no, og ver klar til å leggje til eit nytt bokmerke i nettlesaren når du er ferdig.

2 kommentarar

Sonen til Teikneserietilråding

02.06.2007, 01:44

Det er tid for ei teikneserietilråding att, denne gongen Scary go Round.

Scary go Round er ein merkeleg og utruleg artig teikneserie om dei surrealistiske og bisarre hendingane som tilfell ei gruppe menneske frå den engelske byen Tackleford. Den har eit ganske stort persongalleri, og fokuset skiftar ofte mellom dei.

Serien har ganske spesiell humor. Eg sjølv elskar den vilt. Den har òg veldig særegen dialog, som bidreg til å gjere serien meir surrealistisk enn den allereie er.

Eg er overvettes trøytt no, så eg veit ikkje kor samanhengande dette vart, men for å oppsummere: einkvar serie som har karakterar med namn som "the boy" fortener lesing. God natt.

2 kommentarar

Men Teikneserietilråding var ikkje daud

07.02.2007, 19:29

Stavrande ut av gløymsla og latskapen kjem ei ny teikneserietilråding, denne gongen The Gods of Arr-Kelaan.

Det der er heimesida, men om du skal lese, start her, og les så Going Home, Myths and Legends og så Consequenses, i den rekkefølgja.

The Gods of Arr-Kelaan handlar om ei gruppe folk som overlevde ein styrt med eit romskip. Så ein kan seie at det liknar litt på Lost. Dei vaknar opp på den fullstendig ukjende planeten Arr-Kelaan, og har uventa nok fått gudekrefter.

Ok, det liknar ikkje så veldig på Lost.

Serien handlar om korleis dei tilpassar seg sine nye, nærast uavgrensa krefter, og korleis dei over tid blir gudar for dei innfødte, noko som inneber å kaste ut dei gamle gudane. Der er mange karakterar som har viktige roller, men dei historiene som er laga så langt fokuserer mest på Ronson, ein drukkenbolt som blir gud for apati og alkohol.

Dette er ein serie som fokuserar meir på historie enn på humor, men det er bra med komiske stunder likevel. Historia er kjempegod, og etterkvart svært så spanande.

Som alt eg skriv om her, anbefalast serien på det varmaste.

0 kommentarar

Teikneserietilråding tek hemn

04.12.2006, 18:01

Eit par veker sidan sist no, så eg tenkte eg kunne prøve meg på ein ny link i dag, denne gongen til Starslip Crisis.

Starslip Crisis går føre seg eit stykke inn i framtida, og handlar om mannskapet på skipet Fuseli, eit tidlegare luksuskampskip som no er omgjort til museum.

Jepp, stripa handlar om eit museum i rommet.

Hovudpersonane er kaptein og kurator Memnon Vanderbeam, som er svært glad i å bli sett på som ein som er svært glad i kunst, pilot og ekspirat Cutter Edgewise, og Mr. Jinx, romvesen og altmoglegmann, som formelt sett er registrert som gardsutstyr.

Denne stripa har fantastisk humor, og enda meir fantastiske historier, med massevis av lause trådar som tilsynelatande har lite med kvarandre å gjere, som langsamt samlar seg saman i den store krisa stripa er oppattkalla etter.

Eg anbefalar denne stripa på det varmaste, det er ein av dei få der eg faktisk har kosta på meg bøkene.

Om de les arkivet råder eg dykk til å først stikke innom "Extras"-menyen, og aktivere Exhibition Mode. Då tel sida kor mange striper du les, og det blir gradvis opna små pakkar med ekstrainnhald, som skrivebordsbakgrunnar, ikon, sletta scener eller historier, og fakta om korleis stripa blir laga.

2 kommentarar

Om Erlend Skjelten

Eg likar teikneseriar. Kva meir vil du vite?

Gå til Erlend Skjeltens heimeside


Siste kommentarar av Erlend Skjelten

Gå tilbake til hovudsida

nettserier.no blir drive av Solstrand Tekst og Bobler, Vestregata 77, 9008 TROMSØ. E-post: post@nettserier.no. Vevmeister: Olaf Moriarty Solstrand.