Ørjan Holen

Loki

Logg inn:

Mine seriar
Mine favorittar
Eldre artiklar

Lokes Eskapadar

04.12.2007, 18:13

Bakketopp, bakketopp til eventuelle norskspråklege internasjonale lesarar.

Tenkte eg likesågodt kunne annonsere det; etter ein veldig lang pause fortset Lokes Eskapadar no med ein pause til, men med håp om at denne blir merkbart kortare. I mellomtida legg eg ut tre striper sånn som skille mellom pausane, sånn at eg ikkje går i surr. (Viktig å vite kva for ein ferie ein befinn seg i, ellers blir det berre rot.) Så, ei stripe i dag (som alt er ute), ei i morgon, og ei på torsdag.

Så får me sjå om nokon LES dei, då... Håpet er eviggrønt, akkurat som snørr og kunstgras! :D

8 kommentarar

Megamoro på Gigantenes Fjell (ok, teknisk sett er Gigantene ein annan gjeng, men hey, it's all Greek to me anyway)

22.06.2007, 02:41

ATTENSJON, ATTENSJON. (som pensjon, men meir umiddelbart, og utan pengene. Så absolutt ulikt frå pensjon.)

Medan LE er på somar-heipåoss (spontanoversetjing av hiatus, er neppe langt frå streken) , så er det fortsatt in-shared-continuity megamoro på Olympen med Flapperen, Skysnifferen, "Hugh" Heffe Haltepetter et Fru, og ein regelrett HORDE foreløpig meir eller mindre usette (og dermed òg det passende fonetisk liknende utsatte - laaaangt lettere frå eit paintserieskaperperspektiv å drepe nokon som alltid har vore off screen og eg aldri gjekk gjennom bryet med å teikne for oppkopiering) karakterar!

Knæsjbangfillibombombom! Klokka er ti på halv tre om natta, og eg skal på jobb i morgon. Dette var ei Skamlaus Reklamemelding (TM) som Ingen Vil Lese (C), men kven gir ein hesterumpe om kva dykk tullinga gjer, uansett? Ikkje eg i alle fall. Einaste grunnen til at eg trykker "Legg til kommentar" og ikkje på x'en oppe i hjørnet no er at "Legg til kommentar" er nærmare musepeikaren. Faktisk. Hah.

Tenk.

3 kommentarar

Loke-skjorter

11.05.2007, 22:29

Og ting.


Tru no for all del ikkje at eg er verken stormannsgal eller innbilsk (eg er såklart begge deler, men versåsnill å ikkje tru det), men eg tenkte eg kunne legge ut denne linken her sånn i alle tilfelle det fanst ein eller annan luring under ein eller annan stein som var interessert.

Om nokon mot all fornuft ER interessert men forståeleg nok vil ha andre motiv så er det cirka 5 minutts arbeid å lage eit nytt eit og legge ut, forresten, så berre kommenter her og sei i frå i så fall.


Juppjupp. No skal eg kjøpe ei til meg sjølv, så, me skrivest.

10 kommentarar

Lokes Eskapadar - oppdateringar

02.04.2007, 14:41

Ettersom eg har gått relativt hardt på tomgang i det siste (og som dei fleste som les serien vel har merka) trur eg at eg burde ta ein pause. Blir minst ei veke - muligens fleire - men forhåpentlegvis ikkje meir enn to. Det betyr ikkje at det ikkje kjem striper i det heile tatt - om eg ikkje klarar trykke ein eller annan form for påskevitsar ut av ein serie basert på ein ein gong i tida konkurrerande religion kan eg berre gå og legge meg - men onsdag-laurdag-frekvensen er ikkje-eksisterande fram til eg har bygd opp ein buffer. Har ikkje hatt ein buffer med striper sidan... august, trur eg, og å improvisere fram ny stripe ein eller to kveldar før den skal ut to gonger i veka er byrja føre til det eg sjølv tykkjer er litt utdragande oppgulp.

Såh, midlertidig pause, men forhåpentlegvis ikkje så altfor lenge. Eg har i alle fall idèar til heile TO striper i hovudet akkurat no, samt ein vag idè til ein arc, det er to og ein halv idè meir enn eg har hatt på eit nesten kva som helst gitt tidspunkt siste tre månadane, så det er forhåpentlegvis eit godt teikn. ;)


Dixi.

2 kommentarar

Loke ruller vidare

28.11.2006, 23:57

Eller, spring, for augeblinken.

100! :o Og ny spin-off, òg, med ingen ringare enn Unionsoppløysingas Erlend Skjelten som sjefsforfattarfyrtingpersongreie. Det er reint så det ikkje er måte på.

0 kommentarar

75! Det er, liksom, TRE meir enn 72!

07.09.2006, 01:22

Sjølv om serien ikkje er komme fullt så langt på utlegginga enno så byrjar det nærme seg, og eg gjorde nettopp stripe 75 ferdig og lasta den opp. Må sei meg ganske nøgd med at eg har fått meg til å lage 75 striper av dette skvipet - ok, 68 om ein trekkjer frå striper eg ikkje har laga sjølv men i staden har hatt glimrende gjesteforfattere på - og at eg faktisk føler eg kan påstå at gjennomsnittskvaliteten på stripene er blitt gradvis betre meir eller mindre heile vegen. Kvantitet-over-kvalitet-mentaliteten min fører rett nok til at det stadig vekk er nye skuffelsar, men det får våge seg. Ein kan ikkje bruke SÅ mykje tid på denne galskapen heller.

Vel, no som eg er komme til 75 må eg då klare komme meg til 100, og så får me setje nye mål når den tid kjem.

Ceterum censeo Carthaginem esse delendam.


(Kva, så tek eg Romarepublikkens historie i haust og fekk lyst til å referere litt! Er det så forferdeleg? Sheesh!)

7 kommentarar

Oppdateringsfrekvens og oversetjing

28.08.2006, 00:25

Det blir ei ny stripe kvar laurdag, samt kvar onsdag i veker der eg har tid til å lage to. Forhåpentlegvis blir det kvar veke, men eg vil ikkje garantere noko utover laurdagsstripene.

Denne onsdagen, 30. august, avsluttast forresten historieboge nummer to, "Loke Vs. Latin", og eg er ganske nøgd med sluttresultatet. Her er ei del lenkjer som kan hjelpe dykk med å tolke den handicappa latinen min:

http://www.blueharvest.net/home/latin.html
http://en.wikipedia.org/wiki/List_of_Latin_phrases
http://www.translation-guide.com/free_online_translators.php?from=English&to=Latin
http://en.wikiquote.org/wiki/Julius_Caesar
http://en.wikiquote.org/wiki/Cicero
http://en.wikiquote.org/wiki/Cato
http://www.nd.edu/~archives/latin.htm
http://www.insultmonger.com/swearing/latin.htm

Og for dei som ikkje gidd er det no lagt ut oversetjingar av all latinen i alle stripene i kommentarane under.

0 kommentarar

WEBCOMIC BATTLE

25.08.2006, 12:33

http://www.webcomicbattle.com/

Okay, så informerer eg om dette kun fordi eg la ut ei stripe der sjølv no og vil fiske ekstra stemmer, men seriøst, er då mange her som gjerne har interesse av denne linken?

2 kommentarar

Ny historieboge!

10.08.2006, 23:12

(Kudos til Kaffekatten for den überråtne "arc"->"boge"-oversetjinga)

Frå stripe 46 av vil historieboge nummer to vere dominerende i Lokes Eskapadar! Eg har foreløpig kun laga nokre få striper, og eg har ikkje den fjernaste idè om kvar dette bærer hen, men me får håpe at eg klarar ro meg ut av det til slutt... eg klarte i alle fall det på den forrige.


Så gled dykk. Eller gru dykk. Eller ver revnande likegyldige. (Om de er det siste: HAHAHAHAHAHA, TULLINGAR, DE HAR KASTA BORT TID AV LIVENE DYKKAR MED Å LESE NOKO DE STILLER DYKK REVNENDE LIKEGYLDIG TIL! Dei som gruar seg får i det minste ein fjetrende, livs-bekreftende emosjon ut av det heile. Hahahahahahahahhaahahaha, neper.) Det er egentleg det same.

For totalt uavhengig av kva nokon måtte tykkje, meine eller synse...

...der blir ein ny historieboge.

(PS. Eg vil legge inn litt meir informasjon her av og til, både før og etter bogen startar)

(PPS. Eg digger berre å skrive "PPS"er, det er ikkje nokon faktisk opplysning her.)

(PPPS. Ikkje like kult som PPS, men ein får ta dei gleder ein får i livet)

(PPPPS. Nesten absurd latterleg. Ingen les desse parantesene lengre at this point, så eg får ingen glede ut av å lage fleire. Usj.)


(PPPPPS. HAHAHAHAHAHA, VISSTE at eg ville klare å få ein i snara.)


TILLEGG 13. AUGUST:
Bogen vil heite "Loke Vs. Latin".


I relaterte nyhende må eg diverre informere om at stripefrekvensen vil bli merkbart mindre i den nærmaste framtid. Eg har ikkje kapasitet til å lage ei stripe dagen no som eit nytt semester byrjar rulle i gong. Den foreløpige planen er å fortsetje med ei stripe om dagen fram til stripe 50, og så korte ned til ei i veka. (Vekedagen der nye striper kjem vil i så fall bli Lokedag, altså "Laurdag") Men denne planen er åpen for endringar, eg vil poste eigen vloggpost om det når eg har tatt ei endeleg avgjerdsle.

0 kommentarar

Eskapadar: Oppdatering og nyhende, fredag fjerde august

04.08.2006, 02:55

I fall nokon har interesse av dette:

Det skjer ein del i eskapadane for tida. Fyrste større historiearc blir avslutta på no på sundag, og eg er veldig nøgd med både laurdagen og sundagens stripe, så eg håpar at lesarane vil like dei like mykje som eg gjer.

Etter det byrjar ei veke med intet mindre enn TRE gjestestriper (ei mandag, ei torsdag, og ei sundag, etter planen) samt stripe nummer førti, på tysdag, der eg prøver ut noko nytt. Veka etter har eg sant og seie ikkje fått planlagt skikkeleg enno, men eg reknar med at eg vil forsøke gå attende til eit enklere "Loke Vs. Konsept"-opplegg igjen for ein fem-seks striper på det tidspunktet, ettersom det temaet har komme litt i skuggen av alskens andre innfall i dei siste femten stripene eller så, og gjestestripene neste veke vil dominere dei fyrstkommende stripene.

0 kommentarar

Om Ørjan Holen

"To never die and to conquer all, that is victory."
- Illyria

Gå til Ørjan Holens heimeside


Siste kommentarar av Ørjan Holen

Gå tilbake til hovudsida

nettserier.no blir drive av Solstrand Tekst og Bobler, Vestregata 77, 9008 TROMSØ. E-post: post@nettserier.no. Vevmeister: Olaf Moriarty Solstrand.