Olaf Moriarty Solstrand

Olaf

Logg inn:

Mine seriar
Mine favorittar
Eldre artiklar

Dr. Horrible's Sing-Along Blog

28.06.2008, 23:20

Dette har på mange måtar absolutt ingenting med teikneseriar å gjera, men ettersom ein av mine favoritteikneserieskaparar står bak prosjektet, og eg innbiller meg at han har mange fans her inne, og eg uansett synest at heile greia er utruleg stilig, skriver eg dette likevel.

Joss Whedon (Buffy, Angel, Firefly, Serenity) har, saman med ein del andre folk, laga ein ny miniserie: Dr. Horrible's Sing-Along Blog. Men denne serien skal ikkje visast på TV ... Den skal visast på Internett.

I rollene finner vi svære namn som Neil Patrick Harris (Barney i How I Met Your Mother) og Nathan Fillion (Mal i Firefly), og serien (som er i musikalform) handler om ein noko mislykka superskurk, helten som stadig banker han opp, og den søte jenta på automatvaskeriet han er for blyg til å snakke til. Eg GLEDER meg.

Første episode blir lagt ut for streaming tysdag 15. juli, andre episode torsdag 17. juli, og tredje episode laurdag 19. juli, og alle desse er heilt gratis. Men 20. juli forsvinner serien frå nettet igjen, så kryss av veke 29 i kalenderen! Etter dette går det rykter om at serien vil bli tilgjengeleg for kjøp, både som nedlasting mot pengar og etterkvart òg på DVD.

Det ligg allereie ein teaser ute på www.drhorrible.com, og eg anbefaler alle å ta ein titt. Det er òg der serien kjem til å liggja ute for nedlasting, etter det eg har skjønt.

Meir informasjon frå Whedon sjølv her, offisiell fanside her, Facebook-side her, IMDB-oppføring her.

(Og mange takk til Ørjan (den geniale Lokes Eskapadar-mannen) som gjorde meg merksam på dette.)

16 kommentarar

I morgon ...

15.06.2008, 16:28

... er det nøyaktig to år sidan Nettserier.no blei opna. Du verden så fort tida flyr, det følast som om det var i går -- og samtidig kan eg ikkje fatte kor svært Nettserier eigentleg har klart å bli på den korte tida.

Tenkte berre å nevne det, som ei påminning i siste liten til dei som har lyst til å leggja ut noko jubileumsrelatert (var iallfall nok av dei i fjor).

18 kommentarar

Å trykke eigne bøker/hefter

02.06.2008, 09:44

Eg hadde eigentleg tenkt å skrive dette innlegget som eit svar til diskusjonen som går under blogginnlegget til Catya om hennes bøker som er til salgs, men ettersom dette er ein blogg og ikkje eit forum, føler eg at det vil vera betre om eg berre skriver eit nytt innlegg om dette. Temaet er sjølvpublisering, eit tema eg har gjort meg relativt mange tankar om (og til ein viss grad har erfaringar med).

Folk diskuterer selfpublishing, og lurer på korvidt ein har eit forlag som trykker ting for seg. Nei. Greia med å levere ting direkte til trykkeriet er at då er det *du* som er forlaget. Og skal du vera forlag, må du ta alt det arbeidet som ligger på forlaget, inkludert å leggja ut for den økonomiske biten, å marknadsføre seriane sine og å selja seriane sine. Då blir det ein viss pris og ein viss risiko.

Adoken skriver at han har levert ting til sitt lokale trykkeri, og måttet betale 70 kroner for eit blad på tjue sider. Ja, det er ganske dyrt, men det finst måtar å gjera det billigare på. Det er fire ting eg sannsynlegvis ville ha gjort annleis for å presse ned prisen om eg hadde vore deg, Adoken:

1. Trykk fleire eksemplarer. Risikoen blir umiddelbart mykje større, såklart, men: Dersom du trykker opp 500 blader, får du ein langt lågare stykkpris enn dersom du trykker opp 50. Men sjølvsagt er det vanskelegare å få solgt 500 blader enn 50 òg, så her er det isåfall veldig viktig at du gjer leksene dine først, og undersøker grundig kor stor interessa for å kjøpe seriane dine eigentleg er. Forfattarne bak den fantastiske boka «How to make webcomics» gir ei enkel anbefaling: Dersom du ikkje klarer å selge 500 bøker, dropp selfpublishing-tanken. Kan hende ein kan gå for eit litt lågare tal her i Noreg, men då må ein vera svært flink til å kutte prisane på andre områder.

2. Ikkje gå rett til ditt lokale trykkeri. Dei er sannsynlegvis ikkje det billigaste alternativet som finst. Leit litt rundt på nettet, les om trykkerier, prøv å finne ut kven som er det billigaste trykkeriet for ditt formål utan at det går ut over prisen. Ring rundt til dei forskjellige trykkeria og be om eit prisoverslag for din konkrete trykkejobb, og ha i bakhovudet at denne prisen sannsynlegvis ikkje er inkludert frakt og moms. Eg anbefaler Øien og Indergaard (www.oikopi.no; det er dei som har trykt Nettserier-heftet), men eg meiner å ha høyrd at Bookline er billigare (www.bookline.no; det er dei som har trykt mange av heftene til Kelpie). Sjølvsagt: Dersom du *har* eit svært billig trykkeri i nærheita, bruk det. Ingen vits i å få ting tilsendt frå andre sida av landet dersom naboen din kan trykke ting billigare.

3. Bruk svart-kvitt. Fargetrykk er utruleg stilig å sjå på, og det er det alle dei svære forlaga bruker, men dei er veldig dyktige til å presse prisen ned på punkt 1 og 2 (dei trykker tusenvis av hefter, gjerne ein eller annan stad i Baltikum). Du trenger å kutte så mange hjørner du kan, og då må du nesten ofre fargane med mindre dei er VERKELEG nødvendige for å kunne forstå serien din (og beklager, men det er dei sjeldan). Hugs at bladene til Egmont og Schibsted ofte har som mål å lokke folk til bladhylla og sjå veldig lekre ut. Men dine potensielle kunder er: Venner, slektninger, folk som har lest og likt teikneserien din på Internett, og folk som kjem bort til standen din på Raptus eller OCX. Stort sett er dette folk som er så interessert i teikneserien din at dei godtar at den ikkje kjem i farger. Ja, Serienett skryter av Pondus-Eliteserien og meiner at det er sånn teikneseriar skal sjå ut, og sjølvsagt har du lyst til å kunne gi ut seriane dine på lekkert glansa papir i masse farger. Men Eliteserien koster 400 kr pr/bok, sjølv etter at Egmont har klart å presse prisen ned med å ha såpass høge opplag som dei har. Skal du trykke noko slikt kan det hende at du må opp i 6-700 kroner pr bok i innkjøpspris, og så lenge du ikkje heiter Frode Øverli kjem du aldri til å få solgt ei så dyr bok.

4. Bruk fleire sider, lag større hefter/bøker. Det koster ei formue å trykke opp tjue sider. Det koster naturlegvis enno meir å trykke opp hundre sider, men ikkje SÅ mykje meir, og då har du eit langt større innteningspotensiale, for sånt er folk interesserte i å betale meir for. Dersom du klarer å trykke så mange eksemplarer at du får eit tjuesiders hefte ned i ein kostpris på tretti kroner, kan du kanskje klare å selge nokre av dei til den prisen, men du har ikkje mykje forteneste på den måten. Dersom du har bøker på mellom hundre og hundreogfemti sider, er folk kanskje interesserte i å betale godt over hundrelappen for desse, og dei koster kanskje berre femti-seksti-sytti kroner å produsere, avhengig av kor flink du har vore til å kutte ned på dei andre punktene på denne lista. Eit døme: Dette Dadaph Serraph-albumet koster 60 kroner. Serien er populær, så folk kjøper sjølvsagt albumet -- eg har kjøpt det sjølv. Men eg reagerer på at prisen er litt høg. Men sjå for deg at Bård eller Laksevåg forlag i staden for å gi ut dette som album hadde gitt ut heile serien, alle atten kapittel, samla i ei limfrest bok på over 100 sider! Folk på Nettserier hadde gått mann av huse for å kjøpe denne, den hadde ikkje kosta *så* mykje meir å produsere enn albumet, og ein kunne ha tatt 150-200 kroner for den utan at folk hadde klaga på prisen. Eg var med på å skrive denne Kelpie-boka, og fekk etterkvart vite at dette var den første Kelpie-utgivinga som gjekk med overskot. Det kan hende at det skuldast at boka solgte godt, og at den var av ein god standard som slo godt an hos målgruppa si. Men eg trur òg at mykje av grunnen kan liggja i at dette var den første Kelpie-utgivinga med over hundre svart-kvitt-sider. Ei bok på 138 sider har ikkje folk problemer med å betale 120 kroner for, og ein relativt stor andel av den prisen går til forlaget -- eller, dersom du prøver deg på sjølvpublisering, til DEG.

Det finst òg andre ting som gjer det vanskeleg for små serieskaparar å få gjennomslag for serien sin, men desse er det gjerne verre å gjera noko med. Eit døme er momsen: Trykksaker er momspliktig, bøker er ikkje det. Det vil seie at når Egmont, Schibsted eller andre momspliktige selskaper (firmaer med omsetning på over 50.000 kr i året) får ei trykkeriregning, får dei automatisk eit 20 % avslag på denne regninga fordi dei ikkje treng å betale moms. For seriehefter utgjer ikkje dette ein konkret forskjell, då dei på det området er nøydt til å *kreve* moms i tillegg til prisen sin, noko som gjer det endelege produktet dyrare, men bøker er momsfritt, og difor kan Egmont selge Eliteserien til 400 kroner i staden for 500, som dei sannsynlegvis måtte ha tatt dersom dei ikkje hadde vore momspliktige. Men sånt er det vanskeleg å gjera noko med: Med mindre du allereie har eiget firma og selger ganske mykje seriar til aviser, illustrerer bøker, held kurs og slikt i ganske stor skala, skal det godt gjerast å kome opp i ei omsetning som er så stor at du får trekke frå momsen.

Med dette meiner eg sjølvsagt ikkje at alle bør byrja å trykke sine eigne bøker. Det er mange hensyn ein må ta. Som internettserieskapar bør ein ha eit visst antall lesarar på nett før ein går ut frå at serien er populær nok til å selge i trykt form. Dersom to hundre personar leser serien din kvar dag, kan du kanskje selge tjue hefter/bøker. Dersom to tusen personar leser serien din kvar dag, kan du kanskje selge to hundre (ja, eg veit at Nettserier ikkje har verdas beste statistikkverktøy -- slapp av, det er under utbetring). Og tjue bøker er det meiningslaust å starte ei trykkpresse for. Du bør minimum kome opp på eit par hundre, og det bør vera eit REALISTISK overslag som seier at du kan klare å selge eit par hundre bøker. Har du ikkje det, bør første prioritet vera å gjera internettserien din så mykje betre at fleire folk forelsker seg i den. Prøv å kome med jamnlege oppdateringar, helst minimum tre i veka, og helst på dei same dagane kvar veke. Klarer du å halde på slik i nokre år og du er flink til å promotere serien til folk (den enklaste og billigaste reklamen som finst er å oppgi ein URL i e-post- og forumsignaturar), bør du ha ein sjanse til å nå tal som lar deg selge bøker. Det er ikkje like enkelt i Noreg som det er i USA, ettersom vi har færre lesarar å ta av. Dersom eg til dømes lager ein teikneserie for gummihanskeinteresserte, finst det såpass få gummihanskeinteresserte som forstår norsk at eg sannsynlegvis aldri vil kunne få eit levebrød av den teikneserien. Det betyr ikkje at eg skal la vere å lage den serien, såklart, men det betyr at sjansen til at eg klarer å samle nok lesarar til at det lønner seg å gi ut ei bok er ganske liten.

Til slutt nokre ord om Print on demand: Ja, det er ein praktisk måte å gjera det på at ting ikkje blir trykt opp før dei faktisk blir kjøpt, men eg vil likevel sky denne publiseringsmetoden som pesten. Av to årsakar:

1. Eg tilhøyrer ikkje den gruppa som er kjempeinteressert i å gi ut seriar berre for å gi ut seriar, eg vil helst ha nokre kroner igjen for det. Print on demand har ein vanvittig høg kostpris, og du kan ikkje ta mange ørene pr bok før lesarane dine steiler og boikotter.

2. Det finst ingen gode POD-løysingar her i landet. Dersom eg lager ei bok på norsk, vil eg ha moglegheit til å selge denne til lesarane mine utan at dei er nøydt til å gi kredittkortinformasjonen sin til eit amerikansk selskap og få ting tilsendt frå USA eller Storbritannia. Det er både dyrt og unødvendig komplisert. Ja, kostnaden ligger på lesaren, men det er ein kostnad som kan gjera at ein får færre lesarar.

Eg trur sjølvpublisering er ein spennande arena som eg håper at mange vil begi seg ut på, men slikt er vanskeleg her i landet, så ikkje gjer noko sånt utan at du er heilt sikker på kva du eigentleg driver med.


(Jøss, dette blei ein lang tekst. Kanskje er det noko sånt eg burde skrive ei bok om?)

38 kommentarar

Logokonkurranse, Universitetet i Tromsø

26.05.2008, 16:00

Teikn ein logo og vinn 90.000 kroner.

10 kommentarar

Nettserier på NRK2

20.05.2008, 13:47

For dei som er interesserte, blir det visstnok eit innslag om Nettserier i «Sveip» på NRK2 i dag kl. 1710.

25 kommentarar

Sumartilbod på T-skjorter

18.05.2008, 21:27

Det byrjar å bli godt og varmt ute, så kva passer vel betre enn eit sumartilbod på T-skjorter?

Nettserier.no-T-skjorter koster no kun kr 119,-. (vanleg pris 149,-)

Tilbodet gjeld ut august eller så langt lageret rekker. Dei lilla skjortene har eit utruleg stilig motiv teikna av Torgeir Trapnes. Løp og kjøp!

3 kommentarar

Vinnarar av konkurransen

11.05.2008, 14:09

Det har vore ein lang og krevjande prosess, men etter ein del tid i tenkeboksen har vi klart å kåre ein vinnar av Nettseriers teiknekonkurranse. Det blei utruleg tett i toppen, og difor har vi bestemt oss for at i tillegg til hovudpremien, vil andre- og tredjeplassvinnarane få kvar si Nettserier.no T-skjorte som takk for innsatsen.

Juryen har bestått av meg og min samboer, og vinnaren er:

Plis bitte av HerrBarium
Denne var berre utruleg koseleg. Historia sidestiller teikneseriar med lykke på ein utruleg fin måte, den simplistiske stilen fortel dette på ein svært god måte, og vannfargane tar verkeleg kaka.

Andreplass:
Sagged Shilly av Tom Andersen
Det er ingen stor heksekunst å teikna verken Tommy eller Baltus, men å sidestelle dei er ein genistrek av dimensjonar. Ein fantastisk hyllest til to gode seriar, og det trekker sjølvsagt ikkje ned at teikninga er meisterleg teikna.

Tredjeplass:
Avis Maritima Stulta av Bård Lilleøien
Bra teikna, godt fortalt, og verkeleg morsomt, men det som trollbandt juryen her var den reine kvantiteten av referanser. Eit på alle måtar utruleg sterkt bidrag.

Eg vil kontakte vinnarane i nær framtid for å be pent om adresser og t-skjortestorleikar. Og til alle dei som ikkje vant, er det berre å beklage -- det var som sagt utruleg mange sterke bidrag som kom inn.

Takk til alle som deltok!

12 kommentarar

Tegneseriens dag dott no

18.04.2008, 17:26

Tegneseriens dag nærmer seg med stormskritt, og likevel er det foreløpig vanskeleg å spore opp informasjon om kva som eigentleg skjer rundt om kring i Noregs land og rike den dagen.

Har difor tatt meg den fridom å lage ei nettside der eg legger ut den informasjonen eg har klart å samle om kva som skjer på Tegneseriens dag i år.

http://www.tegneseriensdag.no

Eg veit at sannsynlegvis er det ein del arrangement under planleggjing som eg ikkje kjenner til. Dersom du kjenner til eitt av desse, set eg pris på å få ein liten e-post om det.

Eg veit òg at designet ikkje ser heilt bra ut. Det er berre midlertidig, lover. Skal klare å få lagt ut litt meir illustrasjonar og slikt etterkvart.

Kommentarar? Feedback?

10 kommentarar

Konkurranse: Tegneseriens dag

16.04.2008, 11:58

Som de kanskje veit nærmer teikneserienoregs største merkedag seg med stormsteg. 3. mai 2008 går den fjerde årlege Tegneseriens dag av stabelen. Her på Nettserier feirer vi det med ein konkurranse, og eg oppfordrer alle til å delta. Vinnaren får eit gåvekort i Nettseriers nettbutikk til ein verdi av 300 kr.


Reglar:
Lag ein teikneserie som på ein eller annan måte handler om teikneseriar, og som på ein eller annan måte framhever anten noko du sjølv synest er positivt med teikneseriar, hyller ein av dine favoritteikneseriar, eller på ein annan måte retter søkelyset mot teikneseriemediet.

Serien må ha minimum to ruter. Det er inga maksimumsgrense, du veljar format og slikt heilt sjølv. Og ja, sjølvsagt kan du lage denne serien som ei stripe i ein allereie eksisterande stripeserie.


Kriterier:
Dommarane vil ta både manus og teikningar i betraktning, samt samspelet mellom desse. Vinnarserien må vera kreativ, og den må òg vera klar nok til at den får fram sitt formål på ein god måte (med andre ord: Dersom du leverer ein humorserie, vil den få låg karakter dersom den ikkje er morsom. Dersom du leverer ein grøssarserie, vil den få låg karakter dersom den ikkje er særleg skummel. Og så vidare.)


Levere bidrag:
Leveringsfrist er laurdag 3. mai 2008, klokka 23:59. Dersom du ønskjer å levere ved å leggja ut serien på Nettserier (sjå under), er det ein kjempefordel om du legger ut serien før 3. mai byrjar, slik at serien ligger ute på Nettserier allereie frå midnatt, men det er ikkje eit absolutt krav.

Det finst to måter du kan levere på:

1: Ved å leggja ut serien på Nettserier, under ein allereie eksisterande serie eller ved å opprette ein ny serie, på den same måten som du legger ut seriar på til vanleg. Dersom du vel å gjera dette, må du leggja ut serien slik at den blir publisert 3. mai 2008. Dette er den måten eg anbefaler å levere serien på. Alle serier som blir lagt ut på Nettserier 3. mai 2008 og som på ein eller annan måte handler om teikneseriar, vil automatisk vera med i konkurransen.

2: Ved å sende serien til teiknekonkurranse@nettserier.no. Dette er den enklaste måten å levere på dersom du ikkje har ein serie på Nettserier frå før, eller dersom du ikkje ønskjer at folk skal kunne lese serien din før du eventuelt har vunne.

Same kva metode du veljar, ber eg om at du leverer serien skalert ned for lesing på skjerm, altså maks 750 pikslar breidde, slik at vi slipper megafiler (og slik at vi heilt enkelt kan leggja ut vinnarresultatet på nett etterpå utan å måtte byrja å skalere ned).


Fleire sider?
Dersom du ønskjer å levere eit bidrag som har meir enn ei side, eller meir enn ei stripe, eller på ein eller annan måte består av meir enn ei bildefil, og du av kunstneriske årsakar ikkje ønskjer å flette desse saman til eitt, må du gå fram på følgjande måte:
- Send ALLE sidene på mail til teiknekonkurranse@nettserier.no FØR leveringsfristen
- Valgfritt (men anbefalt) tilleggssteg: Legg ut alle sidene eller stripene på Nettserier, der første side har publiseringsdato 3. mai 2008.


Juryen:
(Ikkje heilt klar enno, vil bli offentleggjort når juryen er fulltallig.)


Eg håper alle har litt lyst til å delta i dette, og ønskjer alle lykke til. Spørsmål?

27 kommentarar

FLEIP Vårspesial, meir erotikk, m.m.

06.04.2008, 15:34

For dei som har venta på FLEIP Vårspesial: Wait no longer. Bladet er no tilgjengeleg i nettbutikken.

Har dessutan gravd litt i lageret og kome over eit par Vanja Nilsen-seriar som eg ikkje har fått somla meg til å leggja ut i nettbutikken enno: Her er dei.

Har rydda litt i nettbutikken og oppretta nye kategoriar og slikt, så ta gjerne ein titt -- eg trur at det skal vera lettare å finne det ein liker no.

18 kommentarar

Om Olaf Moriarty Solstrand

Olaf Moriarty Solstrand (heretter kalla «eg») har vore semiprofesjonell teikneserieforfattar sidan 2001, då eg byrja å skrive teikneseriemanus for det danske forlaget Egmont Creative, som lager Donald Duck-historier. Dei siste åra har eg skrive cirka 50-60 Donald-sider i året, og så langt har tre av desse historiene stått på trykk. Ting går relativt sakte i dei største forlaga, men det er ein ganske morosam jobb likevel.

Eg er medlem i Nordnorsk Teikneserielaug, og har vore medlem i Trondheimstegnerne. Til dagleg skriver eg masteroppgåve om internetteikneseriar, og eg er dessutan bibliotekar på deltid.

... og forresten, det er eg som har laga Nettserier.no.

Gå til Olaf Moriarty Solstrands heimeside


Siste kommentarar av Olaf Moriarty Solstrand

Gå tilbake til hovudsida

nettserier.no blir drive av Solstrand Tekst og Bobler, Vestregata 77, 9008 TROMSØ. E-post: post@nettserier.no. Vevmeister: Olaf Moriarty Solstrand.