Nettserier.no: Teikneserieblogg

Framside - Dagens seriar - Blogg - Alle seriar - Forum - Nettbutikk
Mi side / Logg inn | Ny brukar? | Hjelp

Siste blogginnlegg

Nyaste blogginnlegg av Erlend Skjelten:

Nyaste blogginnlegg av andre forfattarar:

Teikneserietilråding rir igjen!

Erlend Skjelten, 22.03.2008, 17:48

Eg hadde eigentleg tenkt å somle mykje meir før eg skreiv ei ny teikneserietilråding, men så kom eg over nyhende som var så gode at eg berre må spreie dei. I løpet av 2008 kjem Warp Graphics til å leggje ut alt som er gitt ut av Elfquest gratis på nettet. Tretti år med utgivingar tilgjengeleg på ein og same plass!

For dei som ikkje kjenner til Elfquest, eller Alvefolket som det heitte i norsk språkdrakt, så handlar serien om ein stamme alvar, allierte med ein flokk ulvar, i ei verd som ikkje er så veldig ulik Jorda. Dei konkurrerer med menneska om plass og ressursar, og må ofte slå seg på retrett sidan dei er talmessig svært underlegne. Mykje av historia går ut på at dei freistar finne ut kvar dei kjem frå, og å finne andre grupper med alvar som er spreidde ut over verda. Det skjer sjølvsagt ein heil del meir enn kva dette korte samandraget seier. Dei har heldt på med forteljinga i tretti år, og å gi eit fullstendig samandrag ville vere både vanskeleg og spolerande for lesegleda.

På norsk har serien vorte gitt ut både som store fine album i fargar, som òg vart samla i minst éi større bok (som var mitt første, og i lang tid einaste, møte med serien, der den stod i hylla på biblioteket. Det var ikkje reint sjeldan eg las den om att.) og i svart-kvite pocketutgåver i nyare tid, så dei fleste har nok sett serien i butikken. For alt eg veit driv dei på med dei bøkene enno.

Rekkjefølgja på opplastingane på denne sida er prega av at målgruppa er både dei som har lese litt og dei som ikkje har lese noko. Om ein vil unngår spolering, bør ein lese Original Quest, Siege at Blue Mountain og Kings of the Broken Wheel i si heilheit før ein byrjar på nokon av dei andre seriane. Etter Kings deler historia seg i fleire parallelle linjer, som kan vere litt forvirrande om ein byrjar på feil bit til feil tid, og spolere detaljar der dei overlappar. Ein bør ikkje lese Shards før ein har lese Hidden Years i alle fall til og med nummer 15, og om ein heilt vil unngå avsløringar burde ein lese heile New Blood før ein kjem til siste nummer av Shards.

Forklaringar kan ikkje måle seg med den faktiske serien. Halvparten av første historia er lagt ut allereie, så klikk heller på linken der oppe og les sjølv.

Kommenter denne artikkelen

Du må vera innlogga på Nettserier.no for å kunne skrive kommentarar. Dersom du ikkje er registrert brukar her, er det heilt gratis å registrere seg.

Logg inn



Registrer ny brukar

Kommentarar til denne artikkelen (11)

Jeg har kjøpt en del Alvefolket bøker. Er en del av bøkene i serien jeg mangler. Men hvor kan man få bestilt disse Elfquest bøkene som du sier at er gratis? Kan du gi oss en direkte link?

Adoken, 22.03.2008, 19:02


Hm, eg trur du har misforstått meg litt... Alle tidlegare utgitte blad blir lagt ut på nettet på same måten som alle seriane her er lagt ut på nettet, så ein kan lese dei i ein nettlesar. Linken eg gav er den direkte linken til oversikta over dei som er tilgjengelege så langt.

Obdormio, 22.03.2008, 21:00


OOh, herlig nytt.
Leste mye ElfQuest før, har så godt som alle bøkene, men synes det er bra at en såpass god(for det meste) serie blir så lett tilgjengelig gratis.
Siden det blir nettbasert, klarer de kanskje å gjøre folk oppmerksomme på kronologi og paralellhistorier på en bedre måte. Å nummerere bøkene etter KotBW førte nesten bare til forvirring og rot.

Dadaph, 22.03.2008, 21:21


Dadaph, det skal vere visst! I hylla mi har eg forsøkt å organisere dei etter fornuftig leserekkjefølgje heller enn faktisk nummerering,1-8 går jo greitt, men så har eg endt opp med 15 med underbøker, så 10-12, 12-underbøkene, 11-underbøkene, så 9 med underbøker, så 16 og deretter 13 og 14 med underbøker. Eit salig kaos. Så manglar eg sjølvsagt fleire bøker òg, og sidan Reader's Collection ser ut til å vere ute av trykk blir vel hola neppe tetta nokon gong.Så då blir det jubel når dei blir å finne på nettet i staden.

Obdormio, 22.03.2008, 21:32


Obdormio: Aha. Bra uansett!

Adoken, 22.03.2008, 21:44


Heisann, gode farger var det også. Noe helt annet enn den fæle fargeleggingen i hardcover-bøkene som kom på 90-tallet en gang.

Dadaph, 22.03.2008, 23:37


Men som jeg glemte å nevne i forrige post: nummereringen av softcover-bøkene etter de 8 første, er totalt ulogisk ja.
Jeg har for eksempel to stykker av "bok 9", den ene heter Rogue's Challenge, og er i handlingen satt logisk mellom KotBW og Shards, der Rayek utfordrer Cutter til endelig duell.
Softcover-versjonen av "bok 9" derimot, har nøyaktig det samme bildet på coveret, men heter "Rogue's Curse" og følger Rayeks reise i årene ETTER Shards.
Altså, totalt feil plassert i kronologien.

...for å ikke nevne Jink, som er bok 14...nei...de burde droppet nummereringen fullstendig og heller kjørt det som rene undertitler. Når de har bok a-c av bok nr 11(og derav bok a ble gitt ut to ganger, med forskjellig innhold og tittel)....

Jeg husker fortsatt da jeg prøvde å finne ut av dette så jeg kunne kjøpe de spinoffene jeg likte.


...og nå fikk jeg plutselig svært lyst til å lese hele EQ-samlingen igjen. Duverden.

Dadaph, 22.03.2008, 23:43


Eg veit akkurat kva du meiner, Dadaph. Eg fann denne linken på måndag, og har vore gjennom alle bøkene mine etter Kings sidan då.

Rogue's Challenge er etter kva eg har skjønt ikkje eigentleg ein del av Reader's Collection, så kvifor dei slengde på eit nital anar eg ikkje. Historia om utfordringa er vel den same som står i Shards-boka? (som forresten ikkje innheld eitt einaste nummer av Shards-serien, det er berre Hidden Years...)

Å pusle seg fram til korleis dei bøkene skal lesastkan gjere einkvar spinntulen. Desto betre at dei no legg ut alt gruppert etter utgiving og serie heller enn tema, så kan ein følgje historia slik det først var tenkt.

Obdormio, 23.03.2008, 00:58


Jeg oppdaget EQ ganske tidlig, abonnerte på den første serien (som for meg er "the Quest"), fikk fulgt med på Siege og Kings, men da seriene begynte å forgrene seg samtidig som de sluttet å selge abonnementer og jeg begynte å vanke mindre regelmessig på avalon, bare ga jeg opp. Når man kommer i butikken og finner nummer 2 av en en serie er det et ganske tydelig tegn...

Won-Tolla, 23.03.2008, 08:23


..av en ny serie altså.

Won-Tolla, 23.03.2008, 08:34


Glemte å nevne at "Rogue's Challenge"-boka er i hardcover og har farger(gode farger i motsetning til de tidligere hardcover-bøkene). Den inneholder Hidden Years 5-9,5(duellen), om jeg husker riktig...

Hidden Years, om jeg husker riktig, forgrener seg til Shards og historien om Ember&co. Av dem er Shards den klart beste. Ikke helt samme kvalitet som de første bøkene, men fortsatt virkelig god.

Dadaph, 23.03.2008, 15:47


Gå til bloggoversikta

Gå tilbake til hovudsida

Nettserier.no - Nätserier.se - Webcomics.dk
Sidene er drive av Solstrand Tekst og Bobler, Søndre Tollbodgate 17, 9008 TROMSØ. E-post: post@nettserier.no. Vevmeister: Olaf Moriarty Solstrand.