Teikneserieblogg

nettserier.no

Logg inn:

Siste blogginnlegg

Nyaste blogginnlegg av Ørjan Holen:

Nyaste blogginnlegg av andre forfattarar:

Lokes Eskapadar

Ørjan Holen, 04.12.2007, 18:13

Bakketopp, bakketopp til eventuelle norskspråklege internasjonale lesarar.

Tenkte eg likesågodt kunne annonsere det; etter ein veldig lang pause fortset Lokes Eskapadar no med ein pause til, men med håp om at denne blir merkbart kortare. I mellomtida legg eg ut tre striper sånn som skille mellom pausane, sånn at eg ikkje går i surr. (Viktig å vite kva for ein ferie ein befinn seg i, ellers blir det berre rot.) Så, ei stripe i dag (som alt er ute), ei i morgon, og ei på torsdag.

Så får me sjå om nokon LES dei, då... Håpet er eviggrønt, akkurat som snørr og kunstgras! :D

Kommenter denne artikkelen

Du må vera innlogga på nettserier.no for å kunne skrive kommentarar. Bruk verktylinja øvst på sida for å logge deg inn eller registrere deg som brukar.

Kommentarar til denne artikkelen (8)

jeg leser det^^
er jo tross alt en av de første seriene som kom!

Pexi, 05.12.2007, 22:48


Yay, then. ^^ (Men håpar du les det litt fordi du tykkjer det er morosamt innimellom òg og ikkje berre på grunn av ansiennitet.. ;) )

Loki, 06.12.2007, 00:02


Jeg leser BARE fordi det er morosamt.

Frk. Blips, 06.12.2007, 01:18


Audå, så kvar gong eg har ei frykteleg umorosam filler-stripe så risikerer eg miste deg som lesar? *panikk* ;)

Loki, 06.12.2007, 03:42


Så lett blir du ikke kvitt meg. Men kommer det 10-12 tamme på rad, da spørs det.

Frk. Blips, 06.12.2007, 05:58


10-12 på rad håpar eg verkeleg at eg aldri har hatt...

Loki, 06.12.2007, 22:57


Hehehe...morosamt.... det er et litt "annerledes" ord. Hehe..morosamt...

Adoken, 08.12.2007, 09:11


Vel, det gir i det minste meining, ein kan SJÅ kva ordet betyr, ulikt, tja, til dømes "morsomt". Begge er "moro"+"samt", men det er kun ein av dei ein faktisk SER det på. :P

Loki, 08.12.2007, 16:17


Gå til bloggoversikta

Gå tilbake til hovudsida

nettserier.no blir drive av Solstrand Tekst og Bobler, Vestregata 77, 9008 TROMSØ. E-post: post@nettserier.no. Vevmeister: Olaf Moriarty Solstrand.