Teikneserieblogg

nettserier.no

Logg inn:

Siste blogginnlegg

Nyaste blogginnlegg av Ørjan Holen:

Nyaste blogginnlegg av andre forfattarar:

Lokes Eskapadar - oppdateringar

Ørjan Holen, 02.04.2007, 14:41

Ettersom eg har gått relativt hardt på tomgang i det siste (og som dei fleste som les serien vel har merka) trur eg at eg burde ta ein pause. Blir minst ei veke - muligens fleire - men forhåpentlegvis ikkje meir enn to. Det betyr ikkje at det ikkje kjem striper i det heile tatt - om eg ikkje klarar trykke ein eller annan form for påskevitsar ut av ein serie basert på ein ein gong i tida konkurrerande religion kan eg berre gå og legge meg - men onsdag-laurdag-frekvensen er ikkje-eksisterande fram til eg har bygd opp ein buffer. Har ikkje hatt ein buffer med striper sidan... august, trur eg, og å improvisere fram ny stripe ein eller to kveldar før den skal ut to gonger i veka er byrja føre til det eg sjølv tykkjer er litt utdragande oppgulp.

Såh, midlertidig pause, men forhåpentlegvis ikkje så altfor lenge. Eg har i alle fall idèar til heile TO striper i hovudet akkurat no, samt ein vag idè til ein arc, det er to og ein halv idè meir enn eg har hatt på eit nesten kva som helst gitt tidspunkt siste tre månadane, så det er forhåpentlegvis eit godt teikn. ;)


Dixi.

Kommenter denne artikkelen

Du må vera innlogga på nettserier.no for å kunne skrive kommentarar. Bruk verktylinja øvst på sida for å logge deg inn eller registrere deg som brukar.

Kommentarar til denne artikkelen (2)

Yay. Selv om improviseringsstripene er bra de også, må jeg si meg enig i at stripene blir bedre med litt forarbeid. Forventer bedre striper etter pausen, though. =P

tyblazitar, 03.04.2007, 13:25


Det har aldri vore særleg forarbeid - skilnaden er at eg pleide lage stripene ei halvanna veke eller så før dei kom ut, og den manglende pressfaktoren på å "måtte finne på noko NUH" føler eg hjalp litt på kvaliteten.

Loki, 03.04.2007, 20:26


Gå til bloggoversikta

Gå tilbake til hovudsida

nettserier.no blir drive av Solstrand Tekst og Bobler, Vestregata 77, 9008 TROMSØ. E-post: post@nettserier.no. Vevmeister: Olaf Moriarty Solstrand.