Nettserier.no: Teikneserieblogg

Framside - Dagens seriar - Blogg - Alle seriar - Forum - Nettbutikk
Mi side / Logg inn | Ny brukar? | Hjelp

Siste blogginnlegg

Nyaste blogginnlegg av Erlend Skjelten:

Nyaste blogginnlegg av andre forfattarar:

Brura til Teikneserietilråding

Erlend Skjelten, 13.11.2006, 20:05

Ny måndag, ny link, denne gongen til Narbonic, enno ein av mine store favorittar.

Narbonic handlar om Dave Davenport, dataingeniør, som etter å ha fullført utdanninga tek seg jobb som teknikar i Narbonics Labs, eit lite firma styrt av det venlegsinna, muntre, svært gale og vondskapsfulle geniet Helen Narbon, som har som mål å enten erobre verda eller øydeleggje den, avhengig av kva dei får til. Òg i firmaet er den våpengale og hypervaldelege lærlingen Mell, og den genetisk manipulerte ørkenrotta Artie. Dei har mange festelege eventyr med galen vitskap, og dei mange fælslege effektane av det, som som oftast går ut over Dave.

Serien har herleg humor, svært gode (og godt planlagde!) historier, og heilt fantastiske karakterar. Særleg dei gale vitskapsfolka (og der er ein del av dei) er moro å lese om.

Narbonic syng for tida siste verset, den er midt i klimakset som alle historiene så langt har bygd opp til, før den går over i avslutning. Med andre ord er me garantert ein skikkeleg slutt, og ikkje ei stripe som går vidare og vidare i all æve, noko eg sett pris på i alle fall.

Det var vel alt eg hadde å seie denne gongen. Der er seks år med striper så langt, så det er langt meir effektivt å lese striper enn det eg skriv her uansett.

Kommenter denne artikkelen

Du må vera innlogga på Nettserier.no for å kunne skrive kommentarar. Dersom du ikkje er registrert brukar her, er det heilt gratis å registrere seg.

Logg inn



Registrer ny brukar

Kommentarar for denne artikkelen (0)

Ingen har kommentert denne artikkelen enno. Du kan bli den første!

Gå til bloggoversikta

Gå tilbake til hovudsida

Nettserier.no - Nätserier.se - Webcomics.dk
Sidene er drive av Solstrand Tekst og Bobler, Søndre Tollbodgate 17, 9008 TROMSØ. E-post: post@nettserier.no. Vevmeister: Olaf Moriarty Solstrand.