Nettserier.no: Teikneserieblogg

Framside - Dagens seriar - Blogg - Alle seriar - Forum - Nettbutikk
Mi side / Logg inn | Ny brukar? | Hjelp

Siste blogginnlegg

Nyaste blogginnlegg av Erlend Skjelten:

Nyaste blogginnlegg av andre forfattarar:

Teikneserietilråding vender tilbake

Erlend Skjelten, 06.11.2006, 16:15

Ok, då har alle unnateke Loke kome seg gjennom dei førre to seriane, så då kjem eg like greitt med ein til.

Linken denne gongen går til 1/0, ein av mine desidert største favorittar. Det er ein avslutta serie, med akkurat 1003 striper i arkivet om eg hugsar rett, så den tek ikkje så altfor lang tid å lese heller.

1/0 er ein serie som ikkje brydde seg med å ha ein fjerde vegg. Den byrjar med at universet handlinga går føre seg i blir skapt, og held fram med å stele den første karakteren sin frå ei anna stripe. Derifrå går det nedover (høgdemessig) sidan karakterane som følgjer blir laga av materiale frå den første.

Stripa byrjar... vel, for å seie det rett ut, dårleg. Den er ikkje stort å skryte av dei første hundre stripene eller så, men tek ein fantastisk snuoperasjon, og går over i å bli filosofisk, interessant og artig. Karakterane debatterer eksistens og korvidt dei har ein utanfor rutene, freistar byggje og utvikle den vesle verda si, og kranglar med forfattaren.

Som sagt er dette ein av mine største favorittar, ei stripe som er mest som ei god bok, som eg les om att minst ein gong i året, og eg har enno til gode å finne nokon som mislikar den (sjølvsagt, no når eg har sagt dette, kjem det vel flust med kommentarar frå folk som hatar den...)

Vel, eg kjem ikkje på meir å skrive. Linken er der oppe, og serien er tilrådd på det varmaste.

Kommenter denne artikkelen

Du må vera innlogga på Nettserier.no for å kunne skrive kommentarar. Dersom du ikkje er registrert brukar her, er det heilt gratis å registrere seg.

Logg inn



Registrer ny brukar

Kommentarar til denne artikkelen (6)

"Ok, då har alle unnateke Loke kome seg gjennom dei førre to seriane, så då kjem eg like greitt med ein til."
Alea iacta est, dude.

Loki, 06.11.2006, 16:23


For å vere litt seriøs, joda, 1/0 er ein fin serie. Ikkje fullt så heilfrelst på den som du er, men den er absolutt verdt bryet og kan absolutt anbefalast.

Loki, 06.11.2006, 16:28


Min første tanke då eg leste dette var «Argh, kvifor må han anbefale meir no, eg har masse å gjera i kveld». Men så var det heldigvis ein serie eg allereie hadde lest, så då puster eg letta ut og nikker einig til at det er ein svært bra serie.

Hm ... 1003? Var det ikkje akkurat 1000 då? No blei eg usikker.

Olaf, 06.11.2006, 16:51


Der er 1000 striper laga av Tailsteak, men det kjem tre 1. april-striper laga av andre i tillegg.

Obdormio, 06.11.2006, 16:58


XKCD

Personlig favoritt. :3

Quakeulf, 06.11.2006, 17:00


Nå har jeg lest sånn omtrent halvparten av 1/0 og er så langt enig i alt som ble sagt om den her, med unntak av påstanden om at den skulle være dårlig i starten.

Jeg støtter dessuten Quakeulfs anbefaling av xkcd.

Øystein, 07.11.2006, 23:04


Gå til bloggoversikta

Gå tilbake til hovudsida

Nettserier.no - Nätserier.se - Webcomics.dk
Sidene er drive av Solstrand Tekst og Bobler, Søndre Tollbodgate 17, 9008 TROMSØ. E-post: post@nettserier.no. Vevmeister: Olaf Moriarty Solstrand.