Nettserier.no: Teikneserieblogg

Framside - Dagens seriar - Blogg - Alle seriar - Forum - Nettbutikk
Mi side / Logg inn | Ny brukar? | Hjelp

Siste blogginnlegg

Nyaste blogginnlegg av Erlend Skjelten:

Nyaste blogginnlegg av andre forfattarar:

Teikneserietilråding 2

Erlend Skjelten, 01.11.2006, 18:33

Vel, då har folk hatt tid til å kome seg gjennom Get Medieval, så då tek eg likegodt og linkar til ein serie som ikkje liknar på den i det heile, The Adventures of Dr. McNinja.

Dr. McNinja er, tru det eller ei, ein ninja som er ein doktor. Han kjem frå ei lang rekke irske ninjaar, men i staden for å vere ninja på heiltid valde han å studere medisin. Han bur på den vesle klinikken sin, som ligg midt ute i ein heimsøkt skog, saman med sekretæren sin, som er ein gorilla, og nokre andre vener. Han er svært stor fan av Batman, og han har ofte surrealistiske og hysterisk festlege eventyr.

The Adventures of Dr. McNinja er ikkje ein stripeserie, men er utgitt i ein slags nummer på 20-40 sider kvar. Oversikta over desse finn ein her. Aller første historia, prologen kan ein kanskje kalle det, er så som så, men resten er utruleg festleg. Historiene er fullstendig absurde, og karakterane er like spinnville, men dei tek seg sjølve heilt hundre prosent seriøst. Resultatet er kjempeartig.

Vær òg obs på at frå og med #2, så ligg der vitsar og kommentarar gøymd i title-taggen, så hold musa over biletet eit par sekund etter at du er ferdig med sida, så du får med deg alt.

Meir er det vel ikkje å seie. Kos dykk.

Kommenter denne artikkelen

Du må vera innlogga på Nettserier.no for å kunne skrive kommentarar. Dersom du ikkje er registrert brukar her, er det heilt gratis å registrere seg.

Logg inn



Registrer ny brukar

Kommentarar til denne artikkelen (5)

Takk, takk, TAKK for denne. Helt fantastisk serie.

Eirik, 01.11.2006, 20:44


"Vel, då har folk hatt tid til å kome seg gjennom Get Medieval"
O.o Eg, Mannen Utan Liv, har ikkje hatt tid til meir enn ein tredjedel av det, så korleis pokker kan du sitte der og skrive at no har "folk", implisert "folk flest", hatt tid til det?!

Loki, 01.11.2006, 22:47


Gg baserer meg på at eg sjølv las gjennom serien på tre dagar før eg skreiv den første posten.

Obdormio, 01.11.2006, 23:19


Pingler. Eg las gjennom både Get Medieval og Misfile på ... tja, tolv timer var det vel?

Leste prologen på jobb og lo ganske høgt av berre den, eg. Skal lese vidare no.

Olaf, 01.11.2006, 23:52


Jeg leste gjennom Get Medieval på.. hmm.. noen timer i går, mens jeg gjorde ymse andre ting. Misfile har jeg ikke begynt på, men den virket veldig interessant

Quarryman, 02.11.2006, 00:23


Gå til bloggoversikta

Gå tilbake til hovudsida

Nettserier.no - Nätserier.se - Webcomics.dk
Sidene er drive av Solstrand Tekst og Bobler, Søndre Tollbodgate 17, 9008 TROMSØ. E-post: post@nettserier.no. Vevmeister: Olaf Moriarty Solstrand.