Nettserier.no: Teikneserieblogg

Framside - Dagens seriar - Blogg - Alle seriar - Forum - Nettbutikk
Mi side / Logg inn | Ny brukar? | Hjelp

Siste blogginnlegg

Nyaste blogginnlegg av Erlend Skjelten:

Nyaste blogginnlegg av andre forfattarar:

Teikneserietilråding

Erlend Skjelten, 28.10.2006, 22:40

Sidan eg ikkje medverkar til sida her med ein serie sjølv (for tida i alle fall...), tenkte eg at eg kanskje kunne peike folk mot andre seriar eg les i staden. Eg er av den oppfatninga at det ikkje går an å lese for mykje, så slike tilrådingar er noko eg alltid finn nyttig sjølv.

Serien eg ville linke til no er Get Medieval. Den er lagt ut på Livejournal, som jo ikkje er ideell for teikneserielesing, men det går greitt å bla seg frå stripe til stripe berre du finn den første. For å gjere det enklast mogeleg, her er ein link til første stripe.

Get Medieval handlar om ei gruppe romvesen som landar på Jorda rundt 1370. (Dei er eigentleg ikkje romvesen slik ein vanlegvis tenkjer på dei, dei er menneske. Det er uklart om dette er grunna tidskrøll, parallell utvikling/dimensjonsreise eller romfarande Atlantisfolk. Personleg vedder eg på tidskrøll, men det har strengt tatt ikkje noko med handlinga i serien å gjere.)

Denne gruppa er samansett av Torquel Hane, tidlegare leiar for den interstellare mafiaen, sonen hans, Asher, kona hans, Iroth, rekneskapsføraren hans, Neithe, og kona si livvakt, Oneder. Torquel har nyleg blitt avsett som kingpin, og den nye leiaren vil sjå han og familien hans daude. Dei flyktar til den mest avsidesliggjande delen av galaksen dei finn, og ender opp på Jorda. Dei landar i Frankrike for å fylle vatn, men blir overraska av ein fransk hærstyrke, og kjem frå kvarandre. Torquel tek skipet og flyktar, Oneder blir skoten, og Iroth tatt av franskmennene. Asher og Neithe sit åleine igjen på ei strand på ein ukjend planet i berre undertøyet utan nokon som helst slags måte å kome seg vekk på.

Hilarity ensues.

Dette er ein av dei absolutt beste seriane eg les. Forfattaren studerer mellomalderhistorie, og serien er i det heile svært korrekt når det gjeld hendingar og samfunn, sjølv om der er enkelte endringar frå den faktiske historia. Desse er stort sett påpeika når dei dukkar opp.

Det er òg ein av dei få seriane som alltid, heilt utan unntak får meg til å flire. Eg kan ikkje komme på ei einaste stripe i heile serien, med mogeleg unntak av dei heilt første, som ikkje har knakgode vitsar. Mange av vitsane avheng rett nok av at ein kjenner kontinuiteten, noko som fører meg til neste punkt, den fantastiske historia.

Asher og Neithe er nok hovudpersonane i serien, men historia er ikkje berre om dei. Der er flust med andre karakterar som har samanvevne historier. Eg vegrar meg for å seie mykje her, eg vil ikkje spolere lesargleda, så eg trur eg nøyer meg med å seie at historia er superb, og for tida svært, svært spanande.

Vel, stort meir er det vel ikkje å seie no. Serien tilrådast på det absolutt varmaste.

Kommenter denne artikkelen

Du må vera innlogga på Nettserier.no for å kunne skrive kommentarar. Dersom du ikkje er registrert brukar her, er det heilt gratis å registrere seg.

Logg inn



Registrer ny brukar

Kommentarar til denne artikkelen (3)

Søren ta deg, som om eg ikkje har nok å lese!

Loki, 29.10.2006, 00:32


Eg byrja å lese, men sjølvsagt måtte denne serieskaparen, som omtrent alle andre serieskaparar, anbefale andre seriar underveis. Så fann eg ein link til Misfile ... og no sit eg her lamslått mange timer seinare etter å ha lest alle sidene som er lagt ut, og du verden kor glad eg har blitt i denne serien ...

Første side starter her. Kanskje eg blogger om serien dersom eg får tid til det. Så var det å kome seg vidare i Get Medieval ...

Olaf, 29.10.2006, 06:23


Dette var jo bare slemt.. har så langt lest frem til 5. mai 2005, og har ingen planer om å stoppe enda ;-)

Quarryman, 31.10.2006, 18:15


Gå til bloggoversikta

Gå tilbake til hovudsida

Nettserier.no - Nätserier.se - Webcomics.dk
Sidene er drive av Solstrand Tekst og Bobler, Søndre Tollbodgate 17, 9008 TROMSØ. E-post: post@nettserier.no. Vevmeister: Olaf Moriarty Solstrand.