
| Siste blogginnlegg | ![]() |
Nyaste blogginnlegg av Olaf Moriarty Solstrand:
- Academic Perspectives on Comics
- Nettserier-året 2008
- Nisse til salgs
- Populærkultur
- Statistikk
- Nokre små forandringar ...
- Pacham og andre ting eg lager
- Julesalg 2008 - 20 % rabatt på det meste av seriar
- For Kandajha
- Dor, Graff, alvar og Veum
Nyaste blogginnlegg av andre forfattarar:
- servietter og sånt
- gjemte figurer
- tegneseriekurs.com
- Canoot! i Pondus-bilaget!
- Tegneserietalenter i Vestnytt
- I gang igjen!
- I need your help, motherfuckers!
- Edderkopp-Mannen Error
- ZiP GuN BoOGiE
- 66 - coming to your PC/mac/tunge jobbdata/annet
- Hvordan ser DU ut?
- glad
- Hvilken serie er best?
- Stø kurs
- Ett år...
- HJELP Meg!
- Nytt godtår!
- Avslutningen på julespesialen ...
- Hybellivet i Lokalavisa! : D
- Serieferie - Julenummer! OBS! OPPDATERT BLOGG!
Selfpublishing og salgbarhet
Olaf Moriarty Solstrand, 28.09.2008, 14:01
Selfpublishing blir berre vanlegare og vanlegare, verkar det som. Folk her inne lager eigne hefter over ein høg profil. Men korleis skal ein selge dette? Mange velger å trykke opp eit knøttlite opplag og avertere kun i eit blogginnlegg ... Medan andre sit med draumen om å kunne nå ut til så mange som mogleg. Og det er absolutt mogleg, men då må ein sjå utanfor seg sjølv og tenke på å gjera seriane sine tilgjengeleg andre stadar. Outland, Tronsmo, diverse nettbutikkar ... vil ein ut til så mange som mogleg, er det ikkje nok å selge via Nettserier-bloggen.
Som mange her inne veit, driver eg ein liten nettbutikk. Eg får ganske mange spørsmål om eg kunne tenkja meg å ta inn diverse ting i butikken min, og ofte svarer eg nei. Irriterande, for eg har lyst til å byggja opp ein butikk som har det meste av norske undergrunnsseriar ... men det er ikkje alt eg *klarer* å selge. Det er det ulike grunnar til: Vanlegvis økonomiske grunnar, men av og til andre ting.
I dette blogginnlegget hadde eg tenkt å oppsummere eit par ting som eg synest at folk som driver med selfpublishing burde ta i betraktning dersom dei ønskjer å få teikneseriebutikkar til å ta inn seriane sine. De treng ikkje å vera einige i alt, men det meste av det eg skriver her er basert på døme frå røynda, og eg er sikker på at andre teikneseriebutikkar tar veldig mange av dei same vurderingane som eg gjer.
1. Gi GODE forhandlarrabattar.
Døme frå røynda: Eg har opplevd å få spørsmål om eg kan ta inn hefter med ein utsalgspris på 30 kroner. Forhandlarprisen eg fekk på dette var 27 kroner. Med andre ord: Hadde eg tatt inn tjue hefter, måtte eg klare å selge atten av desse for å ikkje tape pengar på det ... og det er ikkje ein margin eg liker. Når ein driver ein butikk, har ein veldig lite lyst til å tape pengar, og små marginar gjer det veldig enkelt å vera pessimistisk. Om du ønskjer eit godt forhold til butikkane, bør du gi dei ein pris som dei både kan tjene litt på og som dei ikkje taper mykje pengar på dersom dei ikkje klarer å selge alt det dei kjøper av deg. Mi erfaring er at dei fleste store forlaga gir cirka 35 % avanse (dersom utsalgsprisen er 50 kroner, får butikken kjøpe dei for 32,50). Desse tala går det sjølvsagt an å diskutere litt, men ikkje gå så veldig mykje høgare enn det. Ti prosent avanse blir så lite at få butikkar vil ta sjansen på å ta inn veldig mange av seriane dine, så anstreng deg for å kunne få salgsprisane så låge at du faktisk kan gi butikken minst 25-30 %.
2. Start ei bedrift, bedrifter er kule.
Seriøst. Skal du drive salg av eigenproduserte teikneseriar, kjem du til å måtte sende fakturaar til ei rekke butikkar, og dersom du kan putte eit organisasjonsnummer på fakturaen, følast det på eit psykologisk plan mykje betre å drive forretningar med deg. Sannsynlegvis treng du berre eit enkeltpersonsforetak, og dei er det heilt gratis å stifte. Pluss: Dersom prosjektet går i underskot, kan du trekke frå utgiftene på skatten. Meir info på brreg.no og bedin.no, registrering kan du gjera på altinn.no (den einaste begrensninga eg kjem på i farta som dei har for kven som kan starte ei bedrift, er at du må vera over atten (er sikkert ikkje ein fordel å stå i eit konkursregister heller)).
3. Moms matters!
Eg nevner dette fordi det er veldig enkelt å gløyma det. Kva slags utgiving du lager speler ei viktig rolle for kor praktisk økonomisk det vil vera å gi ut serien din. Album og bøker er fritekne for moms, teikeserieBLADER er ikkje det.
For å gi ei kort innføring i den fantastiske verda som er moms: Det finst to typer bedrifter. Dei som tjener meir enn 50.000 kroner i året (mva-pliktige) og dei som tjener mindre enn 50.000 kroner i året (ikkje mva-pliktige). Mva-pliktige bedrifter er nøydt til å leggja på 25 % moms (som går til staten) når dei selger produkter til nordmenn (så lenge produktet ikkje er momsfritatt eller har ein annan momssats). Men ettersom moms er meint å skulle påverke sluttbrukarane og ikkje kome på som eit ekstra ledd i kvart einaste steg i ein produksjonsprosess, kan mva-pliktige bedrifter òg TREKKJA FRÅ moms på ting dei KJØPER. Så: Dersom trykkeri X er mva-pliktig (dei fleste trykkerier er det) og dei trykker ting for 4000 kroner, er dei pålagt å ta 5000 kroner for denne jobben og overføre den siste tusenlappen til staten ... Men dersom kunden er Egmont eller Schibsted eller Solstrand Tekst og Bobler eller ei hvilken som helst anna momspliktig bedrift, kan denne bedrifta få denne tusenlappen *tilbake* frå staten, slik at prisen i praksis framleis er 4000 kroner. Dersom du ikkje er mva-pliktig, er denne trykkeriprisen sjølvsagt framleis 5000 kroner totalt, ettersom du aldri kjem til å få momsen tilbake.
Men: Butikken min er mva-pliktig, og det same er dei andre store teikneseriebutikkane. Så om du vil selge eit teikneserieblad til meg, og planen er at eg skal selge dette vidare for femti kroner, er det berre førti av desse kronene som faktisk går til meg, den siste tiaren sender eg frå meg til staten. Så dersom du har eit teikneserieblad du vil at eg skal selge for deg for femti kroner, og du tilbyr meg å kjøpe det av deg for trettiåtte: Gløym det, det er alt for risikabelt. For sjølv om det på papiret kan sjå ut som om avansen min er tolv kroner, er den i praksis to kroner ... Og det er så godt som ingenting.
Poenget mitt er vel eigentleg: Med mindre du er eit økonomisk geni som klarer å beregne eit stort nok overskot til at du både kan betale moms til trykkeriet og la meg legge på moms enno ein gong når du prøver å la meg selja det vidare til deg, bør du la vera å gi ut teikneserieblader på eiga hand. Lag heller album eller teikneseriebøker; dei er det momsfritak på, så då er det ikkje eit problem å leggja på moms to gonger. Du må framleis betale moms til trykkeriet, men du slipper å bekymre deg for at eg eller dei andre butikkane du selger ting til må klare å selge ting vidare for 80 % av den prisen du har trykt på coveret og difor må få ein 20 % snillare innkjøpspris. Eg har faktisk vore nøydt til å avslå å ta inn enkelte hefter i nettbutikken fordi selgaren ikkje hadde tatt med i betraktninga at eg var nøydt til å leggja på moms på salgssummen, noko som i det tilfellet hadde medført at eg måtte selge med tap.
4. Tenk stort ... men realistisk.
Det er billigare å trykke hefter jo fleire du trykker. Så trykk femti tusen! Eller la vere, for det er heilt urealistisk at du klarer å selge så mange. Derimot kan du sannsynlegvis, dersom du legger nok arbeid ned i det, klare å selge eit par hundre eksemplarer utan alt for store problemer -- men det krever at du virkeleg er villig til å jobbe hardt for å oppnå det.
Med det meiner eg to ting. For det første: Ikkje gi ut eit hefte berre for å kunne gi ut eit hefte! Gi alt, ofre blod, svette og tårer, for å kunne gjera dette heftet så kanonbra at det oser av kvalitet. Bruk tid på å fylle heftet med ting som er så bra at folk faktisk vil få lyst til å kjøpe dette heftet. Det er lov til å inkludere ting som har vore utgitt på nett, men sørg for at heftet inneheld nokre eksklusive ting òg. For det andre: Det er ikkje nok å vera ein god teikneserieskapar, du er òg nøydt til å vera ein god *selgar*. Gjer alt du kan for å selge så mykje du kan. Om du verkeleg satser på dette, kan du skru opp opplaget, og då blir stykkprisen på trykkeriet langt billigare.
For å bruke eit døme: Sjå på Steinkjer Serieligas Hærværk. Dei har verkeleg lagt ned mykje arbeid i å lage eit godt album, så dei kunne sikkert selge femti eksemplarer utan alt for mykje arbeid. Men dei har lyst til å selge meir, så dei oppfører seg som selgarar i tillegg til å vera gode teikneserieskaparar. Hærværk har klart å bli lagt merke til i lokalpressen. Serieskaparane har møtt opp på Steinkjerfestialen for å selge albumet der. Arne og Torgeir var på Raptus og solgte ein liten bunke der nede, og i går hadde dei signering på Outland i Trondheim. I tillegg har dei vore i kontakt med både min nettbutikk, Outland og for alt det eg veit andre òg som har gått med på å selge albumet for dei. Resultatet av dette er at dei i staden for å gå inn for å selge femti eksemplarer kan ha ei realistisk målsetjing om å selge mange hundre eksemplarer ... Og då blir trykkeriprisen billigare. Det innebærer langt meir arbeid, så klart, men er produktet godt nok, er det verdt det.
5. Forhandlarlojalitet er alt.
Eg kan ikkje understreke dette godt nok. Sjå for deg at du hadde solgt tjue blader til Tronsmo for at dei skulle selge desse bladene for deg, og du deretter hadde satt deg på gata utanfor Tronsmo for å selge desse blada sjølv. Du får solgt dobbelt så mykje, men sjansen er liten for at Tronsmo nokon gong kjøper blader av deg igjen. Så seriøst: Dersom du har planer om å drive handel med fleire salgsledd enn berre deg sjølv, vis litt respekt.
Eg har sjølv opplevd å ta inn ei rekke utgivingar frå eit lite forlag i nettbutikken min, i relativt store kvantum. Etter at eg hadde bestilt desse blada, men FØR eg faktisk hadde mottatt blada i posten slik at eg kunne leggja dei ut i nettbutikken, begynte eigaren av det aktuelle forlaget å leggja ut masse reklame i Nettserier-bloggen for nøyaktig dei same utgivingane i forlagets eigen nettbutikk. Eg har i utgangspunktet ingenting imot at forlag bruker Nettserier-bloggen for å avertere for utgivingane sine, men når dei averterer for utgivingar som dei allereie har solgt meg for at eg skal kunne selja dei i nettbutikken, føler eg meg snytt -- og det seier seg sjølv at neste gong eg fekk tilbod om å kjøpe ting frå det forlaget, takka eg nei. Eg krever sjølvsagt ikkje å få vera eineforhandlar av alle utgivingane eg tar inn, men når folk legger ut reklame i Nettserier-bloggen for ting som står i direkte konkurranse med nettbutikken min, slutter eg sjølvsagt å ta inn utgivingane deira.
Så, det er mange ting ein bør hugsa når ein har lyst til å kontakte andre butikkar for å få dei til å selge blad for seg, men kort oppsummert: Sørg for at du klarer å produsere seriane dine så billig som mogleg, sånn at du kan gi butikkane ein god pris. Som eit steg i dette bør du halde deg til album og bøker så lenge du ikkje er ei mva-pliktig verksemd, og la vera å trykke hefter inntil du klarer å selge for femti tusen i året. Og behandle butikkane du handler med godt -- ikkje prøv å stjele kundar frå dei. På kort sikt tjener du på det, men du risikerer at ingen vil handle med deg i framtida.
Sei frå i en kommentar eller noko om noko av dette var veldig uklart, og eg presiserer gjerne.
Kommenter denne artikkelen
Du må vera innlogga på Nettserier.no for å kunne skrive kommentarar. Dersom du ikkje er registrert brukar her, er det heilt gratis å registrere seg.
Logg inn
Kommentarar til denne artikkelen (19)
Flott innlegg! Mange som har nytte av denne.
Odd-Ragnar, 28.09.2008, 14:17
Dette kan med fordel printes ut og henges på veggen til alle vordende serieskapere med eller uten talent:-) men noen liker jo aa LEKE butikk da
hepster, 28.09.2008, 14:47
Takk for råbra innlegg!
Kan du si noe hva som må til for at noe er et album og ikke et blad?
Lysgaard, 28.09.2008, 14:53
Mange bra tips her, ja. Men mange av disse tipsene trenger vi ikke siden vi allerede har tenkt dem ut før..
Adoken, 28.09.2008, 15:03
Adoken, 28.09.2008, 15:03
Alexander Slotten, 28.09.2008, 15:19
Lysgaard: Et blad kan vel inneholde flere serier, men et album inneholder vel vanligvis bare én serie.
therogerman, 28.09.2008, 16:00
Lysgaard: Litt vanskeleg å svare på, for når sant skal seiast har eg aldri heilt skjønt nøyaktig kvifor teikneseriealbum er fritekne for moms -- men alle kvitteringane eg har fått frå Narvesen og andre stadar eg kjøper blader og album viser at det er dei. Eg kan ikkje skjønne at det kan ha nokon annan grunn enn at desse teknisk sett reknast som bøker og ikkje som tidsskrifter.
Ifølgje meirverdiavgiftlovens §16 er det momsfritak for bøker i siste omsetningsledd og for tidsskrifter som i hovudsak distribuerast til abonnentar. Dei færraste heimelaga undergrunnsblader distribuerast i hovudsak til abonnenter, så difor er vel greia å få dei til å vera ein slags bøker samtidig som dei IKKJE er ein slags tidsskrifter.
Så, nokre stikkord:
- anbefaler generelt å gå for stivare permar og eit så høgt antall sider som mogleg -- trur at FNs definisjon på kva ei bok er inkluderer at denne skal ha minst 49 sider, sjølv om denne definisjonen ikkje nødvendigvis er så utbredt i praksis
- dersom alle albuma dine har ein felles tittel og fortløpande nummerering, og du gir ut meir enn to av dei i året, er dei tidsskrifter og altså ikkje avgiftsfri så lenge ikkje 80 % av opplaget distribuerast til abonnenter
- Strengt talt burde dette kanskje inkludere ein serie som FLEIP, men der har forlaget verkeleg gjort ein innsats for at dette skal bli sett på som bøker: I tillegg til over femti sider pr nummer, stive permer og limhefta rygg, har kvart FLEIP til og med eit eiget ISBN-nummer.
Så dette kan kanskje kallast eit definisjonsspørsmål, og eg vil eigentleg anbefale deg å studere bladhyllene -- du finner betre svar der enn eg kan gi deg, trur eg. Pondus, M og Donald Duck & Co er blader. Pondus Alt For Norge og slike utgivingar er album. Skulle du vera i tvil: Kjøp heftet, og sjekk på kvitteringa om prisen du har betalt inkluderer 25 % moms.
Interessant lesestoff: sjekk lovdata.no, merverdiavgiftsloven (spesielt § 16) samt forskrift om avgiftsfritak for tidsskrift og forskrift for avgiftsfritak for bøker. For meir om ISBN, sjekk isbn.no.
Olaf, 28.09.2008, 16:26
Lysgaard, 28.09.2008, 18:35
Kommer nok selv til å bruke et online trykkeri jeg oppdaget for en tid siden hvor kundene kan bestille rett fra trykkeriet, som ikke trykker i masse opplag men et nummer hver gang de får en bestilling.
Alexander, 28.09.2008, 19:31
Print-on-demand? Fordelar og ulemper, men det har eg allereie sagt kva eg meiner om her, så eg skal ikkje gjenta meg sjølv.
Olaf, 28.09.2008, 19:38
alexander,hva het det trykkeriet,kan du sende linken?
Jokke,, 28.09.2008, 19:55
Eg gjetter at han kanskje sikter til lulu.com?
Olaf, 28.09.2008, 20:14
Print on demand var det ja, visste ikke om det finnes noe god norskt ord for det. Var faktisk http://www.cafepress.com jeg tenkte på, men tror lulu.com også er mer eller mindre like bra.
Alexander, 28.09.2008, 20:27
Trykker cafepress bøker då? Eg var bombesikker på at dei berre trykte klær, dingsar og plakatar og sånt. Men kan hende at dei har endra rutinene sine.
Problemet mitt med Print-on-demand er at det ikkje finst nokre slike tilbod i Noreg. Når eg kjøper norske undergrunnsseriar har eg veldig lite lyst til å betale porto over atlanteren (eventuelt over kanalen), det er det sjeldan verdt.
Olaf, 28.09.2008, 20:31
Jepp, cafepress har bøker ja: http://books.cafepress.com/
Enig med deg om at det hadde vært fint med print on demand i Norge, skulle ønske et forlag kunne tatt intiativ til det.
Men så lenge jeg ikke blir oppdaga av et forlag så kommer jeg til å gå denne veien.
Alexander, 28.09.2008, 21:06
Er ikkje du oppdaga av Kelpie?
Olaf, 28.09.2008, 21:09
Nei, det var jeg som oppdaga dem.
Alexander, 28.09.2008, 21:19
Tusen takk, dette er et supert innlegg! Synd bloggen ikke har noen Sticky-funksjon...
Erik, 30.09.2008, 21:48
Nettserier.no - Nätserier.se - Webcomics.dk
Sidene er drive av Solstrand Tekst og Bobler, Søndre Tollbodgate 17, 9008 TROMSØ. E-post: post@nettserier.no. Vevmeister: Olaf Moriarty Solstrand.








