
| Siste blogginnlegg | ![]() |
Nyaste blogginnlegg av Olaf Moriarty Solstrand:
- Academic Perspectives on Comics
- Nettserier-året 2008
- Nisse til salgs
- Populærkultur
- Statistikk
- Nokre små forandringar ...
- Pacham og andre ting eg lager
- Julesalg 2008 - 20 % rabatt på det meste av seriar
- For Kandajha
- Dor, Graff, alvar og Veum
Nyaste blogginnlegg av andre forfattarar:
- servietter og sånt
- gjemte figurer
- tegneseriekurs.com
- Canoot! i Pondus-bilaget!
- Tegneserietalenter i Vestnytt
- I gang igjen!
- I need your help, motherfuckers!
- Edderkopp-Mannen Error
- ZiP GuN BoOGiE
- 66 - coming to your PC/mac/tunge jobbdata/annet
- Hvordan ser DU ut?
- glad
- Hvilken serie er best?
- Stø kurs
- Ett år...
- HJELP Meg!
- Nytt godtår!
- Avslutningen på julespesialen ...
- Hybellivet i Lokalavisa! : D
- Serieferie - Julenummer! OBS! OPPDATERT BLOGG!
Rah! RAH! ...pppphtus?
Olaf Moriarty Solstrand, 15.09.2008, 09:48
Alle som vil vera hippe, kule og trendy skriver Raptus-bloggar for tida, verkar det som, og eg vil veldig gjerne prøve desperat å vera ein del av gjengen. Så... Kva kan eg skrive om Raptus som ikkje Sondre, Hanne, Erlend og Håkon allereie har skrive?
Vel, Raptus er Raptus. Noregs beste teikneseriefestival og alt det der. Kom meg ikkje nedover i fjor, så eg skuldte meg sjølv å ta turen i år. Så fekk det heller vera at festivalen i dag hadde ei ganske kjedelig gjesteliste -- når alt kjem til alt er det ikkje gjestane eg drar til Raptus for, det er det sosiale samværet med andre serieskaparar, og spesielt gjengen frå Nettserier (med tanke på at eg ikkje eigentleg kjenner andre serieskaparar).
Vorspiel
Mitt Raptus-eventyr starta i mai/juni, trur eg. Omtrent på den tida sendte eg ein e-post til Raptus og nevnte at dersom dei var interesserte i det kunne eg godt stille på programmet i år. Eg slengte inn ein notis om at eg skulle til Raptus uansett sånn at dei ikkje trengte å spandere fly og hotell på meg, og det blei dei sikkert glade for. Eg fekk svar frå Frode Haaland om at det høyrdes interessant ut og at dei skulle tenkja på det, og at eg måtte purre om eg ikkje høyrde frå dei innan ein månad. Eg purra. Og så purra eg igjen nokre veker seinare. Så kom plakaten, vi fekk vite at programmet kom nokre dagar seinare, og eg stod verken på plakaten eller gjestelista, så på det tidspunktet gjekk eg ut frå at då hadde dei vel ikkje plass til meg på gjestelista. Fint, tenkte eg, då får eg helga fri til å slappe av.
Så feil kunne eg ta. Berre ei veke eller to før festivalen blei eg kontakta og satt opp på programmet. Trur dei spurte meg om laurdag klokka tre høyrdes greit ut, og det svarte eg sjølvsagt ja til -- hadde dei nevnt i same slengen at det var samtidig som showet til Mads Eriksen, hadde eg kanskje tenkt meg om to gonger, men eg fekk iallfall ein programpost, og all PR er god PR.
Seinare ringte Frode meg og spurte om eg kunne tenkja meg å steppe inn og hjelpe til på enno ein programpost: Det mennesket som eigentleg skulle intervjue Freddy Milton på fredag kunne ikkje vera der, og dei trengte ein reserve som kanskje kunne litt om Donald. Eg sa at det kunne eg sikkert gjera.
Resten av planleggjinga gjekk overraskande greitt. Eg nevnte tilfeldigvis for Arne på telefon at eg jakta på hotell, og han foreslo at eg kunne campe på tremannsrom med han og Eirik. Widerøe har klart å setja opp eit direktefly mellom Tromsø og Bergen -- det går utruleg sjeldan, men det gjekk i perfekt tid på fredag. Eg kunne stå opp i normal tid på fredag og likevel vera i Bergen i god tid før dørene opna, og eg kunne få med meg det meste av sundagen på Raptus og likevel lande i Tromsø lenge før leggetid. Så fly og hotell gjekk overraskande greitt, og eg var klar for min tredje Raptus-festival.
Fredag
På telefonen hadde Frode sagt at han kunne sjekke om dei hadde nokre bilar på Flesland omtrent når eg landa slik at eg kunne få skyss til Bergen. Etter dette høyrde eg ingenting frå han, så eg titta meg omkring i ankomsthallen og såg ingen som såg ut som om dei venta på meg, og sette meg på flybussen. DÅ ringte sjåføren min og lurte på om eg var på Flesland. Dei hadde ikkje tatt høgde for at eg skulle lande femten minutt før tida ... og det forstår eg godt. Det var strålande sol både i Tromsø og i Bergen og alle stadar midt mellom desse to byane, kva er eigentleg oddsen for det? Eg tok flybussen inn til byen og spaserte ned i Grieghallen, og var kjempestolt over å finne vegen frå busstasjonen til Grieghallen utan kart med tanke på at eg har stedssans som Schrödingers katt.
I Grieghallen sat allereie Arne og Eirik på standen til Laksevåg forlag, som var plassert tett inntil Nettserier-standen. Eg fekk vite at før eg kom hadde vi hatt mykje betre plassar i hallen, men så hadde dei som rigga utstilling ikkje vore fornøgd med lysforholda sine og spurt Arne om vi kunne flytte oss, og det hadde han sagt ja til. Så ... standen blei plassert lengst inne i ein krok i kjelleren på Grieghallen, bak ein barrikade av bergensarar frå Tegneloftet. Jaja, eg hadde ingenting å selja i år, så det gjorde meg lite. Før dørene opna kom eg på at eg skulle løpe rundt med PC-en min og bruke webkameraet til å fotografere folk på standen for å vise korleis det stod til med oss. Dette var dei einaste fire bileta eg tok denne helga, så om folk vil ha biletmateriale til å backe opp alle desse tørre orda anbefaler eg Flickr-sidene til Raptusfestivalen, og oppfordrer alle som faktisk dreiv og fotograferte litt til å leggja ut blinkskota sine her.
Dørene opna, og folk byrja etterkvart å dukke opp. Mange kom innom for å helse på. Eg hadde fått det innfallet å be alle eg såg dukke opp på standen signere ei Nettserier.no-T-skjorte, og det verka det ikkje som om folk hadde så mykje imot. Etterkvart gjekk eg og Arne til hotellet for å sjekke inn, samtidig som eg måtte gripe anledninga til å kjøpe ei skjøteledning sånn at vi fekk Nettserier-oppkobling på standen. Noko som var lettare sagt enn gjort, ettersom dei el-butikkane vi var innom hadde eit labert utval av skjøteledningar. Den eine hadde absolutt ingen, den andre hadde ein einaste type: forgreinarar med fem stikkontaktar og tre meter ledning. Skuffande kort og i overkant mange ting ein kunne plugge inn der, men det fekk halde, og det gjorde det heldigvis.
Då vi var på veg tilbake til Grieghallen, cirka klokka fem over fem, ringte Frode meg. «Kvar er du?» spurte han, merkbart stressa. «Eg er rett utanfor hallen no,» svarte eg. «Skulle ikkje du ha vore på ein programpost no?» «Eh... Nei, det var klokka seks.» «Å? Eh... Det stemmer. Freddy Milton har lyst til å snakke med deg.» Stakkars Frode. Milton hadde naturleg nok lyst til å slå av ein liten prat om kva eg skulle intervjue han om og sånt, så dei frivillige hadde gitt beskjed til Frode om at Milton leitte etter meg, og han hadde fått panikk og trudd at Milton hadde site aleine på scenen og venta på at nokon skulle kome og intervjue han. Det var heldigvis ikkje tilfelle, og så snart eg kom meg inn i hallen igjen hadde eg og Milton god tid til å sitja og prate om kva vi skulle snakke om under programposten hans. Ein programpost som forsåvidt gjekk ganske bra -- eg har aldri tidlegare intervjua folk på scenen, så eg kan ikkje seie så mykje positivt om min eigen innsats, men det var openbart at eg ikkje eigentleg var nødvendig der. Milton ville veldig gjerne ha nokon der som kunne stille spørsmåla slik at det ikkje blei til at han stod og snakka og snakka og snakka om seg sjølv, men han klarte likevel å snakke ei halvtime før eg fekk stilt eit einaste spørsmål ... Og når det endelig blei min tur å snakke, hadde han allereie beskrive i detalj alt det eg eigentleg hadde tenkt å spørja han om. Men vi klarte å bruke opp tida vår, og alt Milton sa var veldig interessant, så det var ei spennande oppleving.
Klokka hadde no blitt sju, og eg kunne spasere ned til Nettserier-standen igjen, der eg ikkje hadde hatt tid til å setja meg ned og slappe av sidan før eg gjekk på hotellet. Eg var eit par minutt for sein til å få med meg programpostane til Eirik og Tor Ærlig, og eg hater å gå inn på ein programpost etter at den faktisk har begynt, men det var eigentleg like greitt, då eg hadde store problemer med å velja mellom dei to allereie. Så vi sat og prata saman på standen istadenfor. Det byrja å bli ganske tjukt av Nettserier-folk der, og T-skjorta byrja å bli full av namn allereie. Før vi visste ordet av det var klokka åtte, og Raptus arrangerte duell. Ettersom eg ikkje ante kor lenge den kunne vare eller kven som var involverte i den, og eg hadde foreslått at vi kunne møtast på standen klokka kvart på ni for å gå ut og spise Nettserier-pizza, blei eg sitjande på standen ei time til. Eirik signerte det siste Arild-albumet ved sidan av, og alt var berre fryd og gammen. I løpet av heile fredagen kom eg meg altså ikkje på andre programpostar enn den eine eg var involvert i sjølv, og eg har litt dårleg samvite for det, men samtidig kan eg ikkje sjå at eg eigentleg hadde tid til meir heller.
Etter programslutt gjekk vi i samla flokk til Peppes Pizza. Der var det fullt, så vi gjekk like godt til Dolly Dimples og bestilte pizza til 21 personar. Eg hadde æra å bestille, og eg må ha klart å bestille halvvegs riktig, for når kvelden var over lå det berre to pizzastykker igjen. Sjølv om heile innandørsaspektet gjorde at vi sat relativt atskilt på fire forskjellige bord, hadde vi det vel relativt sosialt, og dei fleste lot som om dei hadde det fint.
Må forresten nevne at eg i løpet av pizzaen mottok det som var det absolutte høgdepunktet i heile helga: HerrBarium hadde tatt seg bryet med å ramme inn originalteikningane til den aller første Umbraco-sida, og var fast bestemt på å gi meg denne i gåve. Ettersom eg aldri har lagt skjul på at Umbraco er min klare favorittserie på Nettserier, var dette ei kjempeoverrasking som definitivt fekk meg til å trekke på smilebandet, samtidig som eg mista munn og Harald. Denne skal definitivt opp på veggen saman med Van Horn og Lauvik!
Laurdag
Saman med Arne og Eirik kom eg til Grieghallen i ellevetida. Programmet starta klokka tolv, og det hadde sikkert vore interessant å få med seg Torbjørn Lien snakke om Kollektivet (og det kan godt hende at Roger Mahoney òg hadde vore veldig interessant, sjølv om eg ikkje har veldig stor interesse for Andy Capp), men eg valde å prioritere å sitja i ro og tenkja over kva eg skulle gjera på min eigen programpost tre timer seinare, ettersom eg framleis ikkje eigentleg hadde peiling på kva eg skulle finne på der enno. Folk frå Nettserier dukka opp på standen jamnleg -- nokre berre stoppa for å prate, andre sette seg ned for å kvile beina, signere hefter eller teikne teikningar. PC-en min stod òg på standen mykje av tida, så enkelte benytta anledninga til å lese dagens Nettserier. Sjølv om eg synest at det var veldig koseleg at alle saman dukka opp, er eg spesielt imponert over at Alf (Torlekin) kom. Ein åtte timers køyretur Rena-Bergen og ein like lang køyretur for returen for å få med seg ein formiddag på Raptus står det skyhøg respekt av!
Klokka eitt tok eg meg tid til å gå på utdelinga av debutantprisen, og eg klarte å dra med Arne på dette av ein eller annan grunn. Vi gjetta raskt kven som kom til å vinne denne -- utanfor Småtroll møtte vi nemlig Håkon Hagesæther. Dette var første gong vi hadde møtt han heile helga, og han hadde på seg eit navneskilt der det stod «Debutant». Og om det skulle vera nokon tvil igjen: Etter at vi hadde gått inn og satt oss, kom Raptus-general Trond Stien bort til oss og kviskra til Arne «kven her er det som er Håkon Hagesæther?». Føyer meg inn i rekka av folk som har gratulert Håkon med ein velfortjent pris -- og godt å endelig få hilse på deg òg, Håkon. For å svare på ditt eiget blogginnlegg: Ja, det var nok bildene du har lagt ut på Nettserier som gjorde at vi kjente deg igjen, og nei, talen din var på ingen måte i ein dimensjon som kvalifiserer til å kallast «tragisk». Prisen var fullt fortjent!
Eit lite spark som går ut litt til Raptus og kanskje mest til Raptus-publikum: Skjerp dykk litt. Debutantprisen burde vera noko av det mest spennande på heile Raptusfestivalen. Eg synest det er trist at debutantprisen blir delt ut i den alle minste salen i bygget, og det er enno tristare at folk ikkje møter opp for å sjå på utdelinga -- vi var maks ti personar i publikum inkludert Håkon og prisutdelarane. Kom igjen, dette er spennande! Raptus' debutantpris er ein av dei største teikneserieprisane i Noreg, og det burde vi møte opp og støtte opp om! Samtidig kunne Raptus med fordel ha klart å skape meir show rundt prisen. Offentleggjer nominasjonar i staden for å berre invitere den eine personen som har vunne prisen! Trekk inn kjente serieskaparar til å dele ut prisen i staden for å bruke tilsette i Bergen Kommune! Då eg var på Raptus for fem år sidan klarte prisutdelinga å fylle storsalen, det var i tillegg stor kø utanfor som hadde lyst til å kome inn men som blei nekta inngong fordi det var fullt. At debutantprisen no skal vera forvist til minstesalen og berre klare å fylle ein tiandedel av denne er til å grine av.
Sjølv om debutantprisen varte i berre ti minutter, var alle dei andre programpostane så godt i gong at eg ikkje kom meg på nokre av dei (det er ein annan ting ... kvifor setja opp spennande programpostar som står i direkte konkurranse med debutantprisen? Debutantprisen har allereie få besøkande, og den får ikkje fleire av å vera på programmet samtidig som Michel Rodrigue og Zofies verden). Så det neste på programmet var den vanskelege klokka fjorten-posten. Fram til fem på to hadde eg framleis ikkje peiling på kvar eg skulle gå den neste timen. Dette var den verste kollisjonen i helga for meg: Maria José Nuñez skulle snakke om Donald og B-gjengen i Peer Gynt-salen. Nuñez teikna mi første Donald-historie og eg hadde såleis veldig lyst til å sjå ho, og allereie før ho blei sett til å teikna ein av mine seriar var ho min favoritt-B-gjengteiknar sidan Carl Barks. Samtidig hadde Fredrik Rysjedal ein presentasjon av digitale teikneseriar i Småtroll. Eg interesserer meg veldig for digitale teikneseriar, eg jobber med digitale teikneseriar, eg skriver masteroppgåve om digitale teikneseriar, og eg ville vite kva Fredrik snakka om fordi eg hadde programposten rett etter han og ville ha moglegheit til å svare på det han kom til å seie. Eg bestemte meg for å droppe Nuñez for vitskapens skuld, men det var ein veldig tricky kollisjon ... og samtidig kan eg ikkje kjefte på Raptus for det, ettersom eg sannsynlegvis er det einaste mennesket i verda det der var ein tricky kollisjon for. Alle andre gjekk sannsynlegvis for å sjå Inkalill.
Klokka tre var det min tur. Raptus hadde sett opp Fredrik Rysjedal som intervjuar, og det hjalp stort å ha han der. Han stilte dei rette spørsmåla for å halde ein levande samtale, og eg trur ikkje at resultatet blei alt for ille. Det var synd å gå glipp av Mads Eriksen, men eg hadde ikkje akkurat ein sjanse til å få det med meg når det kolliderte med min eigen programpost. Synd, eg høyrde til og med at han hadde anbefalt Nettserier. Jaja, eg fekk snakke om digitale teikneseriar i ei time, så eg kan ikkje klage.
Klokka fire gjekk eg spent opp trappa til Outland-standen for å få med meg signeringa til Nuñez. Der oppdaga eg at den signeringa sjølvsagt var flytta til klokka tre. Pokkker. Den EINE signeringa eg er interessert i heile helga, og den kolliderer med mitt eiget foredrag? Sjølvsagt fann eg ikkje ut dette før det etter min rigide definisjon var for seint å snike seg inn på Øyvind Sagåsen / Karine Haaland. Så eg tok heller nokre telefonar, snakka med diverse menneske, gjekk på nett for å betale fakturaen eg hadde fått for standleie, hang lenge på standen for å konversere med diverse menneske og iaktta HerrBariums eksperiment med å lage kunst av Morten M, og før eg visste ordet av det var klokka ti over seks. Huh, då hadde eg effektivt klart å gå glipp av både auksjonen, Jippi presenterer og den nye støtteordninga for teikneserieutgivarar. Synd.
I sjutida var eg i andre etasje for å spasere omkring og titte på standane der oppe. Eg møtte på Bård, som såg ut som om han hadde same idé, og idet vi småprata litt ropte dei opp på speakeranlegget at det no skjedde noko mystisk i Peer Gynt-salen. Spennande. Vi gjekk inn og sette oss, men det var i overkant mystisk for oss -- det gjekk eit kvarter utan menneske på scenen, og etterkvart fekk vi ein beskjed om at ting blei litt forsinka fordi ingen eigentleg visste kva som skulle skje der. Eg gjekk igjen, og vi fekk slått av ein prat med Inkalill på vegen. Bård gjekk tilbake til salen då det verka som om det kunne byrja å skje ting, men eg syntes ikkje det verka så spennande lenger, så eg gjekk heller ned til standen igjen.
Der må vi ha hatt det veldig gøy og ha irritert resten av etasjen veldig grundig med youtube-surfing på relativt stor skjerm og høgt volum. Når eg blar gjennom Opera-historikken min finner eg ut at vi rakk å sjå på både Piet Piraat, Steklovata, Bearforce1, Fredy Miler, Dario Von Slutty og Samwell før klokka var åtte og vi blei kasta ut.
Eg må ærleg innrømme at dette er første gong er er på Raptus for eiga regning. I 2003 meinte Egmont av ein eller annan grunn at det ville vera smart å sende meg til Raptus, i 2006 fekk eg reise og opphold spandert av Raptus fordi dei ville ha meg med i ein paneldebatt. I år betalte eg alt sjølv, og det var nok hovudgrunnen til at eg droppa banketten. Eg er sikker på at dei som møtte opp der sannsynlegvis hadde det veldig koseleg, for det pleier å vera eit godt måltid, men det var heile greia med å bruke fire hundre kroner på middag, då (eller kva det no var banketten kosta i år, meiner at det var fire hundre for to år sidan). Og før eg får refs for å ikkje skjønne at det er den sosiale opplevinga serieskaparar imellom ein betaler for: Hah. Det er ikkje som om eg under banketten i 2003 sat og skravla nonstop med Will Eisner. Ein havner ved same bord som folk ein kjenner godt frå før, sånn er det berre. I forfjor prøvde eg å vera sosial etter at middagen var over, men då byrja dei fleste å gå på byen, og sjølv om eg hadde det veldig koseleg med å sitja og prate med Inkalill i ei time er det noko eg har gjort andre stadar heilt gratis. Så eg følte ikkje at det eigentleg var verdt det å byrja å stresse med å kome meg inn på banketten. Vera sosial med folk eg kjenner frå før klarer eg å gjera langt billigare. Det blei til at Eirik, Arne, Tomte, Vanja og meg gjekk på Peppes istadenfor (fun fact: vi sat ved nøyaktig same bord som det vi sat ved på Nettserier-pizza for to år sidan), og det var frykteleg koseleg. Det følast framleis underbevisst feil å dra på Raptus utan å få med seg banketten, men det var eit val eg valde å ta.
Sundag
Sundagen gjekk mest med til familiebesøk og slikt for min del, i tillegg til at eg faktisk klarte å oppleve litt av festivalen, så eg var ikkje så mykje på standen den dagen. Klokka tolv klarte eg å kome meg på den andre programposten til Nuñez, og utan at eg hadde fått det med meg hadde dei heldigvis flytta den andre signeringa hennes til sundag klokka to (eg trudde den var klokks fire, når eg burde vera på Flesland), så eg klarte å kome meg inn i ein signeringskø og slå av ein prat med ho. Ho signerte gladeleg mitt eksemplar av Donald Duck & Co 26/2003, og då eg fortalte at det var eg som var manusforfattaren av historia, smilte ho opp og fortalte meg at det var ei veldig interessant historie å jobbe med.
Alt i alt hadde eg ei kjempefin helg. Med meg heim hadde eg i tillegg til Umbraco-originalen og diverse andre ting (inkludert nokre Arild-album som snart kjem ut i nettbutikken) ei ekstra ekstra stor Nettserier-T-skjorte signert av noko sånt som tjuefem Nettserier-teiknarar. Kva som skjer vidare med denne T-skjorta er ikkje bestemt enno, men eg vurderer å leggja den ut for auksjon til inntekt for eit godt føremål.
Takk til alle som medverka i å gjera denne helga fin, og takk til Raptus for ein fin festival. Eg er einig med dei som har uttalt at gjestelista var skral i år, og eg synest òg at det var få som hadde stands i år. Men alle kan ha eit dårleg år, og for alt eg veit kan det hende vi får Bill Watterson, Alan Moore, Art Spiegelman og Scott McCloud på programmet for Raptus 2009. Så eg krysser fingrane og ser framover. Alle dei sosiale grunnane til å dra på Raptus var definitivt tilstades i år som alltid, så får vi håpe at det betrer seg programmessig til neste år.
Kommenter denne artikkelen
Du må vera innlogga på Nettserier.no for å kunne skrive kommentarar. Dersom du ikkje er registrert brukar her, er det heilt gratis å registrere seg.
Logg inn
Kommentarar til denne artikkelen (8)
Yesss, langt og detaljert referat, som jeg akter å lese hvert ord av, straks jeg blir tilstrekkelig våken og har noe snavvel å knaske på... (
Frk. Blips, 15.09.2008, 10:09
Hæ? Hvor kom den parantesetterslengeren fra? Jeg er visst ikke helt våken, nei.
Frk. Blips, 15.09.2008, 10:10
Tok litt tid å komme seg gjennom, men veldig interessant blog. Får dog litt inntrykk av at Raptus er litt dårlig satt sammen, men jeg vet jo ikke hvor mye det egentlig er som skjer i løpet av helgen. Bare virker som om det generelt var mange ting som skjedde samtidig...
Rhythmatist, 15.09.2008, 12:17
Rhytmatist: Dei har førtifire timer program og nitten timer å gjennomføre det på. Då må nokre ting skje samtidig.
Olaf, 15.09.2008, 12:36
Den sosiale biten er nok for meg når det gjleder Raptus får jeg inntrykk av. Flott med ekstra bord og stoler på Nettserierstanden Olaf. Fint å ha en plass å bare sitte å prate med folk. Selv om jeg for det meste satt på Laksevåg/Serieligaen-delen av langbordet.
Satser på å dra en tur neste år også, uavhengig av gjestelisten. Raptus funker uansett.
Skal nok etterhvert blogge selv også, men trenger kanskje noen dager før jeg kan jobbe fullt og helt med den.
Torgeir, 15.09.2008, 16:26
Nettserier-standen var en herlig twilightsone og det var inderlig godt med et slikt hjem, jeg vil kalle det hjem, man kunne komme til og bli møtt av en vegg vennlige fjes. Håper standen har fungert bra som reklameskilt også, i tillegg til motell for oss lillaskjorter.
Så altså, Olaf, du har vært en helt med denne standen. Det kan ikke gjentas for ofte.
Apropos gjestelista, synes det var greit at den ikke var så interessant for meg i år. Det hadde vært tragisk å gå glipp av folk som Watterson eller en gjenopplivet Barks, som jeg sikker hadde gjort om de sto på plakaten.
(Skal hoste opp en blogg selv, men nå er jeg groggy. Nattog må være det eneste fartøy i bevegelse jeg ikke klarer å ta en blund i.)
HerrBarium, 15.09.2008, 23:02
Det har vært en del snakk om Raptus-sidene på Flickr, på tide med en link. (Prøvde først å søke på "raptus" og fant mye rart men lite om tegneserier...)
Noen som vedkjenner seg denne personligheten her forresten? ;-)
Won-Tolla, 15.09.2008, 23:38
Himmel og hav, dette er jo en mindre bok! :P
Men ja, veldig fin blogg! Interessant lesning.
Alexander Slotten, 27.09.2008, 12:41
Nettserier.no - Nätserier.se - Webcomics.dk
Sidene er drive av Solstrand Tekst og Bobler, Søndre Tollbodgate 17, 9008 TROMSØ. E-post: post@nettserier.no. Vevmeister: Olaf Moriarty Solstrand.








