![]() | Siste blogginnlegg | ![]() |
Nyaste blogginnlegg av Brage Hammeren Pedersen:
Nyaste blogginnlegg av andre forfattarar:
- To muffins
- Rocky på DVD
- Deppaaaa
- Alle er vinnere
- Pacham og andre ting eg lager
- Serieskaperkurset SPARK på Serieteket
- Saga Blått og Egg
- Plagiat eller parodi?
- Tips mottas med takk - mennenes tale
- Serieferietreff hjemme hos Bernhard!!
- Plakat! Ferdig og gratis! OPS! MYE STØRRE VERSJON TILGJENGELIG!!!!!
- Julesalg 2008 - 20 % rabatt på det meste av seriar
- Svensk Tintin parodi
- Misantropo...hvaforno'?
- KOnK gjenoppstår! (litt)
- Hvem er fri og ferdig frankert?
- Føkk...
- Webcomic anbefailing : Amazing superpowers.
- Bamboo
- Tegnebord
Den Danske Muskatnød
Brage Hammeren Pedersen, 25.03.2008, 10:12
Som eg sit her med kaffikruset i kantina på skulen og har fri i to timar, og medan eg no likevel ikkje har særleg mykje anna interessant å drive med, tenkte eg at eg kunne skrive eit blogginnlegg om Den Danske Muskatnød, som jo er eit relevant emne for meg å skrive om her på nettserier.
Det er veldig hyggeleg å sjå at serien har fått så god respons berre det fyrste døgnet han har legi ute. Etter oppfordring frå fleire, og etter mykje irritasjon for min eigen del, vil eg heretter tusje alle bidrag med filtpenn eller pennesplitt slik at skrifta i rutene blir lettare å lesa (dei heilsidarane eg til no har lasta opp var ikkje laga med tanke på å lesast på skjerm). Til no ligg det 6 heilsidarar ute, ein kjem i morgon, og fleire vonleg innan kort tid. Eg vurderer òg å leggje ut nokre av dei eldste Muskatnød-stripene, frå 2006. Eit godt råd er å sjekke sidearkivet.
Tusen takk til alle som hittil har lesi og kommentert Den Danske Muskatnød. Som "newbie" gleder eg meg òg til å lesa fleire av dei mange geniale teikneseriane som ligg her på nettserier. Det er flott at det finst eit slikt forum på norsk! Keep up the good work ^^
Kommenter denne artikkelen
Du må vera innlogga på nettserier.no for å kunne skrive kommentarar. Bruk verktylinja øvst på sida for å logge deg inn eller registrere deg som brukar.
Kommentarar til denne artikkelen (3)
Vær hilset! Etter å ha sett det du kroter ned, er jeg glad for at du fant veien hit.
HerrBarium, 25.03.2008, 13:29
Eg takkar og bukkar! Kanskje eg heller burde kommentert direkte der, men eg var inne og såg på serien din Umbraco, som er, i mangel på eit betre ord, utruleg bra. Kreativ og litt tørr humor, det likar eg =)
hamp, 25.03.2008, 13:42
Velkommen til deg. Det blir superflott når du begynner å tusje.
Nettserier er hyggelig for alle.
Deloty, 25.03.2008, 15:46
nettserier.no blir drive av Solstrand Tekst og Bobler, Søndre Tollbodgate 17, 9008 TROMSØ. E-post: post@nettserier.no. Vevmeister: Olaf Moriarty Solstrand.

